sit og skrolle på Insta
fine bilete
blide fjes
festivalar
folk på ferie
utland
innland
eg er heime
sommarjobb
går på tur
til fjells
badar i fjorden
legg ikkje ut bilete på Insta
snakkar heller med deg,
på kvelden
du høyrer
på meg
og når du ler,
av noko artig eg fortel eg har gjort i dag
når du seier det var leit,
om ei litt kjip oppleving eg har hatt i dag
og når du er einig (eller kanskje oppriktig ueinig) i noko eg har funne ut at eg meine
- DU -
berre EIN person
det er så mykje meire verd, enn tusen likes på eit Insta-bilete
2019-07-25 15:17 | Lovleg - dikt, Lovleg - andre tekster/innlegg, Lovleg - fanfic av Alie