Gunnhild får eit bilde på telefonen frå Lasse midt i norsktimen.
Eg er The Grammarqueen, og i tillegg ganske god på analyse. Dikt kan eg. Spør meg gjerne om dikt. Terje Vigen - eit episk dikt der vi ser etter forfattarens synsvinkel, person- natur- og miljøskildringar, kva betydning har bruken av verkemiddel, er historia i diktet kronologisk eller gitt som tilbakeblikk. Kanskje som eit frampeik?
Eg er The Knowledgequeen. Men lyttar til det du har å seie.
Du burde kanskje gjort eit anna sjangerval, gjerne dialog. Ein dialog er ei meiningsutveksling som har til hensikt å skape forståing og bygger på gjensidig velvilje, openheit og samarbeid mellom partane. For å ha ein dialog må samtalen bære preg av at dei involverte partene lyttar til kvarandre før dei formidlar sine eigne synspunkt. Karakteristisk for ein dialog er at partane held seg bevisst opne for kvarandre sine tankar, og ikkje prinsipielt tek sikte på å motbevise dei.
Men eg forstår at du heller har valgt monolog. Så lat meg ta utgangspunkt i det når eg gir deg mi vurdering. Monologen er ein vanskeleg sjanger å fremføre. Ein god tekst er ikkje nok, då stemmebruk, pusteteknikk, uttale, blikkontakt, kroppsspråk, tempo og rett plassering av pausane er viktige faktorar for om monologen blir vellukka eller ikkje.
Etos, logos, patos? Jadå, du er ein truverdig avsendar, du formidlar logisk kunnskap og monologen din får fram - kjensler.
Men hugs; det er den intelligente og reflekterte bruken av kunnskapen som skaper den gode besvarelsen i norsk som i andre fag.
Min indre monolog får du aldri høyre. Men eg tenker: Karakteren din blir ein svak firar. Så ver så snill, jobb litt hardare neste gong. Kanskje du skal droppe avspaseringa i haustferien, faktisk. For dette nådde ikkje heilt opp.
Eg er ikkje redd for kjensler. Men skam har eg hatt nok av.
2020-02-21 15:25 | 0 kommentarer | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster