Sundag 19.08.18 ( - av Vinkel)

Foreldra til Gunnhild er på veg heim att til Høyanger.

 

Kanskje er det noko i det dei seier? At det er ei spesielt forhold mellom døtre og fedrene deira? At det skulle bli så vanskeleg å overlate Gunnhild på hybelhuset hadde han ikkje vore førebudd på. Og mor hennar såg ikkje ut til å la seg merke med det i det heile. Snakka berre om at no ville livet bli spennande og kjekt. Jaggu. Farane stod i kø, det var det som var saka. Det var ikkje lett å vere ung jente i dag, det hadde han lese nok om i avisene. Og Gunnhild var så sårbar.

Før hadde han alltid kunna trøyste henne og få henne til å le når livet gjekk henne imot. I det siste hadde ho vorte fjernare og meir tverr. Særleg etter at denne Lasse kom på bana. Han kjende ein klump i magen når han tenkt på Lasse. Så eplekjekk, han berre kom og henta jenta hans om kveldane og køyrde avgarde i bilen. Dårlege bremsar på bilen hadde han også, det var lett å høyre. Gunnhild var dessutan for ung til kjærestegreier. Men kva kunne han gjere? Alt han og mora gjorde var visst feil.
Berre innimellom fekk han henne til å le. Det levde han på lenge når det skjedde. Og den gode klemmen ho hadde gitt dei då dei reiste.... Ho var framleis vetlegunnhild hans, det var godt å få stadfesta det. Men han kjende seg så makteslaus. Korleis vil det gå med henne? Korleis kan han beskytte jenta si mot den store verda? Han burde hatt med seg drill og fiksa dei stikkontaktane i alle fall. Søren at han ikkje hadde tenkt på at han burde hatt med drillen.

 


 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S