Onsdag 22.08.18 ( - av Vinkel)

Sara, Alex og Peter tar imot sin nye sambuar med eit måltid taco, klein prat og «litt» vin..

 

Peter hadde bestemt seg for å bli meir tydeleg og tørre å stå fram som den han var. Då han flytta inn i hybelhuset til onkelen med dei 3 andre ungdomane i fjor, vart det derfor viktig å proklamere det høgt frå starten: «Eg er kristen». Det var med hjartet i halsen og sveitte hender. Korleis ville dei andre reagere? Sara hadde himla med augo: «Ja, det måtte vel vere noko sånt, no når eg endeleg skal flytte heimefrå og ha det litt gøy!» Men ho hadde bedt om unnskyldning rett etterpå og han såg på henne at ho meinte det. Sara var ikkje slem. Alex var taus og ettertenksom før han sa «Eg trur eg har vore kristen i eit tidlegare liv. Den gode karmaen førte meg nærare moksha, den ekstatiske innsikten som er målet for alt». Det var vanskeleg å sjå om han kødda eller ikkje. Men han hadde ikkje budd i India for ingenting.

Blikka deira flytta seg til Jo. "Eg har vakse opp med halleluja, bordvers og amen kvar dag, eg". Jo fortalte det på ein artig måte og demonstrerte med eit par strofar. Det var blitt litt latter rundt det. Alex hadde sett på Jo på ein heilt spesiell måte. Så slo han ut med armane og sa: «Klart vi skal synge bordvers i familien vår». Overrasking, glede og varme breidde seg i brystet til Peter. Han hadde ikkje trengt å grue seg for å bli oppfatta som ein som pressar seg på andre. Det var allereide plass til han.

Og no; - no må det bli plass til Gunnhild. Sara og Alex gjer det ikkje lett for henne.... korleis kan han seie dei rette tinga? Få henne til å kjenne den varmen og gleda det kan vere å kome inn i eit fellesskap? Peter blir ofte så tom for ord. Der Sara plumpar ut med kva som helst og Alex er smart og klok... der blir han sjølv berre stille... Han får prøve å invitere til ein skål.. kanskje det hjelper?

 


 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S