Nøtteskapet

Lovleg - Fanfics - Dikt - Andre tekster

Tina ( - av Alie)

 

David var på fest. Eller corona-samling som Torstein kalla det. Tina ville ikkje vere med, så ho var heime. Ikkje det at ho var redd for å få smitte, det var ingen ho kjende som hadde vore sjuk i denne merkelege tida, så akkurat det tok ho med stor ro. Nei, det var noko anna som plaga Tina etter at dei kom attende til Sandane. Etter tida med isolering og heimestudie. Ho hadde kanskje kjent på det tidlegare også, men då dei var heime kvar for seg ble det ekstra tydeleg. Einsemda. Ho kjente seg så einsam i sine eigne tankar. Ingen i klassen hennar hadde tatt kontakt med ho - utanom David, då, sjølvsagt. Det vi seie, ho hadde jo kontakt med dei fleste både når dei gjorde gruppearbeid på nett, eller hadde obilgatoriske Teams-samlinger. Og ho fekk jo svar når ho sendte meldingar, ho følte seg ikkje avvist på noko som helst måte. Men ho merkte at det alltid var ho som tok initiativet. Og dette hadde ho begynt å tenkje en del på og det plaga ho berre meir og meir.

No, når dei endeleg kunne samlast igjen, var det ingen som hadde spurt ho direkte om å komme på fest, for dei andre hadde det sikkert ingenting å seie om ho kom eller ikkje. David ville sjølvsagt ha ho med, men det blei liksom ikkje det samme. Ho følte seg rett og slett oversett. Tenk om Gunnhild, Sigrid eller kanskje Oda kunne spurt ho, eller helst masa på ho om å bli med på fest. Men det skjedde ikkje, så ho hadde altså berre bestemt seg for å vere heime, kanskje nokon ville spørre etter ho på festen?

Ho sendte fleire meldingar til David denne kvelden. "Er dikka mange der? Er det noko drama, eller anna bråk?" "Gunnhild er vel der... er Luna der også?" "Korleis er det med Gunnhild, er ho dritings?" "Kva med Sara og Torstein, kranglar dei noko?"  "Kven er du mest med?" "Er det nokon som spør etter meg?" Som vanleg sendte David berre korte svar tilbake, men han svara i det minste: "Joda, alt fint her". "Men skulle ønske at du var her".

Tina smilte litt, før dei tunge tankane tok over igjen. Åh, sukka ho, kvifor er eg er ein så kjedeleg person! Skulle ønske eg kunne vore litt meir spennande, som Luna til dømes. Om ein såg gjennom billeta på Luna sin insta blei ein liksom berre meir nysgjerrig på ho. Tina hadde ikkje lagt ut noko på insta på lenge, ho bruka det mest for å følgje med på andre. Ho kunne sitte lenge å sjå på andre sine stories og billeter, kunne drøyme seg litt bort, tenke seg til korleis dei andre hadde det, korleis dei kjende seg, korleis ting hang saman .
Og det hende vel ho tok litt feil. Eit billete seier som kjent meir enn tusen ord, men med Tina sine tankar og tolkninger kunne det seie enno meire. Sjølv var ho tydelegvis uinteressant for alle andre. Ho plapra jo berre i veg om seg sjølv i tide og utide, så alle visste jo omtrent alt om Tina. Men ein ting visste dei ikkje, og ho ville vel ikkje dei skulle vite det heller. Ho kjente seg ofte åleine. Åleine, sjølv om ho satt midt i klassen. Åleine sjølv om ho rekna seg som venn med alle, men det berre verka så overfladisk. Å kor ho skulle ønske ho hadde ei ordentlig nær venninne. Eit ekte vennskap. Slik som Luna og Billie hadde. Og Gunnhild og Sara. Nokon å prate med, om alt og ingenting. Om slike ting ho ikkje ville bry David med. På starten av det første skuleåret på Firda hadde Tina gått all in for å være venn med dei fleste. Det hadde kanskje blitt i meste laget. Og ho øydela truleg mykje då alle skjøna at det var ho som hadde fortalt vidare historia om Gunnhild og my little horny... Ingen ville vel ha noko fortruleg prat med ho etter det . To år på Firda var snart omme, og Tina kjente på at ho hadde ho fått eit slags stempel i klassen: Venn med alle, men ingen si bestevenninne liksom. Og er ein venn med alle, så er det vel ingen som vil komme skikkeleg nære, for dei er kanskje redd ein skal seie ting til alle då.. sidan ein er venn med alle.


Tina merkte at ho ofte kunne bli litt for intens og innpåsliten. Ho kunne innimellom bli veldig lei av seg sjølv, av og til tenkte ho: "Hadde eg treft nokon som meg sjølv, hadde eg aldri vorte venn med ho". Mens andre gonger kunne ho tenke heilt motsatt, at ho skulle ønske ho var to, at ho til dømes hadde ei heilt lik tvillingsøster. Ei som kunne sitte å lytte, og forstå nestan uten at dei trong å sei så mykje.

Tina såg ikkje på seg sjølv som beskjeden akkurat. Ho kunne godt sjå folk i augo. Lenge. Ho tok ofte initiativ. Ganske skuleflink var ho og, men noko stor lidenskap eller en spesifikk interesse for noko, det mangla ho. Sånn sett var ho temmeleg kjedeleg. Ho skulle ønske ho hadde ein lidenskap som kunne gjere ho litt meire interessant, noko andre kunne beundre. Som for eksempel diktinga til Gunnhild. Gunnhild hadde jo siste året blitt ein Firda-kjendis, etter å ha skrive og framført fleire av dikta sine. Og det virka som alle lika det. I oppveksten hadde Tina trøysta seg med gode tilbakemeldingar frå lærerane på forskjellige inneleveringer og oppgåver, ho vaks litt på slikt. Men når ho tenkte tilbake så kunne ho eigentleg ikkje hugse å ha fått noko kompliment direkte til seg sjølv om den ho var, liksom. Berre ros og gode ord for ting ho jobba med og utførte . Ho kunne sjeldan hugse å ha høyrt at ho var søt for eksempel, eller hadde fine auge, eller fint hår eller noko slikt. Noko skjønnhet var ho absolutt ikkje, det hadde ho konkludert med for lenge sidan. Tenk om ho kunne bytte fjes på ein måte, endre måten å vere på. Då ville ho ha vore litt meir spennande slik som Luna, og perfekt som Sara og morsom som Gunnhild. Og direkte som Billie, eller akkurat det var ho kanskje? Tina sa jo ofte direkte det ho meinte til andre, ho ga ofte gode kompliment til vennene sine, for at hvertfall dei skulle vite at dei var fine folk. Og det gav som oftast god stemning og ho trudde dei likte ho bedre av den grunn også. Det dei andre ikkje ante var at Tina svelte etter fine kommentarar tilbake.

David var flink å gi ho kompliment, da, men ho kunne nesten ikkje tru på dei, for ho hadde vel sjølv hinta og spurt han mykje om slike ting, om kva han syns om henne, kva han likte med ho og sånt. Kanskje han ikkje eingang meinte det han sa? Kanskje det ikkje kom ifrå hjartet hans, han berre sa det fordi han trudde ho ville høyre det? Men Gud, så utruleg glad ho var i David. Gode, snille David som var blitt så godt kjend med ho på godt og vondt... Utan David så ville... Nei, det torde ho ikkje tenkje på... så redd ho var for at han skulle forlate ho. Ho følte berre at ho heile tida måtte vite kor ho hadde han....

Tina kom plutseleg på noko, kva var det Gunnhild hadde sagt på ei av dikt-opplesning... noko om å redde seg sjølv... jo : "Det er fint å like nokon, men dei kan ikkje redde deg, det må du gjere sjølv". Sånn var det kanskje....


 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S