Tunge tankar for Tina ( - av Gry)

 

Kva farge har kjærleiken, Tina?
Er han raud?
Og kva farge har sjalusien?
Gul? Grøn?
Han er grå.
Og han ligg som ei skodde over gleda di.
Skodda letnar når David held deg inntil seg og seier
du er den finaste
den einaste
den første og siste
Då letnar alt.
Så kjem skodda sigande igjen.
Alt er grått. Sjølv om det er ferie.
David er i Oslo hjå slektningar.
Og han møter gamle vener.
Venninner kanskje? Utan at han har sagt det?
Han har lova å sende snap.
Du ventar.
I skodda.
Korleis kan David gjere dette mot deg?!
David er ein dritt!
Så kjem snapen.
Eit bilde av døra til onkelen, navneskiltet, eit hjarte.
Skodda letnar tvert og det blir lyst igjen.
Det kjennes ut som glede og kjærleik.
Gode David!
Din David.
Men både du og David veit at det ikkje er lenge
før du kjenner at skodda kjem
sigande igjen..

 

Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar