|
Er tida ein linjal eller ein sirkel? Sekund forsvinn etter kvart sekund. Eg kjenner hjartet hamre og må hive etter pusten. Det kjennes som om alt hastar. Med venner, karakterar, med å bli lovleg. Med å kome lengst mogleg på 12 minutt. Alle andre spring så fort, framover, medan eg berre rotar rundt. Minutt forsvinn etter kvart minutt. Kanskje tida er rund? Eg stoppar opp for å få igjen pusten. Let dei andre springe nokre rundar utan meg. Lyttar og kjenner etter. Kanskje finn eg noko inni meg som eg ikkje visste var der? Mitt uttrykk. Min måte å gjere det på. Det er jo eg som skal vere her for meg, heilt inst, til slutt.
|
|
|
2021-02-28 14:13 | Lovleg - dikt, Vinkel-tekster, Rivåtsj Light