Faren har ringt han igjen og lurt på om Ivar kjem heim fredag ettermiddag. Han treng hjelp i fjøsen som vanleg, og Ivar seier ja, som vanleg. Faren har jo ikkje så mange andre å spørje, og det er jo ikkje hans feil at helsa svikta. Han vart godt vande då Ivar budde heime, og særleg året etter ungdomsskulen. Ivar budde framleis heime og hadde eigentleg betre tid enn han burde, ettersom han ikkje byrja på vidaregåande, og heller ikkje fekk seg jobb. Det vart garden, mopeden og gamingen som fylte dagane. Og faren trengde han.
Å byrje på Firda gjekk betre enn han frykta. Fjellturen i starten av året, då han vart kjent med Sara, hadde gitt løfter om nye erfaringar og ting å glede seg til. Det gjekk ikkje heilt slik som han håpa då. Torstein trakk lengste strået, igjen. Slik hadde det vore sidan barnehagen. Torstein som ropte høgst, var frampå, fekk bestemme, blei lei seg om han ikkje fekk det slik han ville. Ivar som var grei og tok omsyn. Dei passa godt ilag på den måten. Var jo gode kameratar.
Desto meir vondt gjorde det når han heile tida vart minna om at Sara og Torstein var saman - latteren deira, kjærteikna hennar i nakken til Torstein, lydane gjennom veggen om kvelden.. Ivar hadde trudd han skulle bli gal. Det var godt å synke inn i dataskjermen og gløyme alt anna. Og heilt greitt å reise heim på garden i helgane, då alt elles toppa seg med festing med hybelhuset.
Men lengte; det gjorde han. Etter varme, kropp, nærheit og utløysing for alt som på ein måte låg på vent. Og han kjende på ein veksande frustrasjon over å vere «han fyren» som aldri skulle få kome til ordet, men berre tilpasse seg andre sine ynskje.
Gunnhild som ville miste jomfrudomen; jadå, umiddelbart tykte han det var strålande å bli spurt om hjelp i ein slik samanheng. Litt flaut å tenke på no. Men han klarte berre ikkje å ligge med nokon andre så lenge tankane var hjå Sara.
Å ha sex. For Ivar var det visst ikkje berre eit teknisk spørsmål, ikkje berre kropp. Alle slags kjensler var innvevd i dette mystiske området, og han kunne ikkje skilje det frå kvarandre. Han skulle ønske han var anleis skrudd saman, litt meir kynisk. Sannsynlegvis ville mange ting vore lettare då. Men Ivar visste at han ikkje kunne skru av kjenslene sine. Han og Gunnhild var litt like der, det med at innsida var litt for mykje utanpå.
Då Gunnhild sendte melding i fjor og lurte på om han ville vere med å sjå film etter at dei i første etasje hadde hatt vaskemøte, hadde han kjent ei kribling i kroppen som nesten fekk det til å svimle for han. Torstein og Sara var ikkje ilag lenger.
Han hugsa ikkje noko av filmen. Sara hadde sett seg så tett inntil han i sofaen at han kjende pusten hennar. Alle innestengde kjensler som han hadde prøvd å kontrollere bobla fram og han følte at alt gav meining, no var tida inne. Han og Sara skjønte kvarandre endeleg. Ho hadde bruk for han og visste at han var den rette, den ho kunne stole på, den som kunne gi henne ro og tryggheit.
Dei låg saman. Etterpå sa Sara at det hadde vore fint og ho strauk han gjennom håret. Seinare forstod han at han ikkje hadde vore så nær henne som han trudde. Det var eit univers mellom dei og han forstod det ikkje før etterpå. Etter teaterframsyninga på skulen. Han hadde ikkje fått med seg kva stykket handla om, han hadde berre sett Sara, den raude kjolen hennar, huda, augo, håret, stemma…. Den stemma som hadde vore så mjuk og varm, vart kald som is. Ho var ferdig med han. Han var «den fyren» igjen.
Sara gjer alltid som ho vil. Han måtte berre ta avstand. Etterkvart har det med Sara gått over, men han unngår henne om han kan. Han merkar at han treng avstand frå Torstein også. Han gidd ikkje spele den gamle rolla si lenger, men har ikkje funne den nye heilt enda.
Kanskje derfor han treng rollespelet?
Luna dømmer han og seier at han ikkje har eit liv. Men kva veit ho om dragar og eventyr? Bak skjermen har det opna det seg ei ny verd. Der har han møtt Frida. Dei bevegar seg i ukjent land ilag. Er eit team. Speluniverset er full av spenning, romantikk og magi. I den postapokalyptiske verda blir heltar og venner du kan stole på sett pris på. Det fins eit uttal av eigenskapar og opplevingar å velje mellom.
Timane går fort. Han må ta natta til hjelp, for det er då han treffer Frida oftast. Dei pratar, samarbeider, har same humor, er nyskjerrige, spør kvarandre om alt, svarar på det meste.. Frida er fin. Han kan ikkje kjenne pusten hennar. Eller ta på varm hud. Men han veit at ho er varm. Det kjenner han på seg sjølv, både på innsida og utsida. Frida er varm.
2019-05-23 11:25 | Lovleg - innsendte fanfic av andre