Torsdag 06.09.18 ( - av Vinkel)


Gunnhild sin bursdagsfest.

«Hei! Peter! Ta deg ei øl då!» Ivar veivar med ei flaske og er på tilbodssida. Han veit at eg ikkje vil ha. Eg må riste på hovudet og smile, han nikkar og seier det er greitt. Det er det same kvar gong; folk spør om eg vil ha drikke, eg seier neitakk. Fleire gonger i løpet av kvar fest. Som eit rituale eg må gjennom.
Og så pleier det å vere nokon som spør: «Men kan du ikkje drikke fordi om du er kristen?». Klart eg kan det. Det står i Bibelen at alt er lov, men det er ikkje alt som gagnar; altså ikkje alt som er bra. Eg treng berre å sjå meg rundt her. Der er Gunnar. Han måtte flytte i fosterheim på grunn av foreldre som drakk. Og Elise har ei søster som sit i rullestol på grunn av ein fyllekøyrar. Når eg er så heldig å kjenne Gud, og han ber meg elske min neste; kvifor skal eg då buke alkohol?
Eg er ein person som tenker nøye gjennom kva eg gjer og kvifor. Det må vere samanheng mellom dei verdiane eg står for og det eg gjer. Ettersom Ivar sette an tonen med eit dikt, kjem eg på ei linje frå Ibsen sitt stykke om presten Brand som sa «Vær ikke ett i dag, i går, og noe annet om et år. Det som du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt».
No gjekk det ikkje så bra med Brand i stykket til Ibsen, men det var det vel fleire årsaker til. Det ville ikkje gått så bra om alle var som Per Gynt heller. Vingle hit og dit og ikkje stå for noko som helst.
Altså, eg likar festar til eit visst punkt. Før folk byrjar å snakke utydeleg og bli sure eller lei seg. Festane startar alltid hyggeleg og eg kan vere einig i at det er lettare å få praten til å gå når folk har drukke litt. Det skjer noko med stemninga. Alle forventar at gode ting skal skje. Det blir på ein måte lov å gi komplimentar, vere vittig, gi ein klem. Det er akkurat som alkoholen blir eit signal om at «No skal vi ha det gøy!» Sannsynlegvis kunne det same skjedd om vi bestemte oss for å bytte ut øl med partybukser. Som at «No har vi tatt på dei rare buksene! Det er signalet for at moroa kan byrje!» 
Etterkvart pleier festane å bli sånn.... Ikkje så trivelege lenger. Folk byttar liksom fjes og eg får ikkje kontakt lenger. Då ser eg berre rotet og tenker på at det blir mykje å rydde opp i dagen etterpå. Ein ting er sikkert. Så lenge eg brukar partybukser i staden for øl, slepp eg i alle fall å bli bakfull.

 


Onsdag 05.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild og Sara bankar på i 2. etasje, møter Ivar og Luna og får kiwi-øl.

 

Torstein slappa av på senga etter ei treningsøkt. Luna kom innom rommet hans og sa med eit lurt smil: "Det skal vere fest i første etasje på torsdag, og alle er invitert". Ho blunka til han: "Og Sara nemnde deg spesielt". Han kasta ei pute på henne og flirte: "Hold kjeft. Kan ikkje stole på eit ord du seier!" Men inni seg kjente han at han vart glad. Han hadde sett eventen som Sara hadde laga på facebook. Han skulle nok kome.
Men Luna, altså... kunne ikkje stole på henne eitt sekund. Tidlegare i dag hadde ho tatt telefonen hans medan han var i dusjen, og trur du ikkje ho sendte melding til gymlæraren: "«Ettersom eg har den beste kroppen i klassen, vil eg gjerne få vist meg meir fram i gymtimane. Ok at eg demonstrerer eit par oppvarmingssett i morgon?» Crazy bitch....

Der tikka det inn ei ny melding på telefonen.. kven var det frå..? Å, søren, det var ho der igjen. Ho der...Marianne. At ho ikkje kunne forstå at han ikkje var interessert! Dei greiene i sommar var jo berre på tull, han hadde ikkje rekna med at ho skulle legge så mykje i det. Han vart heilt stressa av slikt. Kva skreiv ho no? "Kvifor spelar du så hard to get?". Nei, dette gadd han ikkje svare på.

Så Sara hadde nemnd han spesielt? Ho var litt vanskeleg å skjøne seg på, men dei hadde drive på lenger enn nokon andre han kjende. På og av sidan første skuledag. Sara var veldig..grei. Kunne til og med prate med henne, hvis det var seint på kvelden og han hadde nokre øl innabords. Våren hadde vore fin. Så kom sommarferien.
Helga før skulestart hadde han ordna DEN festen, skikkeleg kult opplegg både lørdag og søndag, men Sara hadde han nesten ikkje sett. Ho verka liksom så overlegen og uinteressert.
Å, jenter! Det var heilt umogleg å forstå seg på dei. Torstein sukka tungt, lente seg bakover og la ei pute over hovudet. Bitches be crazy....

 


Tysdag 04.09.18 ( - av Vinkel)


Alex øver på musikkrommet når Sara og Gunnhild bankar på for å spørje om det er greitt at dei har torsdagsfest.

Det var ikkje det at han var perfeksjonist, men lyden måtte sitte. Dette skulle bli det beste han hadde laga. Stemma byrja å bli hes, men det kunne vere akkurat det som skulle til for at brølet skulle bli sånn som hadde tenkt. Han gjorde eit nytt opptak. Var kome ut av tellinga. Vel, kanskje han var litt perfeksjonist, då.

Det var ikkje fordi han på død og liv skulle vere original. Det var strengt tatt umogleg i dagens samfunn. Det meste var gjort av nokon frå før. Musikken, kleda, stilen, meiningane, ideene. Men Alex lukkast med å både vere ein outsider og maxe seg sjølv i systemet. Kven andre såg ut som han, røyka, var kreativ og fekk toppkarakterar til og med i matte? Vel, kanskje litt behov for å vere original.

Det betydde jo ikkje at han følte seg betre enn andre. Andre var berre opptatt av ...andre ting. Mange likte å ha det enkelt. Musikken skulle helst kunne spelast på alle radiokanalar. Spørsmål som meininga med livet og kva er den optimale styrken på eit brøl, vart møtt med tomme blikk og usikre smil. Dei likte enkle ting som festar, streva etter likes og hadde overfladiske forhold utan meining og djupn. Smalltalk og sosiale konvensjonar. Vel, kanskje han følte seg litt betre enn andre, då..

Det var ikkje det at han var ein loner. Han var tross alt eit menneske, og ein venn. Sara, for eksempel, var heilt anleis enn han, men ei god venninne. Dei var blitt godt kjent førre skuleår. Ho var morosam og lett å vere med. Ikkje så komplisert, men ekte. Ho var jo veldig opptatt av Torstein, då. Og no var det Gunnhild. Alex kjente litt uro: Hadde han vore for open med Sara? Vart ho skuffa då ho skjønte korleis han egentleg var?
Vel, litt loner var han.

Snart sit det. Brølet.


Måndag 03.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild møter Torstein for første gong - og vaktmeistaren i gymsalen.

 

Skal eg vere ærleg, er eg litt skeptisk til dette nymotens miljøreinhaldet. Før i tida brukte me grønnsåpa og visste at det vart reint. Me som var vaktmeistarar dreiv no elles mest vedlikehald, snikring og slikt. Det var vaskedama som tok seg av moppinga.
Jaja, det er lett og fint arbeid, kan ikkje seie anna, her eg går.
Ikkje alt var betre før, det er i alle fall heilt sikkert. Det er mange som klagar over ungdomane no for tida, men det er berre tull. Dei var mykje verre før. Eg hugsar godt den tida eg måtte fikse øydelagde ting rundt skulen etter kvar helg, plukka knust glas og skåle vekk oppkast alle stader. Det var fleire som var frekke også. Det var vanlegare å høyre høglydt dritslenging og banning.
Verstingane var det eg som fekk. Ikkje så mykje spesped i dei tider. Når lærarane var leie, var det ut på gangen med dei, og så kom dei tuslande til meg. Men sjølv den verste uromakaren kunne vere god på botn, det erfarte eg ofte Eg fann som regel noko dei kunne putle med; byte lyspærer eller feie trappa. Men eg prioriterte alltid å få tid til ein prat også. Mange gonger delte eg nista mi med ein rabagast som ikkje hadde foreldre som sytte for at det var brød i boksen. Det var meiningsfullt, tykte eg, og eit par av karane har helde kontakten opp gjennom åra. Han eine ringde faktisk førre veke og fortalde at han var vorten far i vaksen alder. Fint å høyre at han hadde slege seg til ro; han fekk eit turbulent liv.
Nei, ungdomane i dag er kjekke. Trenar, lese lekser, er greie.
Der går det i døra, kven kan det...?
"...og hvis du hadde sett det hadde du vore ein pedo i tidsmaskin!"
......

"Har du sett Peter? Helgheim?"

Det er klart, noko har forandra seg med åra, og det er ikkje alt eg klara å henge med på. Data for eksempel. Sosiale medier. Tidsmaskiner og sånt. Nei, det er mykje eg ikkje veit noko om.

 


Sundag 02.09.18 ( - av Vinkel)

Sara kjem heim og finn Gunnhild på sofaen. Gunnhild har «feira» bursdagen sin aleine og Sara ber henne fortelje kva som er gale før ho klikkar.

 

Sara er kjempesliten. Det har vore ei travel helg. Ho har vore med gamle venner i Sogndal og... ja... venner og venner.... det føltes egentleg mest slitsomt. Akkurat som ho ikkje kan vere seg sjølv saman med dei lenger. Er det ekte venner når ein er nødt til å fake gjensynsglede? Ta på maske, liksom? Godt å kome tilbake på hybelen. Lurer på om Torstein er komen tilbake også?

Kva gjer Torstein på for tida, forresten? Kvifor virkar han så uinteressert? Dei har jo knapt snakka saman etter at skulen starta. Så mykje som dei var ilag i vår, og alt det fine han sa! På sin måte då. Torstein er jo ikkje den typisk romantiske kjæresten liksom, men ho var blitt så godt kjent med han og oppdaga at han var skikkeleg fin. Klart han er jo veldig fin å sjå på, men han var fin inni og. Før dei tok sommarferie hadde han fortalt så mykje om seg sjølv, kva han var redd for, triste ting han hadde opplevd og slikt. Og det gjer ein jo berre til veldig gode venner. Det er jo ikke alle ein føler det naturleg å ta av maska for. Så ho må vel bety noko for han? Han vil vel ikkje berre kutte henne ut sånn utan vidare? 
Oj, her er jo Gunnhild! Har ho vore på hybelen heile helga? Så trist ho ser ut. Like trist som då ho dukka opp med tårer i augo på workshopen til dramaklassen. No MÅ ho berre fortelje kva som plagar henne. 
"Hei! Eg heiter Sara og forlangar å snakke om dine følelsar.
- Men mine eigne er det ingen som får vite noko om".

 


Onsdag 29.08.18 ( - av Vinkel)

Lasse slår opp med Gunnhild.

 

Eg kjenner at det kriblar i heile kroppen når eg tenker på at han er blitt min. Og at han skal gjere det slutt med Gunnhild i dag på grunn av at han likar meg betre. Eg føler meg berre så... prinsesse, eller noko slikt. Han gjer liksom alt for meg. Han hentar og køyrer meg overalt og til helga skal han kjøpe øl, både til meg og Silje. Og så er han så omtenksom og seier at han skal nok passe på meg når vi er på festen, og så blunkar han. Hihi..
Men tenk at han har vore saman med Gunnhild frå A-klassen, det er jo litt rart egentleg. Men det er klart... Lasse har jo eit rykte. Han har vel ikkje vore mors beste barn. Eg har ikkje sagt noko til mamma heller, eg, enda.

Men no vil alt forandre seg. VI har allerede snakka om at han må vaske bilen. Den er jo heilt svart både inni og utanpå. Og så berre MÅ han klippe seg. Håret hans er litt.. teit. Trur det blir kjempefint om han får maskinklipp. Så ser det litt meir normalt ut, sa eg til han. "Normalt...?" sa han, men det er klart det ER mange ting han ikkje heilt har greie på. Sosiale medier og sånt. Men eg skal hjelpe han så godt eg kan.

I går var så fint. Vi sat i bilen hans og kyssa og han vart heilt oppslukt, henedene hans var overalt og han kunne nesten ikkje styre seg. Hihi… - men det må han inntil vidare. Vi sender jo bilder og sånn, men han kan ikkje få alt på ein gong. Men eg følte at vi var skikkeleg nære og eg kviskra i øyret hans at "Lasse...du kan bli ein heilt fantastisk person.."

 


Tysdag 28.08.18 ( - av Vinkel)

Lasse ringer til Gunnhild og ber henne snakke med mor si. Ho har kjefta på han for at han har sendt henne porno, sier han.

 

Det hadde no alltid vore noko med den Kvam-familien, heilt sidan dei kom flyttande frå Reed. Så høglydte, liksom. Gjorde så mykje utav seg når dei var blant folk. Budde oppi fjellsida utanfor allfarveg. Så avsides at dei kunne ha myrda nokon utan at det vart oppdaga. Nei, det kom visst feil ut... meiner jo ikkje at folk er potensielle mordarar berre fordi dei er litt utanfor.
Ikkje noko imot tilflyttarar, sjølvsagt; til Høyanger har det alltid kome folk frå andre stader. Som industribygd er vi vande med at alle slags typar kjem flyttande for å jobbe for kortare eller lengre tid. Ikkje alle har ei lang historie med god slekt å vise til.

Det er ikkje det at dei ikkje blir inkludert. Dei er venner på facebook, faktisk. Ho får ikkje så mange likes på ting ho legg ut, då.....Er no ganske uinteressante innlegg ofte. Slik er det; nokon skjønar ikkje heilt kva det går i.

Ho tok kaka i dag, då, på Coopen. Guten hadde fått ei skikkeleg overhøvling, det var umogleg å ikkje få med seg ettersom ho stod bak hylla i nærleiken av kjøtdisken. Porno var det snakk om. Ja, det var visst dotter til ho Kvam som hadde rota seg borti noko. Var det ikkje likt seg. Tilflyttar han også, høyrdes det ut som.

 


Måndag 27.08.18 (- av Vinkel)

Gunnhild får eit bilde på telefonen frå Lasse midt i norsktimen.

 

Eg er The Grammarqueen, og i tillegg ganske god på analyse. Dikt kan eg. Spør meg gjerne om dikt. Terje Vigen - eit episk dikt der vi ser etter forfattarens synsvinkel, person- natur- og miljøskildringar, kva betydning har bruken av verkemiddel, er historia i diktet kronologisk eller gitt som tilbakeblikk. Kanskje som eit frampeik?

Eg er The Knowledgequeen. Men lyttar til det du har å seie.
Du burde kanskje gjort eit anna sjangerval, gjerne dialog. Ein dialog er ei meiningsutveksling som har til hensikt å skape forståing og bygger på gjensidig velvilje, openheit og samarbeid mellom partane. For å ha ein dialog må samtalen bære preg av at dei involverte partene lyttar til kvarandre før dei formidlar sine eigne synspunkt. Karakteristisk for ein dialog er at partane held seg bevisst opne for kvarandre sine tankar, og ikkje prinsipielt tek sikte på å motbevise dei.

Men eg forstår at du heller har valgt monolog. Så lat meg ta utgangspunkt i det når eg gir deg mi vurdering. Monologen er ein vanskeleg sjanger å fremføre. Ein god tekst er ikkje nok, då stemmebruk, pusteteknikk, uttale, blikkontakt, kroppsspråk, tempo og rett plassering av pausane er viktige faktorar for om monologen blir vellukka eller ikkje.
Etos, logos, patos? Jadå, du er ein truverdig avsendar, du formidlar logisk kunnskap og monologen din får fram - kjensler.

Men hugs; det er den intelligente og reflekterte bruken av kunnskapen som skaper den gode besvarelsen i norsk som i andre fag.

Min indre monolog får du aldri høyre. Men eg tenker: Karakteren din blir ein svak firar. Så ver så snill, jobb litt hardare neste gong. Kanskje du skal droppe avspaseringa i haustferien, faktisk. For dette nådde ikkje heilt opp.

Eg er ikkje redd for kjensler. Men skam har eg hatt nok av. 

 


Fredag 24.08.18 ( -av Vinkel)

Klippet der Gunnhild ber Tina om å ikkje spre ryktet vidare og Tina seier ho har snappa det.

 

Torstein hang med Stian og Joachim på rommet, dei skulle snart gå og trene. «Du må nett sjå denna, Torstein, denna va drøy! Detta e ei dama fø deg!» Stian snakka høgt og med latter i stemma medan han bøygde seg mot Torstein for å vise han noko han hadde lagra på telefonen. Snapen gjekk om og om igjen, og Torstein fekk sjå ei jente med bustete hår og capsen på tvers fortelje om onanering med my little pony. Og sjølv om ho sa «neida, eg berre tulla!» så var bileta alt laga i fantasien til gutane. Dei brølte av latter.

Jenta var møkings, det var klart. Torstein såg litt grundigare på henne. Kvar hadde han sett henne før? Jo, det måtte vere ho der... ho der som var flytta inn med Sara og dei i første. Tykte det var noko kjent. Hugsa ikkje om han hadde høyrt namnet.

Torstein blunka til Stian: «Ho her er nok klar for litt av kvart!» Han nikka mot den andre kameraten: «Kanskje sjangs for at Joachim kan få seg noko og no då!». Dei lo høgt igjen. Joachim skar ei grimase til svar og gav Torstein fingen. Fælt til mas om at han var jomfru!

 


Torsdag 23.08.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild er bakfull, kastar opp i ei søppelbøtte og må gå heim att.

 

Det var jo så mange som hadde høyrt det på festen, og Gunnhild hadde jo sagt det sjølv, så det kunne knapt kallast sladder. Tina rettferdiggjorde spreiinga av nyheiten for seg sjølv. Det var jo hysterisk morsomt at My little Horny hadde dukka opp i klassen hennar! Sondre i Høyanger var den første som fekk høyre det. Ettersom Tina hadde lukkast med å fange deler av Gunnhild si forestilling på snap, vart det førstehandsinformasjon. Etter å ha sendt det til Sondre, gjekk det ut til alle andre som ho syns ho kunne stole på. Ikkje kven som helst altså, det var ikkje vits i. Berre venner. Og eit par jenter ho gjerne skulle blitt betre kjent med. Det kribla i kroppen og ho fniste når ho tenkte på kor stas det var å kunne vere den som fortalte det vidare. Ååå, Gunnhild hadde dumma seg skikkeleg ut! Ho hadde prøvd å få David til å skjønne humoren i det, men han virka litt fjern. Herlighet, var han frå ein anna planet? Og kvar er Gunnhild eigentleg? Stolen hennar i klasserommet står tom. Åååå, ho MÅ berre sende ei melding til henne å seie at ho ikkje kjem over at det er ho som er Horny.

 


Onsdag 22.08.18 ( - av Vinkel)

Sara, Alex og Peter tar imot sin nye sambuar med eit måltid taco, klein prat og «litt» vin..

 

Peter hadde bestemt seg for å bli meir tydeleg og tørre å stå fram som den han var. Då han flytta inn i hybelhuset til onkelen med dei 3 andre ungdomane i fjor, vart det derfor viktig å proklamere det høgt frå starten: «Eg er kristen». Det var med hjartet i halsen og sveitte hender. Korleis ville dei andre reagere? Sara hadde himla med augo: «Ja, det måtte vel vere noko sånt, no når eg endeleg skal flytte heimefrå og ha det litt gøy!» Men ho hadde bedt om unnskyldning rett etterpå og han såg på henne at ho meinte det. Sara var ikkje slem. Alex var taus og ettertenksom før han sa «Eg trur eg har vore kristen i eit tidlegare liv. Den gode karmaen førte meg nærare moksha, den ekstatiske innsikten som er målet for alt». Det var vanskeleg å sjå om han kødda eller ikkje. Men han hadde ikkje budd i India for ingenting.

Blikka deira flytta seg til Jo. "Eg har vakse opp med halleluja, bordvers og amen kvar dag, eg". Jo fortalte det på ein artig måte og demonstrerte med eit par strofar. Det var blitt litt latter rundt det. Alex hadde sett på Jo på ein heilt spesiell måte. Så slo han ut med armane og sa: «Klart vi skal synge bordvers i familien vår». Overrasking, glede og varme breidde seg i brystet til Peter. Han hadde ikkje trengt å grue seg for å bli oppfatta som ein som pressar seg på andre. Det var allereide plass til han.

Og no; - no må det bli plass til Gunnhild. Sara og Alex gjer det ikkje lett for henne.... korleis kan han seie dei rette tinga? Få henne til å kjenne den varmen og gleda det kan vere å kome inn i eit fellesskap? Peter blir ofte så tom for ord. Der Sara plumpar ut med kva som helst og Alex er smart og klok... der blir han sjølv berre stille... Han får prøve å invitere til ein skål.. kanskje det hjelper?

 


Tysdag 21.08.18 (- av Vinkel)

Sara viser Gunnhild rundt og dei helser på David og Tina (som fortel om little Horny)

 

David tenker at om han hadde vore 18 kunne dei ikkje gjort det. Flytta han frå Oslo. Då skulle det aldri skjedd. Men det skjedde, og alt gjekk så fort. Førre veke var han i kjent terreng, no er han heilt lost. Alt rundt han er framand. Og så ope. Ingen gater med høge, trygge vegger. Han er som ei flaggermus i mørket som oppdagar at ekkolokaliseringa ikkje funkar lenger. Dei smarte, høyfrekvente signala som tidlegare gjorde det mogleg å navigere presis, både både i byen og i gjengen, fører no berre til den eine krasjlandinga etter den andre. Ingenting gir gjenklang. Signala hans ser ut til å berre forsvinne ut i endelaus himmel, fjord og fjellheim. Kjappe replikkar fell til jorda utan at nokon ler. Og andre ler utan at han skjønar kva som var morsomt.

Det er foreldra hans si skuld at han har mista alt. Han kunne vel budd hjå onkelen i Oslo? Heller ei lita blokkleilighet enn eit hus der du ikkje kan sjå til naboen. Og kva skulle dei eigentleg med det store huset? Ukjent ekko frå tomme vegger, flyttelasset berre delvis pakka opp. Ingenting å halde seg fast i. Lene seg på. Lost in space; det er det han er.

 


Måndag 20.08.18 (- av Vinkel)

Gunnhild sin første dag på Firda. Sara spring bort til ei tidlegare venninne og Gunnhild blir gåande å virre litt aleine ute i skulegarden.

 

Til å bli sprø av all denne gjensynsgleda blant folk. Slike dagar kjenner Luna seg utanfor, det er irriterande. Billie seier «Du velger det litt sjølv, Luna, du likar jo å distansere deg. Heve deg over dei andre. Har du tenkt på at det kan skremme folk?» Billie altså. Ho er så forbaska ærleg. Og alltid til å stole på! Takk og pris for at ho har henne! Det er liksom ingen andre, på ekte. Dei skal snakkast igjen i lunsjen. Hmmm….Der er det eit nytt fjes.. for ei skjønn jente. Så gjennomsiktig. Med innsida på utsida. Slikt kan også virke skremmande på folk. Men Luna er ikkje som «folk». Ho smiler når ho tenker på det. Og så møtes blikka deira eit sekund. Luna tykkjer ho høyrer ein liten tone. Noko i lufta. Luna smiler meir. Utan å vite det ser ho ut som ei jente ein får lyst til å gi ein klem fordi det var lenge sidan sist.

 


Måndag 20.08.18 ( -av Vinkel)

Alex går i søvne og Gunnhild sender melding til Sara midt på natta og lurer på om det spøker på hybelhuset.

 

Sara tenkte tilbake. Ettersom dei hadde flytta frå huset i Kongabergvegen, måtte ho vere over 4 år, men pappa budde framleis med dei, så ho var enda ikkje fylt 6. Ho hugsa ikkje heile kvelden, men visste at ho var aleine. Lenge. Og det var skikkeleg mørkt ute og det blæs full storm. Ettersom lampa på rommet hennar aldri hadde virka, sat ho på gangen. Klarte ikkje å sove. Kunne ikkje gå inn i stova heller, for noko dunka på vindauga. Nokon stod i skogen rett utanfor, det var ho sikker på. Eit spøkelse. Ho tenkte at ho måtte sove, for dei hadde sagt at dei skulle kome igjen når ho sov. Men korleis skulle ho klare å sove med spøkelse rett utanfor?

 


Sundag 19.08.18 (-av Vinkel)

Alex går i søvne og kjem inn på rommet til Gunnhild gjennom dusjforhenget.

 

Alex, mon petit garçon. J'espère qu'il va bien. Il ne se sentait pas bien cet été. C'était triste quand les vacances étaient finies et il est parti. Je voulais qu'il soit avec nous, mais il a dit qu'il avait de bons amis chez Sandane, même si Jo avait déménagé. Sara signifie certainement beaucoup pour lui. J'espère toujours qu'il nous choisit. Nous prévoyons de travailler en Suisse pendant un certain temps. Peut-être qu'il y arrivera. Alex aime voir de nouveaux endroits et rencontrer de nouvelles personnes. Et c'est bien de manquer quelqu'un aussi.

"Alex, lille gutten min. Jeg håper han har det bra. Han hadde det ikke bra i sommer. Det var trist da ferien var over og han dro. Jeg ville at han skulle være med oss, men han sa at han hadde gode venner på Sandane, selv om Jo hadde flyttet. Sara betyr absolutt mye for ham. Jeg håper fortsatt han velger oss. Vi planlegger å jobbe i Sveits en stund. Kanskje han kommer dit. Alex liker å se nye steder og møte nye mennesker. Og det er godt å savne noen også".

 


Sundag 19.08.18 ( - av Vinkel)

Foreldra til Gunnhild er på veg heim att til Høyanger.

 

Kanskje er det noko i det dei seier? At det er ei spesielt forhold mellom døtre og fedrene deira? At det skulle bli så vanskeleg å overlate Gunnhild på hybelhuset hadde han ikkje vore førebudd på. Og mor hennar såg ikkje ut til å la seg merke med det i det heile. Snakka berre om at no ville livet bli spennande og kjekt. Jaggu. Farane stod i kø, det var det som var saka. Det var ikkje lett å vere ung jente i dag, det hadde han lese nok om i avisene. Og Gunnhild var så sårbar.

Før hadde han alltid kunna trøyste henne og få henne til å le når livet gjekk henne imot. I det siste hadde ho vorte fjernare og meir tverr. Særleg etter at denne Lasse kom på bana. Han kjende ein klump i magen når han tenkt på Lasse. Så eplekjekk, han berre kom og henta jenta hans om kveldane og køyrde avgarde i bilen. Dårlege bremsar på bilen hadde han også, det var lett å høyre. Gunnhild var dessutan for ung til kjærestegreier. Men kva kunne han gjere? Alt han og mora gjorde var visst feil.
Berre innimellom fekk han henne til å le. Det levde han på lenge når det skjedde. Og den gode klemmen ho hadde gitt dei då dei reiste.... Ho var framleis vetlegunnhild hans, det var godt å få stadfesta det. Men han kjende seg så makteslaus. Korleis vil det gå med henne? Korleis kan han beskytte jenta si mot den store verda? Han burde hatt med seg drill og fiksa dei stikkontaktane i alle fall. Søren at han ikkje hadde tenkt på at han burde hatt med drillen.

 


Sundag 19.08.18 (- av Vinkel)

Gunnhild og foreldra hennar er på veg til hybelhuset på Sandane.


Den nye jenta heiter visst Gunnhild. Ho har sendt melding og er rett i nærleiken. Sara har lova Peter å ta godt imot henne. Sjølv kan han ikkje kome før seint på kvelden, men onkelen hans sa at då måtte nokon andre ta ansvaret for det. Og for alt i verden vil dei ikkje at onkelen sjølv skal dukke opp. Han ville ha undra seg over dusjforhenget som Alex hengde opp før sommarferien. Dessutan har 2. etasje starta festninga i samband med skulestart tidleg i år, og det ser ikkje ut. Torstein står i bresjen. Han tar det visst som sitt ansvar å samle heile Sandane på hybelhuset deira. Viss han berre kunne sett litt i Sara si retning og... søren at han skal vere så overlegen. Han har nesten ikkje svart på snap i sommar heller. Drittsommar. Det vart ikkje noko av den lova sydenturen. Sara er sint på seg sjølv for at ho gidd å bli skuffa. Det skjer jo kvart år, ho burde skjøne det no. Blås i det. Meir synd på Alex. Han saknar Jo så det gjer vondt. Ikkje at han seier det, men Sara er god på å skjøne ting utan at det vert sagt. Alex har lege under dyna heilt sidan han kom att. Gidd ikkje klage på musikken frå 2. etasje ein gong. Han er ikkje seg sjølv. Å, der kjem det ein bil uti tunet! Sara går mot døra. Skal tru korleis det blir å bu med Gunnhild? Ho skal ha rommet til Jo. Det utan dør.

 


Riwåtsjdikt nr 5 sesong 2 ( - av Mie)

til torsdagsklippet "Er ho Heime" , i uke 3 av riwåtsjen.

 

 Jævla irriterende

 
💙Jævla irriterende

Å bli ditcha
Å ikke kunne dra hjem
Å vaske aleine
Å få et sorry fra ei som helst bare ville snakke om egne ting

💛Jævla irriterende
Å være så redd
Å bli kalt jævla irriterende
Å bli kalt umoden
Å bli tilgitt av ei som og burde sagt sorry

🖤 Jævla irriterende
Å ikke tørre si stopp
Å ikke tørre å si sorry
Å bli dratt i to
Å være så redd for å være sårbar at du blir den som sårer,mens dere begge later som om du var raus.

❤️Jævla irriterende
Å bli avbrutt
Å ikke klare å holde kjeft
Å få et stygt blikk
Å bare vente på at ting skal skjære seg og vite at du nok en gang må være den stødige.

 


Er ho heime? ( - av Alie)

til klippet "Er ho heime?" 21.02.19

E g var meg - du veit
R andoms i badekar

H orny på fest
O g til plage og pest

H o som berre følgjer etter
E g var meg.
I rriterande, jævlig irriterande
M amma si Jarlsberg-jente
E g berre var meg...
?

 


Riwåtsjdikt nr 4 sesong 2 ( - av Mie)

til tirsdagsklippet Tolerant

 

Verdens beste Jarlsberg

Når verdens beste mamma tolererer dama di
Bak forkle banker hjertet varmt,og hodet er på gli
Men hun har fortsatt skap og båser hu må se forbi
Så det du trenger mest å høre, kank'e mamma si

Selv verdens beste pappa kan ha datter-dysleksi
De rundt deg gjør det de helst vil, mens du må ta parti
Den fyllesykes skamgang byr på kjæreste-fobi
Men kan en Jarlsberg-pizza gi deg trøste-garanti?

 


Tolerant ( - av Alie)

til klippet "Tolerant"  19.02.19

Folk vil jo ikke bli tolerert.

T ålt.
O rket.
L ikt under forutsetning.
E lsket med forbehold.
R evurdert etter egenskap.
A kseptert på vilkår.
N yansert.
T illatt.


Respekt ( -av Alie)

til klippet "Respekt" 19.02.19

 

R ota det til, litt
E tte litt
S kylde på fylla, men
P erfekt e no dritt!
E ikkje lett, når
K jæresten din ikkje
T åle rop om respekt.

 


Vi stikker (-av Alie)

til klippet "Vi stikker" 18.02.19

 

V i stikker på fest! Blink-blink.
I kke noe "vil du bli med?" -nei, jeg vet best!

S tjerneskudd i natten setter stemning
T o glade jenter, alt som normalt
I ngenting kan gå galt,eller
K anskje Gunnhild mister hemning, og
K ommer til å fucke opp alt?
E t kjent ansikt: Billie - og
R omantikken bare falt!

 


Kjæreste-greier (-av Alie)

til klippet "kjæreste-greier" 18.02.19

 

KJ ærester, ikke venninner
ÆR lig er det ment, men Luna tar det ikke pent.
ES cape!  er det eneste Luna
TE nker på nå: vil heller dra av sted enn å
GR ave seg ned.
EI  ikke en kjærest som eiendom!
ER  bedre å tilby et hjerterom ❤.

 


Skjønnast ( -av Alie)

til klippet "Skjønnast" 17.02.19

S tjerneklart er det jo ikke akkurat, men
K jæreste-fis-testen ble bestått
J a, alt er så perfekt nå, at jeg
Ø nsker det hele kunne slutte like godt
N attens prinsesser
N yter romantikken, ja
A lt er til stede for happy ending.... men
S ara da?* stakkars sara....
T ror rivåtsjen må fortsette framover igjen....

 

*(og Ivar, Peter, Torstein, Alex&Jo....og David&Tina...?)

 


Hjartebank (- av Alie)

til Gunnhilds instabilde  "hjartebank"  16.02.19

 

Kva om forstanden låg i hjartet
og kjenslene låg i hjernen...
Ville verda vore annleis,
kunne vi forsatt opplevd hjartebank ?

(Trur ikkje hjernebank ville vore det samme.... )

 


Riwåtsjdikt nr 3,sesong 2 (- av Mie)

et torsdagsdikt til klippet "Et meg",uke 2 av riwåtsjen


I Måneskinn

Er du svolten på å gå i pysj heile veka. Det er jo heilt normalt,det finnst jo pysj overalt. Fjell også
Er du svolten på å bade i måneskinn
På labels og en casual prat ved scenekanten
Er du enda ikkje mett på forvirring,alle maskene, og den stigende pulsen
Er du svolten på ein gedigen gest,to tomler opp frå Tina og eitt godt råd frå Billie.
Kjærligheta er jo forma ganske rart, ho er og vanskeleg å spille på.

 


Et meg ( - av Alie)

til klippet "Et meg" 14.02.19

når utklEdd og naken møTest
på kjærleiken sin veg...
må utkledd kle av seg?
Må nakEn kle på seG?

 


Åndenes Makt #2 ( -av Alie)

til klippet "Åndenes Makt" 13.02.19


Å, nei! Det er
N oe som spøker i huset.
D et er lyder i kjelleren, mon tro
E n morder, eller kun en beruset?
N ei, det er jo bare Alex
E nsomme Alex
S om lengter etter Jo...

M en Gunnhild blir plutselig bestemt
A ltså; hun må prate med Luna og det litt fort.
K an jo ikke gå rundt å være forvirra
T il det er livet så altfor kort.

 


Åndenes Makt #1 ( - av Alie)

til klippet "Åndenes Makt" 13.02.19

 

(Sara:)

Å,
n o
d øyr
e g
n esten,
e g
s yns
m esta
a lt
k viskrar
t rolldom

 


Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar