"Nyttårshelsing" - om Ivar

 

Det hadde slege ned som ei tikkande bombe. I alle fall i hovudet på Ivar - sånn etter kvart - ei bombe som gav ekko i tinningane. Eigentleg var det berre ei lita bisetning, sagt under ein livleg samtale i ein av dei mange familiemiddagane i romjula. Ivar hadde ikkje reagert med det same, men litt etter litt hadde orda sunke inn og brend seg fast i hjerneklisteret, ei lita men ikkje heilt ubetydeleg tikkande bombe...

- "...så difor kjem eg nok ikkje til å busetje meg her og drive denne garden i framtida" , hadde Ragnhild sagt med eit vagt smil, medan blikket hennar veik bort frå faren - "Så er dikka klar over det" . Ragnhild, storesystra hans Ivar, hadde odelen på familiegarden dei alle var så glade i. Kva ho hadde sagt aller først, det som enda opp i denne konklusjonen, det hugsa han ikkje. Han visste at ho hadde flytta saman med kjærasten sin i Volda, dei studerte på høgskulen der, noko med journalistikk og kommunikasjon. Men han hadde ikkje tenkt så langt at ho allereie no, berre med ei setning, under eit triveleg familiemåltid skulle seie frå seg odelen. No vart det plutseleg opp til han, Ivar, om garden skulle drivast vidare. Det var ingen som akkurat sa det direkte, men det vart plutseleg eit alvor som Ivar kjende på no. Han trakk pusten djupt der han sat framfor PC'n . Men ikkje hadde han lyst å game og ikkje ville han snakke med Frida heller. Ikkje akkurat no. Elles kunne han prate med Frida om alt. Ho var så fin sånn, ho lytta og han fekk kjensle av at ho forstod han, eller så stilte ho akkurat dei spørsmåla som trengs for å få svar på det ho ikkje forstod. Men akkurat dette med ei eventuell framtid her på geitegarden, fekk han seg ikkje til å nemne. Kva ville ho tenkje? Ville ho føle det som eit slags press, eller eit val? Ivar trong ikkje å ta noko avgjerd før om mange år, det visste han jo. Far hans hadde jo enno fleire yrkesaktive år igjen. Men kva blei motivasjonen for å investere og vedlikehalde hus og gard, om han berre gjekk og var usikker på om nokon ville busetja seg der etter hans tid? Og var eigentleg ein liten geitegard i det heile noko lønsamt å drive vidare, i denne tida kor alt ein foretok seg var forventa å skulle vere så effektivt og gje økonomisk avkastning. Ivar visste at far hans aldri rekna på noko timeløn for arbeidet han la ned, men det verka som han var fornøgd og lukkeleg med livet på garden, - "Og det er jo det viktigaste, så lenge helsa held!" bruka han å seie med eit lunt smil. Men kva ville skje om hverken Ragnhild eller Ivar tok over garden? Garden som hadde vore i Ivar sin familie gjennom sju generasjonar. Det ville vore ei Judas-handling å selje den ut av familien, tenkte Ivar. Dei kunne jo sjølvsagt ha det som ein feriestad, men Ivar tvilte på at det ville bli noko god løysing. Ein gard utan dyra, det ville vere leitt å kome heim til. Og det fantastiske område rundt garden, der kor Ivar hadde leika som liten og gått mange turar i seinare tid, det ville gro att om det ikkje gjekk dyr å beita der. Dessutan ville det vere eit tap for heile bygda om drifta på garden vart lagd ned. Dette tok ikkje Ivar heilt lett på . Men han måtte skyve det litt meire framfor seg kjende han, kanskje ville det dukke opp ei løysing han ikkje hadde tenkt på ? No ville han berre satse på ei framtid med Frida. Og han ville ikkje eingong tenkje på å sette fleire generasjonars nedlagte arbeid på famliegarden opp mot eiga lykke og ei framtid med Frida som kjærast. At det skulle vere så mykje meir vanskeleg å planlegge noko i framtida, no når dei plutseleg var to som kanskje hadde ulike tankar om korleis dei ville ha det ... Men kjem det tid kjem det vel råd. 

I morgon var det nyttårsaften, og Ivar skulle hente Frida som kom med bussen i ettermiddag. Ho skulle treffe familien hans for første gong. Ivar både grudde og gledde seg, men det ville nok gå heilt fint. Han måtte berre ikkje tenkje så mykje, heller leve akkurat no - nett som før. Men det kunne vel hende han kom til å spørre Frida - for er det ikkje slikt ein kan undre seg over på den siste dagen i året? - "Frida ..... kor tenkjer du at du, eller vi , er om 5 år ? Kva gjer vi på då?"