Nøtteskapet

Lovleg - Fanfics - Dikt - Andre tekster

Fredag 05.04.19 (-av Vinkel)

Sara legg ut eit opptak av Alex som poserer i chaten Its a Trapp. Sorry, not sorry :)

 

Luna sat på rommet sitt og følte seg ganske sikker. Ho hadde endeleg bestemt seg for å seie det: «Sorry» til Ivar. Det var ikkje ofte ho tok det ordet i bruk, men ho hadde tenkt mykje på det siste tida. Ho ville snakke med Ivar og beklage oppførselen sin. Ho innsåg at ho hadde vore altfor kritisk og snakka nedsetjande både om dataspeling og andre ting som han gjorde. Det var ikkje det at dei ikkje var på talefot; ting gjekk greitt i kvardagen. Men likevel låg det noko under overflata, og Luna var klar over at det var ho som måtte seie det: Sorry.
Ho skulle jammen banke på døra hans med det same.
Luna visste at ho ikkje ville vurdert å seie unnskyld for noko som helst for nokre månader sidan, men ho hadde endra seg. Det var Gunnhild som hadde vist henne vegen. Å innrømme feil og vise seg sårbar var skummelt, men Luna kjente seg klar for det. Ho ville ikkje gøyme seg bak eit image av å vere kul og uavhengig lenger. Ho følte at ho ville bli meir... open. Gunnhild hadde opna henne.
Luna nærma seg døra til Ivar, men stoppa seg sjølv idet ho skulle til å banke på. Hadde Ivar besøk? Nei, det høyrdes ut som FaceTime. Hyggeleg småprating og latter. Ei jentestemme som sa noko om busstider og Ivar som svarte at han skulle stå klar med bilen når ho kom. Luna fekk ikkje med seg alt, men det var noko med «gleda meg til påsken» og «kan bli til laurdag hvis det er ok». «Klart det».
Luna gjekk tilbake til rommet sitt, la seg på senga og stirra opp i taket. Til og med Ivar, altså. Kva var det alle andre hadde skjønt som ikkje ho fekk til? Dette med å vere ilag med andre og få det til å funke. Enkelt og greit, liksom.
Luna undra seg.
Det måtte vel gå an for henne også å kome dit?
Men korleis?
Ho ville snakke med Ivar og seie sorry så snart ho såg han neste gong. Av ein eller anna grunn kjentes det som eit viktig skritt på vegen.

 


Torsdag 04.04.19 (- av Vinkel)

Gunnhild, Peter og Sara finn kunstverket "Heim" som Alex laga, køyrer med Ivar til flyplassen og finn Alex. Han har tenkt på at han faktisk betyr noko for folka rundt seg. Og han gir Sara ein ekstra god klem

 

Tilbakeblikk til september 2017.
Jentene sat tett saman oppi sofaen og fniste av noko. Dei var blitt godt kjent på kort tid og gleda seg over å bu ilag på hybelhuset. Sara var førsteklassing og alt var nytt og spennande. Det var ho som hadde fortalt noko morsomt som gjorde at dei lo så godt. Noko om Torstein i 2. etasje sjølvsagt; det var stort sett han ho snakka om for tida. Johanne var ein god lyttar. Ho var tredjeklassing og hadde vore spent på kven dei nye hybelbuarane var, og no var ho allerede blitt kjempeglad både i Sara og gutane. Litt aldersforskjell gjorde ingenting. Johanne kom godt overeins med dei fleste. «Men kva sa mora til Peter då – når ho såg Torstein stå heilt naken i gangen?» Johanne såg lattermildt på Sara. Sara lo så tårene trilla: «Ho var berre heilt forfjamsa og berre liksom – vil du ha vafler? – eg trudde eg skulle døøøø – ååå, du skulle sett fjeset på han!» Ho la hovudet i fanget på Johanne og beina oppetter sofaryggen. Johanne ruska henne i håret. «Er du forelska, Sara?» spurde ho med eit smil. «Forelska? Nei, det blir eg aldri. Syns berre han er veldig morsom. Og så kysser han jo bra då» Sara fniste igjen. «Å kline med Torstein er som å kline med…»

Sara vart avbroten av Alex som kom inn i stova. «Hei jenter! Eg spanderer middag i dag. Det blir pizza, høyres det bra ut?» Han slengte tre øskjer med Grandiosa på benken og skrudde på ovnen. Johanne reiste seg frå sofaen og gjekk for å hjelpe han med å finne steikebrett og bakepapir. «Så flott, akkurat det vi trengde no!» sa ho og heile fjeset var berre smilehol og strålande auge. «Peter er sikkert ikkje langt unna han heller», sa ho. Alex strauk handa gjennom den krøllete luggen sin og såg på henne. Jo var fantastisk, alltid så glad og oppmerksom. Omsorgsfull. Det tjukke, mørke håret som bølga seg nedover ryggen. Den runde, fine kroppen som liksom var laga for klemming og kos. Det var noko i lufta. Noko mellom dei. Det kunne han kjenne heilt tydeleg. Alex høyrde ein liten latter frå sofaen der Sara framleis låg henslengt. Han snudde seg frå Jo og gløtta bort. Der møtte han det ertande blikket til Sara og såg henne lage kyssemunn og hjerte med hendene. Han kjente han fekk ei rynke i panna og sikkert eit hardt blikk. Men så måtte han smile. Sara skjønte det. Det gjorde ingenting. Det var eigentleg heilt fint. Dei var i ferd med å bli ein gjeng som brydde seg om kvarandre. Alex såg på Jo igjen. Det var takka vere henne; den gode feen. Dette året kom til å bli heilt anleis enn alt han hadde opplevd før.

 


Onsdag 03.04.19 (-av Vinkel)

Surprise-party for Alex - som ikkje dukkar opp. Gunnhild går for å finne han. Peter er stressa fordi onkelen har lagt ned forbod mot festing.

 

Peter hadde hatt ei litt dårleg magekjensle på denne kvelden frå starten av. Alex ville sikkert bli overraska, men ville han bli begeistra? Sikkert ikkje. Om det ville få han til å droppe flytteplanane? Neppe.

Så skjedde det med telefonen hans; at han mista han. Heldigvis var Torstein grei og hjalp han å finne han att. Det var overraskande. Peter visste ikkje heilt kva han skulle tenke om Torstein lenger. Kanskje var han ikkje så dust likevel? Men når han la merke til at Torstein og Billie sat saman i trappa og delte ei flaske øl... Vel, Torstein kunne jo ikkje vite at Peter.. at han... uansett: Det var noko med Torstein han ikkje likte; så enkelt var det.

Kvar vart det av Gunnhild og Alex? Fann ho han ikkje snart?

David var pratesjuk og Peter prøvde å følge med så godt han kunne gjennom den høge musikken. Det var overraskande at Tina ikkje kom på festen, ho hadde vore så ivrig, men David forklarte at ho var blitt sjuk. Sår i halsen, tørrhoste og feber. David hadde tilbydd seg å vere heime, men Tina insisterte på at han skulle gå utan henne og ta med dippen. Men berre medan Peter og David prata kom det 3-4 meldingar frå Tina. David såg unnskyldande på Peter: "Tina lurer alltid på kva eg driv med, så eg sender ein snap av og til. Eg skriv at festen er lame, då roar ho seg. Det er berre slik det er mellom oss". Peter nikka forståande og smilte vennleg. Han vart ofte overraska over ting folk fortalte om seg sjølv og liva sine. Men like ofte visste han ikkje kva han skulle svare og fortelle tilbake.

Peter kjente at stresset steig. Folk vart meir og meir uvørne og bråkete. Nokre av ballongane sprakk etterfulgt av høge hyl og latter. Møblar vart flytta på og velta. Av ein eller anna grunn var det vått i sofaen, så ingen ville sitte der. Peter ana uråd. Onkel Gabriel hadde vore så tydeleg på at det måtte bli slutt på den ville festinga.

Kvar vart det av Gunnhild og Alex eigentleg?
Peter følte at alt kom ut av kontroll.
Nokon burde seie høgt og tydeleg at festen var slutt.
Skru av musikken.
Kaste ut folka.
Peter såg seg rundt.
No var Sara borte også...
Peter bestemte seg for å berre gå inn på rommet sitt og lukke døra.
Ting hadde ikkje gått som planlagt.
Av ein eller anna grunn var han ikkje overraska.

 


Lørdag 30.03.19 (-av Vinkel)

Peter, Sara og Gunnhild prøver å forstå kvifor Alex vil flytte, men han er ikkje så enkel å få i tale.

 

Alex putta kleda sine i den største bagen og skoa i ein sekk. Han såg rundt seg på rommet sitt: Det var ein del ting og tang som skulle pakkast. På tide å hente nokre øskjer frå kjellaren. Det plinga på telefonen. Måtte sjekke det først. Snap frå Sara, ho og Gunnhild var på senteret og hadde kjøpt seg is.
«Ke skjer? Henga me oss?» spurde ho.
Nei, no måtte han fokusere på pakking.
«Sorry, opptatt».
Alex sette kursen for kjellertrappa. Håpa han hadde nok øskjer. Det hadde han. Plenty faktisk. Kanskje han skulle bruke ein del av pappen til eit prosjekt? Eit slags kunstverk? Han kjende seg oppglødd. Han tok fanget fullt og balanserte opp på rommet sitt igjen. I gangen møtte han på Peter.
«Du Alex... det er ein ting eg lurer på.. med denne flyttinga... blir det kjekt å flytte til Bern? Tenker du..?» Peter stamma litt og leita etter orda.
Alex keik fram bak lasset han bar på. «Det ordnar seg med rommet og husleiga, pappa har sagt han hjelper meg hvis eg må betale utover april»
«Ja, det er ikkje det. Men.... Det blir rart å ikkje ha deg her då..» Peter prøvde å få blikkontakt, men Alex forsvann bak pappen att.
«Det går nok bra, Peter» Og så glapp han; inn på rommet sitt.
Peter sukka og gjekk vidare til kjøkkenet. Fann seg eit glas vatn medan han høyrde Alex skru opp musikken inne på rommet sitt. Peter skulle gjerne sett seg ned og prata med Alex, men det var så vanskeleg. Han var ikkje så god med ord. Det hadde vore lettare hvis jentene hadde tatt initiativet...

Inne på rommet fortsette Alex med pakkinga. Alle kleda fekk ikkje plass i bagen sjølvsagt. Øskjene kom til nytte. Han opna skåpet og tok fram dei to kjolane. Strømpene. Dei høghæla skoa som han hadde leita så lenge etter for å finne i rett størrelse. Alex stoppa opp litt. Ingenting av dette var hemmeleg lenger.
Så kva var det då? Han sank ned på ein stol og såg ut i lufta.
Kva var han redd for at dei skulle oppdage?
Kvifor var han så sikker på at Sara og dei andre kom til å forsvinne ut av livet hans?
Han ville sleppe dei heilt inn - men klarte ikkje.
Var redd for at dei skulle gjennomskue at han berre var ein heilt vanleg, shitty fyr. Det orka han ikkje.
Dei kom til å gå lei han og forsvinne. Akkurat som alle andre - inkludert Jo.
Best at han forsvann først.
Flytte heim att til foreldra. Det var ikkje det han hadde sett for seg. Skjønt «heim att»... Han hadde aldri budd i Bern før. Alex såg på pappøskjene på golvet. No visste han kva han skulle lage.
«Heim» av Alex Mundal Rey. Det ville bli eit fint «ciao» før han reiste.

 


Torsdag 28.03.19 (-av Vinkel)

Alex har annonsert at han skal flytte til Bern. Sara, Gunnhild og Peter avtalar at dei må snakkast for å prøve å hindre dette.

 

Peter hadde lova å kome heim til foreldra ein tur i kveld. Det skulle no gå bra. Du skal ære far din og mor di, stod det i bibelen. Dette var eit bod som Peter hadde streva med, men som han hadde funne ei løysing på: Han kunne ha respekt for dei som personar, men samtidig ha lov til å vere uenig med og til og med sint på dei. Hovedstrategien dei to siste åra hadde vore å halde avstand og lage seg sitt eige liv. 
Det var bror til mor hans, onkel Gabriel, som hadde råda han til å flytte på hybel allerede i 10. klasse: «Det blir bra for deg, Peter, så får dei andre styre på med sitt. Du kjem til å greie deg fint».

Onkel Gabriel hadde liksom alltid sett han og hatt trua på han. Der foreldra stilte umoglege krav, sa onkel Gabriel at det var godt nok. Når foreldra sine konfliktar overdøyvde alt, tilbydde onkel Gabriel stillheit og ein kopp kakao. Onkel visste nok at hybellivet kunne ha sine utfordringar, men stolte på Peter sjølv om han var ung. 
Peter var jo heime av og til, sjølvsagt. Og foreldra hadde sine gode sider. På ein måte følte han litt ansvar for dei også. «Hvis foreldra mine skulle flytte til Sveits...» tenkte Peter for seg sjølv, «...korleis ville det vore?». 
Han tykte at tanken på at Alex skulle flytte var verre. Men Alex hadde eit anna forhold til foreldra sine enn det Peter hadde. Han måtte jo gjere det som var best for han sjølv. Alex kunne ikkje gå imot sine eigne ynskje berre for å please Peter, Gunnhild og Sara. Kanskje det var best for han å berre fare?
Men det kjentes veldig tomt og rart å tenke på det... at Alex skulle flytte. Plutseleg kjente Peter seg uroleg. Kanskje var det ikkje det at Alex sakna foreldra sine eller syns det ville bli kult å bu i Bern. Kanskje var det noko her på Sandane, - kanskje på hybelhuset- , som han ville flytte frå? Peter svelga tungt. Og ein liten tanke om at ikkje hadde tatt nok ansvar byrja surre rundt i hovudet hans.

 


Tirsdag 26.03.19 ( - av Vinkel)

Gunnhild går for å finne Luna, men møter på Torstein og Ivar. Dei drikk Kiwiøl og snakkar om slikt som kan vere sårt – og har det moro ilag.

 

Peter tenkte på kor forskjellige menneske er. Nokre er skapt slik og andre sånn. Men folk er ikkje berre det ein ser, det er heilt sikkert. Dei har alltid fleire sider, og om ein tilbringer tid ilag, kan ein oppdage så mykje fint som ikkje er synleg ved første augekast. Og sjølvsagt; det var Billie han tenkte på… Klart at han og Billie var forskjellige, det visste han vel … Ho var utadvendt, vakker, erfaren, temperamentsfull. Sjølv var han innadvendt og – ja - sånn var det berre.
Men dei hadde noko felles også: Dei hadde kjempa med seg sjølve og vunne. Og den kampen hadde dei kjempa ved sidan av kvarandre.
Folk kan jo ha så mange slags spørsmål som gjer det vanskeleg å ete normalt:
Er eg bra nok?
Får eg vere med dei andre, eller er eg til overs?
Vil nokon redde meg når eg er innelåst?

Det hadde vore tøft å dele sitt innerste i ei gruppe med andre ungdomar. Og ein skulle kanskje tru at det å vise kjensler som redsel og sinne ikkje førte til noko godt. Slikt er jo i utgangspunktet berre skamfullt. Men det motsette skjedde. Skammen forsvann. Og når det gjaldt Billie tykte han ho vart skjønnare jo meir grums som kom fram; jo meir sårbar ho turte å vere. Ikkje mange hadde sett henne slik. Folk trudde at Billie alltid var så tøff, men han visste at ho kunne vere heilt på jordet. Peter kjente at han vart mjuk i hjartet. Putehjarte. Ingen er perfekt. Menneske er fulle av feil, og det er kanskje heilt nødvendig? For er ikkje alle feil og svakheiter eigentleg berre små tunnelar, der kjærleik får koma inn og kjærleik får koma ut?

 


Torsdag 14.03.19 (- av Vinkel)

Sara stakk til Sogndal før helga etter at ho skjønte at Gunnhild hadde fortalt Luna, og indirekte Torstein, om aborten. No er ho tilbake på hybelhuset.

 

Alex møtte tilfeldig Sara i gangen då ho kom. Han smilte og skjønte at han hadde sakna henne.
"Hei, Sara! Du har vore heime i Sogndal ein tur?"
Ho sparka av seg skoa og hengte opp jakka.
"Ja, vart litt lenger enn eg tenkte, Vart dårleg".
Alex smilte. "Såg bilde på instaen din. Og storyen. He-he.."
"Ja, fy faen...Og no blir det pes pga fråver. Og dramalæraren vår har sendt melding om at ho syns vi skal ta ein prat. Herregud, det er så mykje styr, du vil ikkje tru det, Alex.." Sara hadde masse på hjertet. Ho prata med Alex medan ho gjekk inn på rommet sitt, slengte frå seg bagasjen sin og skifta raskt til kosedressen.
"Og så trangt som det var på bussen oppover!"
Alex sette seg i stova. Sara kom svinsande inn etter han.
"Kva skjer her då?" spurde ho
"I dag har eg bestilt billettar" svarte Alex
"Å? Kest då? Konsert du skal på? Er Gunnhild heime, forresten?"
"Nei, har ikkje sett henne"
"Like greit..."
"Kva er det? Har de krangla?"
Sara svarte ikkje, men såg ein anna veg og beit seg i leppa.
"Nei, altså, eg tenkte tida var inne". Alex prøvde igjen. "Ingenting varer vel evig?"
Null respons frå Sara, ho tenkte visst på noko. Ho hadde rulla seg ned i sofaen.
"Foreldra mine... " Han kremta litt og blikket flakka. Sara la ikkje merke til det.
Men så endeleg såg ho på han.
"Du, eg har tenkt på ein ting, Alex" Han såg at ho skulle seie noko viktig:
"Korleis kan ein vite det heilt sikkert; at ein person er ekte, liksom?"

Alex holdt pusten litt. Kjente at det stakk i han. Kva var det Sara meinte?

 


Mandag 11.03.19 (-av Vinkel)

Gunnhild sender meldingar til Sara som har reist til Sogndal og skulkar skulen. Torstein har også prøvd få tak i Sara, men ho vil ikkje snakke med nokon av dei.

 

Torstein banna høgt inne på kjøkenet. Han spytta i vasken, skylla munnen, sette seg ved bordet og såg på eit halvtomt glas med sjokomelk han nyleg hadde blanda seg. Det smakte forjævleg. Salt i sjokomeldpulveret! Kven faen tykte slikt var morsomt: Mjøl på rommet, tyggis i håret… i går var det teiknestiftar i skoa og no - dette!
Kven var det som dreiv ap med han??
Det måtte jo vere nokon på hybelhuset ettersom ikkje kven som helst kunne gå i kjøkenskåpet og finne o`boyboksen med navnet hans på. Men kven? Og kvifor??
Etter at Luna hadde fortalt om aborten, skjønte han jo at det ikkje kunne vere Sara som tulla med han for «å fortelle han noko». Sara tykte sikkert at han var ein barnsleg dust som hadde antyda det då dei var på biblioteket. Torstein gremma seg. Og så han som hadde foreslått at dei kunne bli kjærastar… Faen til idiot han var.
Men det som gnog Torstein mest akkurat no var noko Luna hadde sagt etter at han hadde lova å ikkje avsløre at ho forsnakka seg om aborten. Ho hadde sagt det liksom tilfeldig heilt til slutt: «Du veit at Ivar er forelska i Sara, sant?» «Det er han vel ikkje!» Torstein skjønte ingenting. «Jojo, han har vore det dritlenge», insisterte Luna, «Heile tida medan du og Sara har drive på».
Var det Ivar som stod bak alt? Torstein tykte at brikkene fall på plass. Ivar var sjalu. Hadde han ikkje eigentleg alltid vore det?
Nei, dette ville han ikkje tenke meir på. Ivar var jo kompis! Sjølv om han gøymde seg vekk på rommet sitt for tida.
Torstein kjente at han var både lei seg og sint. Kvifor hadde ikkje Ivar sagt noko om at han likte Sara? Torstein ville jo forstått han, tatt omsyn. Han la hovudet i hendene og kneip att augo. Faen til idiot!
Kva kunne han gjere med det no? Prate med Ivar? Nei, slikt dreiv han ikkje med.
Han reiste seg og sette kursen mot rommet sitt, glad for at verken Luna eller Ivar var i nærleiken.
Torstein bestemte seg for å sjå på netflix og gløyme heile greia.
Kanskje var det Ivar, kanskje ikkje.
Det kom uansett sikkert ikkje bli noko meir tull no.

 


Sundag 10.03.19 ( -av Vinkel)

På tysdag skal Luna og Schizophora overraske Gunnhild med songen dei har laga til slamdiktet hennar.

 

Det er laurdagskveld, eller rettare sagt natt til søndag. Luna og Billie skravlar og timane går fort. Orda kjem lettare jo meir mørket smyg seg rundt dei og dei tenner stearinlys. Dei varmar seg på heite te-koppar. Luna bestemmer seg for å lette hjertet for Billie. Sjølv om ho er redd for å seie for mykje, fortel ho Billie såpass: At Gunnhild røpa noko om Sara som ho ikkje skulle seie vidare, og som Luna trudde Torstein visste frå før og så... ja... hadde ho forsnakka seg. Men då Gunnhild konfronterte henne med det, hadde ho nekta.
"Du må jo berre seie det som det er då, Luna, at du forsnakka deg til Torstein ved ein feil".
"Nei, det kan eg ikkje...Ho er så glad i Sara og det blir berre tull. Dessutan lova Torstein å ikkje seie at det var meg som sa det, så ingen treng å få vite om det".
"Men det er det einaste rette å gjere, Gunnhild må få vite korleis det heng saman". Billie høyres overbevisande ut.
"Det går ikkje... Du veit jo ikkje kva det handlar om, Billie!".
"Nei, og eg vil ikkje vite meir heller, det er ikkje min business. Men eg veit kva som er rett å gjere uansett".
Stillheit. Billie lagar seg enda ein kopp med bringebær-te og kroar seg med beina oppi senga. Ho rører i koppen og ser bort på Luna med eit skrått blikk.
"Du er ikkje akkurat ein kjæreste-type, Luna"
Luna himlar med augo og ler. "Herregud, Billie! Du veit eg ikkje fordra labels. Kvifor skulle eg vere opptatt av å vere ein bestemt kjærestetype?"
"Å vere kjærestar er å vere ærlege og kunne stole på kvarandre. Trust me, I know. Eg hadde ikkje kunna vore saman med Michael sidan ungdomsskulen dersom vi ikkje hadde vore ærlege og stolt på kvarandre".
"Gunnhild er ikkje som Michael"
"Altså eg anar ikkje, Luna; men eg føler ikkje eg er blitt kjent med Gunnhild eigentleg. Ho prøver jo stort sett å likne på deg".
Stillheit. Luna tar ein stor slurk med te og ser på eit punkt på veggen bak Billie.
"Det kjem til å ordne seg". Luna høyres bestemt ut. Ho har ein plan. "På tysdag skal Gunnhild få høyre songen sin, så blir ho med på konserten - og så ordnar alt seg".
"Luna, du tar for lett på det! Du MÅ seie det til Gunnhild. Elles seier eg det"
"Det kan du ikkje!" Luna blir forskrekka.
"Jo, eg gjer det. Du kjenner meg, eg er ikkje redd for å vere ærleg. Det er faktisk for ditt beste også. Du blir så lei deg når det ikkje funkar med Gunnhild".

Billie har det med å ta ansvar. Nokre vil kanskje kalle det å blande seg inn, men ho føler sjølv at ho hadde eit oppriktig ønske om å hjelpe til. Eller i alle fall bidra til at sanninga kjem fram; enten den gjer godt eller vondt. Ho likar å oppmuntre folk og vise dei dei gode eigenskapane deira. Men hvis nokon til dømes er irriterande, tykkjer Billie det er greitt dei får vite om det så dei kan skjerpe seg. Uredd og ærleg er ord Billie likar å beskrive seg sjølv med. Ho er ikkje redd for autoritetar og dessutan er ho avslappa i forhold til kva andre måtte meine om henne. Ja, ho har hatt nytte av terapi, men det er også personlegdomen hennar.

"Så kva blir det til, Luna?"
"Eg skal snakke med Gunnhild i morgon formiddag. Eg lovar".

Billie er nøgd. Ein bitteliten bismak snik seg likevel inn i koppen med bringebær-te: Ho veit at ho må feie for si eiga dør også. Det er noko Billie bør snakke med Michael om også. Snart. Hvis ho skal vere ærleg.

 


Mandag 04.03.19 ( - av Vinkel)

Sara og Alex møtast i kjellaren der dei leitar etter noko. Kanskje noko frå fortida si med betydning for framtida?

 

"Nei, mamma, slutt å mase. Eg har det ikkje, har eg jo sagt. Kvifor skulle vel eg ha tatt med meg det?" Torstein sukkar oppgitt i telefonen.
"Jo, eg er sikker på at vi pakka det ned då du flytta, Torstein. Vi tenkte at det var kjekt for deg å ha litt familieminner å sjå på av og til. Eller eg tenkte det. Eg er sikker på at vi pakka det ned".
"Herregud, det er vel ingen som sit og blar i album lenger. Trudde du for alvor at eg kom til å... å.." Torstein er irritert på mor si. Han har ikkje det albumet, det er han sikker på. Men mamma berre fortset: "Kanskje det litt i pappøskjene i kjellaren? Torstein, du må gå og sjekke det med det same. Eg treng det bilde av kusina di, no når ho skal gifte seg, veit du. Skal lage ei overrasking til henne og det bildet er så fint og ...." Bla-bla-bla, tenker Torstein. Typisk mor hans.

Torstein opnar kjellardøra og går sakte ned den knirkete trappa. Han hadde ikkje vore her sidan han flytta inn i hybelhuset. No må han ned og leite etter eit album han ikkje visste han hadde, men som mor hans tydelegvis har prakka på han. Så mørkt det er her då. Er det ikkje ein lysbrytar ein stad? Jau der. Fy faen så mykje rot. Kven har bruk for alt dette? Kunne sikkert sett fyr på alt utan at nokon hadde sakna det.

Torstein er ikkje heilt sikker på kva pappøskjer mora snakka om, han trudde ikkje det stod noko her nede som var hans. Men etter litt romstering ser han dei. To øskjer med mor si handskrift på: "T. Guddal". Og der ligg jammen fotoalbumet, øvst. Godt han fann det med det same, no gjeld det å kome seg opp att frå denne utrivelege staden.
Kanskje han berre skal sjekke at det er rett album. Ikkje sikkert bilde av kusina er akkurat i dette albumet. Torstein blar kjapt gjennom sidene. Så set han seg i trappa.....

Det er bilder av pappa her. Frå før han vart sjuk. Så rart å sjå... Her eit eitt frå dei var på fisketur. Torstein er 7-8 år. Dei brukte alltid å fiske når dei var på hytta. Bilde av mamma med nistepakken og termosen. Ho drog dei alltid med ut på tur. Det gjer ho framleis, tenker Torstein. Prøver seg i alle fall. Torstein blar og blar, festar seg ved bilda der pappa er med, og han kjenner minna strøyme på. Så lenge sidan han har tenkt på denne tida med pappa! Her er bilde av han og pappa som målar huset, Torstein står på ein krakk og pappa i stige. Og eit bilde av pappa som slumrar på sofaen med Torstein på armen. Han kjenner at det tetnar i brystet. Tårene har aldri sete laust hjå Torstein, men no må han berre grine litt. Ingen som ser han her i kjellaren lell.

Det siste bildet i albumet er av pappa som held rundt mamma med begge armane så ho nesten forsvinn i klemmen hans. Og det til tross for at han er blitt så tynn. Torstein ser det tydeleg. Kreften har byrja å tære på han. Etter dette vart han berre svakare og svakare, sjølv om han levde med sjukdomen i fleire år. Då Torstein var 13, døydde han. Torstein kjenner plutseleg at han blir litt sint. Eller fortvila? Fy faen. Bilder som ikkje er i albumet rullar for Torstein sitt indre blikk: Pappa i sjukehussenga, begravelsen. Han hadde vore veldig sint denne tida. Sint på pappa som forsvann og sint på mamma også. Ho virka som om ho klarte seg heilt fint utan pappa. Ein gong ropte han til henne: "Du saknar ikkje pappa, du!" Då hadde ho svart: "Jo, kvar dag. Men han er framleis min beste venn. Han er ikkje borte for meg. Når eg tenker på han, kan eg framleis kjenne at han gir meg ein god klem. Eg kunne, og kan framleis, lene meg på han. Han var sterk sjølv om kroppen vart svak".

Torstein blar gjennom albumet ein gong til. Denne gongen må han smile litt. Fleire gode minne dukkar opp. Fy søren for ein super pappa han hadde! Det siste bildet, av klemmen. Mamma som ser trygg og glad ut til tross for alt.
Torstein ser på telefonen og oppdagar at tida har gått frå han. Han skulle vore på trening for lengst. Hadde han verkeleg vore her nede så lenge? Kjellaren virkar ikkje så utrivleg lenger, men Torstein er klar for å gå opp knirketrappa igjen. Og han forstår litt av det som mamma sa; at pappa kunne vere tilstades sjølv om han var borte. "Ein slik far som pappa var; det vil eg og bli ein gong", tenker Torstein. "Ein slik far og ein slik mann".

 


Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar