Surprise-party for Alex - som ikkje dukkar opp. Gunnhild går for å finne han. Peter er stressa fordi onkelen har lagt ned forbod mot festing.
Peter hadde hatt ei litt dårleg magekjensle på denne kvelden frå starten av. Alex ville sikkert bli overraska, men ville han bli begeistra? Sikkert ikkje. Om det ville få han til å droppe flytteplanane? Neppe.
Så skjedde det med telefonen hans; at han mista han. Heldigvis var Torstein grei og hjalp han å finne han att. Det var overraskande. Peter visste ikkje heilt kva han skulle tenke om Torstein lenger. Kanskje var han ikkje så dust likevel? Men når han la merke til at Torstein og Billie sat saman i trappa og delte ei flaske øl... Vel, Torstein kunne jo ikkje vite at Peter.. at han... uansett: Det var noko med Torstein han ikkje likte; så enkelt var det.
Kvar vart det av Gunnhild og Alex? Fann ho han ikkje snart?
David var pratesjuk og Peter prøvde å følge med så godt han kunne gjennom den høge musikken. Det var overraskande at Tina ikkje kom på festen, ho hadde vore så ivrig, men David forklarte at ho var blitt sjuk. Sår i halsen, tørrhoste og feber. David hadde tilbydd seg å vere heime, men Tina insisterte på at han skulle gå utan henne og ta med dippen. Men berre medan Peter og David prata kom det 3-4 meldingar frå Tina. David såg unnskyldande på Peter: "Tina lurer alltid på kva eg driv med, så eg sender ein snap av og til. Eg skriv at festen er lame, då roar ho seg. Det er berre slik det er mellom oss". Peter nikka forståande og smilte vennleg. Han vart ofte overraska over ting folk fortalte om seg sjølv og liva sine. Men like ofte visste han ikkje kva han skulle svare og fortelle tilbake.
Peter kjente at stresset steig. Folk vart meir og meir uvørne og bråkete. Nokre av ballongane sprakk etterfulgt av høge hyl og latter. Møblar vart flytta på og velta. Av ein eller anna grunn var det vått i sofaen, så ingen ville sitte der. Peter ana uråd. Onkel Gabriel hadde vore så tydeleg på at det måtte bli slutt på den ville festinga.
Kvar vart det av Gunnhild og Alex eigentleg?
Peter følte at alt kom ut av kontroll.
Nokon burde seie høgt og tydeleg at festen var slutt.
Skru av musikken.
Kaste ut folka.
Peter såg seg rundt.
No var Sara borte også...
Peter bestemte seg for å berre gå inn på rommet sitt og lukke døra.
Ting hadde ikkje gått som planlagt.
Av ein eller anna grunn var han ikkje overraska.
2020-04-03 14:56 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster