"Sara, veit du at det står om deg i Bibelen?" Peter og Sara er åleine på hybelhuset denne kvelden. Sara har insistert på å ha lese-, skjerm- og treningsfri kveld saman med Peter. Ho tykkjer dei treng det no like før det tek til med alle eksamensførebuingar, folka rundt ho blir så inneslutta når dei startar å tenkje på eksamenar. Det er så koseleg å berre sitje å prate med og høyre på Peter. Om alt og ingenting. Når dei er fleire i lag er ikkje Peter den som pratar mest, men når han kjem til ordet er det ofte artige ting han kjem med, på sin måte. Akkurat no sit dei og drikk te i lag, og Peter har visst peila seg inn på nytt samtaleemne. Det er kan hende ikkje akkurat yndlingstemaet til Sara, liksom. Ho må likevel innrømme at ho blir litt nysgjerrig av spørsmålet til Peter. "Nei, eg har alder lese noko i Bibelen, eg er korkje døypt eller konfirmert ein gong" svarar Sara, men ser likevel spørjande bort på Peter.
"Jau, det står at Sara føder ein gut når ho er om lag 90 år" flirer Peter. Sara rynker panna eit sekund. Tankane går fort over på ...... veit Peter òg om aborten? Men ho skundar seg å le det bort. Ho kastar ei pute på Peter og seier: "Kødde du Peter, trudde du skulle kome med noko seriøse greier.... og sånne ting trur du på?" Peter berre ser smilande på Sara. Det er noko fint i augo hans, synest Sara, men kan ikkje late augo kvile for lenge i hans. Sara skjerp deg, tenkjer ho, du er jo samen med Torstein.
"Det står om meg, eller Peter òg då", held Peter fram og blir taus. Sara kikar bort på han : "Ka då? Var det du som var skuld i at ho der gamle Sara fekk ein unge kanskje?" Seier ho og set opp eit ertande glis. "Nei, dei to levde ikkje i den same historia. Du veit vel at Bibelen har fleire historier og mange ulike bøker, nesten som eit gammalt bibliotek." Dei blir sitjande litt stille, og held kring om kvar sine te-koppar. "Ja?", seier Sara til slutt litt utolmodig, "Kva var det med Peter då?" Ho synes ho må følgje opp Peter sitt samtaleemne. Av og til må ho liksom dra orda ut av han. Verkar til tider som om han ikkje vil vera til bry med praten sin, han trur kanskje han verkar døll. «Peter, ja, han var liksom bestevenen til Jesus. Men han var ikkje der då han verkeleg burde, då når Jesus vart dødsdømd... du veit påsken og den historia der..." Peter høyrast nesten litt trist ut. Sara sit seg nærare og ruskar litt i håret hans. "Men Peter, du tek det vel ikkje personleg , alt det som står i det der Bibel-biblioteket? Det trur eg ikkje kan vere særleg sunt". Peter lener seg litt mot Sara. "Nei", seier han ettertenksamt " Eller eg veit'kje heilt....det står jo så mykje bra der også... uansett korleis eg har det, kan eg finne noko å lese som går rett inn.... visdomsord, på ein måte.. eg kan vise deg ein gong du treng det " . Han smiler til Sara. Ho nikkar sakte og stirer litt framfor seg.
"Du får tru ka du vil for min del, eg e so glad for at me e vener uansett", seier Sara meir diplomatisk og legg ein arm kring han og klemmer han inntil seg. Ho veit at Peter ikkje vil tolke signala feil. So lenge ho er saman med Torstein, vil aldri Peter tenkje på noko anna enn venskap. Peter er verkeleg fin sånn. Til å stole på, liksom. Dei kan prate om det meste, og sitje tett saman, utan at det blir noko kleint mellom dei. Eller korleis Peter føler det veit ho jo eigentleg ikkje..... "Men du" seier Sara med eitt. "Eg berre undrar, har du nokon gong vore skikkeleg forelska? Førr, er det ikkje sånn at kristne helst skal venta ei stund med å ha sex? Korleis klare dåkker det, liksom?"
Peter ser på Sara med eit skeivt smil. "Vi har jo ikkje noko lovverk som seier det ... men du veit... eg trenar jo ein god del då", svarar han litt kryptisk. Han skal til å seie noko meir, med så bli han avbrote med at ytterdøra slamrar. Gunnhild og Alex er på veg inn. Gunnhild kjem til syne i døra inn til stua, ho ser på dei og spør: "Kva gjer de på?"
"Å, vi berre løyser nokre verdsproblem" svarar Sara lettare ironisk og rettar seg litt meir opp i sofaen.
"Det vil eg òg vere med på" seier Gunnhild og dumpar ned saman med dei og kvernar ut: "Eg berre lure på.... viss det var nokon som hadde som yrke å løysa verdsproblem, kva trur dykk dei hadde hatt i løn?" Ho ser spørjande på Sara og deretter på Peter før ho held fram. "Kva for utdanning måtte dei ha teke, kven ville vore arbeidsgjevaren og trur dykk dei ville fått ekstra bonus om dei faktisk klara å løysa eit verdsproblem? Ville det vore skilnad i løna om det var ei dame eller ein mann som løyste problema, og ville dei ha kome fram til same løysinga?» Gunnhild snakkar nesten både på innpust og utpust.
Dei andre berre ser rart på Gunnhild, alle spørsmåla hennar blir liksom berre hengande i lufta . Alex glor på henne, og bryt til slutt tagnaden med å seie slik berre han kan: « Det høyrast meir ut som eit politisk problem. Skal DU bli politikar så blir hvertfall EG sofaveljar!»
2019-05-01 19:30 | Lovleg - fanfic av Alie