Fanfic - Jo

 

Det er ikkje så ofte det kjem post lenger. Det tykkjer eg er synd, for brev er handfaste. I motsetnad til ord på ein skjerm. Kva det er med brev? Du kan kjenne det, lukte det, halde det i handa – og det minner deg om ein kjær ven på same måte som ein kaffikopp om morgonen eller ein song som får deg til å danse.

Det kom eit postkort i dag. Handskrifta til Alex traff meg i magen og eg måtte setje meg på benken ved sida av postkassestativet. Tankane mine gjekk tilbake til Sandane. Eg måtte puste djupt. Puste med magen.

Då Alex flytta inn i hybelhuset, hadde eg budd der i 2 år alt. Det var mitt siste år på Firda. Hans første. Då eg spurde kvar han kom frå, fekk eg eit underfundig smil. Men han kom i alle fall med fly frå Portugal.

Vi var som natt og dag. Eg, oppvaksen i ei vestlandsbygd hadde knapt vore utafor dørstokken. Han, ein verdsborgar. Både fordi han hadde flytta mykje i inn- og utland, men også fordi han hadde så frie tankar om toleranse, og om at alle menneske var ein stor familie. Alle slags grenser, både nasjonale og mentale bidrog til ufred, sa han.

Alex fascinerte meg frå første stund. Han vart ei dør inn til ei ny verd. Han delte raust av erfaringane og ideane sine. Eller i alle fall det siste. Det var ikkje så ofte han var personleg, i alle fall ikkje i starten. Mange, lange timar tilbrakte vi på rommet hans. Han introduserte meg for fotografia sine og eg sa han var ein kunstnar. Eg lytta til musikken hans. Noko av det var interessant, noko av det rørte meg. Eg tok til meg alt. Alex sa eg var god til å lytte. Ikkje så rart, for eg hadde så lite å fortelje om. Sjølv om eg var 18 år og han berre 16, så var det han som sat med kunnskapen og kunne inspirere, lære, forme. Alex var så målretta og flink til alt. Fekk gode karakterar. Han fortalte om India. Snakka flytande fransk. Saman med Alex følte eg at heile verda var nær.

Eg hadde vore forelska før. Første gong var det i Linn; ho var så utruleg god og omsorgsfull, det var tidleg på ungdomsskulen. Eg sa det aldri til henne. Seinare vart eg glad i Erik, og vi vart kjærestar. Han var alltid positiv, så lett å vere ilag med. Men det var ikkje oss to så lenge at det vart alvor.

Det med forelsking kunne vere veldig forvirrande. Frå eg var barn hadde eg kjent meg anleis enn andre. Då eg byrja å forelske meg vart det heilt klart at eg var anleis. Om det var jente eller gut; det betydde ikkje noko for meg. Eg forelska meg i menneske. I personlegdomar. Det var Alex som hjalp meg å finne ut av dette også. Han visste kva det var å vere panfil. Og med denne kunnskapen følte eg at eg nærma meg resten av verda. Nokre gonger er labels frigjerande.

Alex var ein person som lett fekk andre sin tillit. Peter beundra han, det var lett å sjå. Og Sara vart som ei vetlesyster som han tok under vegene sine. Luna søkte Alex for å snakke om store spørsmål rundt samfunnet og mennesket. Eg sat ved føtene hans som ein disippel; lærevillig. Og det var ikkje berre med tankane mine eg beundra han. Ikkje berre tankane mine han forma og lærte opp.

Eg ikkje erfaring med sex då eg møtte Alex. Eg hadde kyssa Erik, men ingen andre, og ikkje noko meir. Med Alex vart alt så lett og naturleg. Eg fann meg til rette i armane hans, i blikket hans og i det store hjartet. Vi var hjå kvarandre heile tida. Nokre gonger bak hans dør, nokre gonger bak mi. Sara lo av han og sa han var obsessed. Han sendte henne eit hardt blikk som raskt vart mildt og smilande.

Alex fortalte kor viktig det var for han å finne ro. Det hadde vore så mykje flyttting, så mange brotne relasjonar, så mange «hei» og «hadet». Denne gongen ville han at det skulle vere anleis. Eg følte at eg fekk ei stor gåve. For stor? Alex stod ved mi inste grind, eg stod ved hans. Bakom der er ein alltid aleine.

«Kven trur du at eg er?» spurde han meg ein gong. «Ser du sminken? Ser du kjolen min?» Eg berre lo. «Som om eg tenker på det? Du køddar!» svarte eg berre.

Alex vart som jord, lys og vatn for meg, og eg voks. Kanskje det gjekk litt fort? Det kjentes som om det hasta med å kome over dørstokken. Utover vinteren fekk eg fleire ting å vere opptatt med. Revygruppa, russefestar og skulearbeid tok meir tid. Eg byrja å planlegge tida etter vidaregåande og fortalte Alex at eg ville reise til utlandet. Eg var glad og spent. Alex syns det var ein tåpeleg ide.

Det hadde ikkje noko å seie at eg framleis var glad i han. Døra inn til Alex var stengt. «Eg bryr meg ikkje om at du reiser. For meg finst du ikkje lenger». Det var harde ord. I ettertid skjønte eg at det kom av redsel. Når folk er redde for å miste nokon, seier dei ting dei ikkje meiner. Og han hadde gjort seg sårbar med å vise meg kven han var.

Så eg sendte han postkort for å vise at verda ikkje er så stor, og at ein kan vere nær kvarandre i tankane. Men eg fekk ikkje svar. Ikkje før no.

«Kjære Jo! Håpar du har det fint i San Fransisco. Eg tenker mykje på deg. Skal du heim til sommaren? Eg er lei for at eg trudde eg eigde deg. Det var feil. Men kan eg få lov å leige eit rom i deg? Din Alex».

Sola varmar meg i ryggen og eg reiser meg langsomt frå benken. Eg held postkortet med bilete av Sandane inntil brystet. Og eg kjenner ei sterk glede over tanken at flybilletten ligg klar til heimreise i slutten av mai. Då blir det meg som skal kome i fly og lande på Sandane Lufthamn Anda. Og eg tar med meg ein bit av den store verda. Nemleg meg sjølv.


6 kommentarer

Navn: Ella
Tidpunkt: 2019-05-30 19:43
Så fint å lese denne om Jo igjen

Navn: Logo
Tidpunkt: 2019-05-31 14:53
"Ein burde kunne leige eit rom i eit anna menneske"

Navn: Elo23
Tidpunkt: 2019-06-05 22:30
Men er Jo egentlig en gutt eller kan det være jente? Kommer ikke frem her heller. Vi må jo få en sesong til! Så mange ubesvarte spørsmål! Men når jeg tenker meg om er det jo ikke så nøye. Om Jo er jente eller gutt, mener jeg😅

Navn: Teaser sesong 1
Tidpunkt: 2019-06-09 20:03
Den brente døra på fjorden! Alex lager kunstprosjekt av at Jo forlot han. Og sier til Gunnhild (i søvne) at hun ikke fins....men det var selvsagt Jo han mente... Savner Alex💚

Navn: Raring
Tidpunkt: 2019-06-28 22:35
Me kunne trengt ein sesong 3. Men takk for dette i alle fall! Set pris på at kreative folk bidreg til at Lovleg lever og strekker seg utover dei to sesongene me fekk..

Navn: Takk!
Tidpunkt: 2019-08-13 21:22
Refviksand-fransisco «Heile verda er jo her»

 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S     

Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar