Spoken/Slam - av Vinkel

    

    

Er tida ein linjal eller ein sirkel?
Sekund forsvinn etter kvart sekund.
Eg kjenner hjartet hamre og må hive etter pusten.
Det kjennes som om alt hastar.
Med venner, karakterar, med å bli lovleg.
Med å kome lengst mogleg på 12 minutt.
Alle andre spring så fort,
framover,
medan eg berre rotar
rundt.
Minutt forsvinn etter kvart minutt.
Kanskje tida er rund?
Eg stoppar opp for å få igjen pusten.
Let dei andre springe nokre rundar utan meg.
Lyttar og kjenner etter.
Kanskje finn eg noko inni meg som eg ikkje visste var der?
Mitt uttrykk. Min måte å gjere det på.
Det er jo eg som skal vere her
for meg,
heilt inst,
til slutt.

 

   

Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar