Luna stirar på dei gule, blå og grøne ballongane som forsvinn rundt hjørnet, og Gunnhild, som er gøymd innunder dei alle saman.
Synet går som ein elektrisk støyt gjennom Luna.
Kvifor er ho så opprørt? Ho visste jo at dette skulle skje, før eller seinare. Dei bor i det samme huset, sjølvsagt ville dei sjå kvarandre. Luna kan ikkje heilt presse vekk stikket i magen som minner henne på at Gunnhild hadde sett ut til å klare seg heilt fint, utan henne. Ho hadde ledd litt, til og med, medan det statiske håret hennar sto som ein kaotisk glorie rundt hovudet.
“Eg trudde du sa at ho likte meg veldig godt,” mumlar Luna.
“Men ho gjer jo det,” smiler Billie.
“Ho verker jo ikkje knust over at vi er over, akkurat.”
“Herregud, Luna. Det var du som slo opp. Er du ikkje nøgd no?”
Luna blunkar sakte. Ho veit at Billie spør for å gi henne eit lite stikk. Billie veit godt kor lite nøgd Luna er akkurat no.
Gunnhild hadde vore varm og skinnande som sola, og utan ho er livet er grått og trist, men slik får det berre vere.
“Kvifor slo du opp, igjen? Fordi Gunnhild sovna i senga di?”
Luna stønnar. “Kjeften. Eg bad om tid til å tenkje. Den gongen ho bad om tid, dukka eg ikkje berre opp på den måten? Kvifor kunne ho ikkje respektere det?”
“Var det ikkje berre ei misforståing? Noko med blomster?”
“Eg veit ikkje. Det var ein bukett i senga, som ho hadde funne, men den var ikkje frå meg. Og nei, eg veit ikkje kven den var frå. Eller til. Eg bryr meg ikkje.”
Billie ser på henne med denne roa i blikket som driv Luna frå vettet nokre gonger. “Kva var det som skjedde på den ferja, eigentleg?”
Luna trekkjer på skuldrene. Ho veit ikkje. Det vart berre for mykje, for intenst. Og ho fekk aldri sagt riktig kva ho meinte. At ho likte Gunnhild akkurat som ho var. At ho var lei seg for at ho aldri våga å seia til Gunnhild at ho ikkje skulle lese opp diktet med bandet. Men at det skremde livet av henne då Gunnhild berre stakk av. Forsvann.
“Det speler inga rolle,” mumlar Luna. Gunnhild er berre så mykje, nokre gonger. Ho er som eit fargerikt fyrverkeri med alle dei smarte ideane og dikta og fjella og ferja og dei kvelande varme foreldra og ballongane og… optimismen. Alltid denne optimismen.
Det var alt dette som gjorde at Luna falle så pladask, så klart. Det var alt dette som gjorde at Luna vart rive med og impulsiv og… Herregud, så forelska.
Luna burde ha visst at det ikkje var ein god idé å stupe inn i eit forhold med Gunnhild. Luna er jo ikkje så god på dette her. Ho visste det, ho veit det, men ho klarte ikkje å halde seg unna.
Luna veit godt at ho kan vera mykje, òg, på sin måte. Nokre gonger svenger kjenslene hennar og ho seier dumme ting som ho eigentleg ikkje meiner. Eller ho seier det kanskje sterkare enn ho meiner. Det er berre det at Gunnhild kjem så nær. Med varmen i blikket som blir for mykje. Og med spørsmåla, som om Luna aldri speglar seg i andre.
Alt vart for nære, for tett. Skremmande tett. Luna hadde visst at Gunnhild ein dag kom til å sjå henne på riktig, og sjå rett gjennom henne, og då… Luna orkar ikkje eingong å tenkje tanken ut. Betre å trekkje seg tilbake og stikka der det gjorde vondast, sånn at ho slepp å sjå kulda sive inn i auga til Gunnhild.
Dette er best, trass alt. Luna klarar seg. Ho har alltid klart seg åleine før. Ho er sjølvstendig og sterk og lever livet sitt som ho vil.
Men ballongane. Kva var det? Gunnhild hadde sett så livleg ut. Energisk. Det var tydeleg at ho hadde ein misjon. Noko å utrette.
“Ein avskjedsfest, liksom,” seier Luna og sukkar. “Alex kjem til å hata det.”
“Ja,” nikkar Billie. “Han gjer nok, det. Men der er jo ein fin idé, då.”
Ja, det er jo det. Gunnhild er eit oppkomme av slike gode idear. Ikkje at det vil hjelpe. Alex reiser. Alt er slutt. Det er ingen veg tilbake.
“Eg hatar at han berre stikk av sånn.”
“Ja, eg veit det.”
Luna lukkar auga ein augneblink. Noko klemmer til i magen, som sult, eller frykt.
Alle berre forsvinn ut av livet hennar. Gunnhild, Alex, og…
Ikkje tenk på det.
“Eg må spørje deg om ein ting,” seier Billie med eitt. “Har du tenkt på at Gunnhild kanskje kan vere ein sånn som blir, sjølv om ho innser du er ein heilt vanleg loser som oss alle andre? Ho er jo ikkje akkurat den dømmande typen, er ho vel?”
Luna opner auga og stirrar på Billie. “Ikkje dømmande? Ho sa at vi tenkte vi var kulare enn henne, og at vi lo av henne.”
“Ja, men det var jo berre fordi ho var usikker. Herregud, Luna, eg er framleis her og eg er den mest judgemental bitch du veit om. Kva får deg til å tru at Gunnhild er verre enn meg?”
Luna må le. Billie har jo eit poeng. Og likevel… Luna hadde føkka opp skikkeleg. Sagt at det berre var eit innfall. Gunnhild kunne vel aldri tilgi noko slikt?
“Det er for seint no, uansett.”
“Å, ja? Gjer som du vil, Luna. Eg veit kor viktig det er for deg å gjera som du vil.” Billie ser på henne og smiler, og herregud så irriterande det er når ho tar på seg den allvetande mina. “Men ikkje ver så sikker på at alt er for seint. Herregud, med det fyrverkeriet Gunnhild kan eg nestan tru at til og med Alex blir verande. Alt kan skje.”
Luna seier ingenting, men ho klamrar seg til orda og kjenner ein spire av noko som liknar mistenkeleg på håp.
2019-07-01 14:25 | 2 kommentarer | Lovleg - innsendte fanfic av andre