Spoken Word from Torstein (innsendt av Logo)

(Hvis noen vet hvem som er forfatter av denne, så skriv det gjerne i kommentarfeltet så får vi creds til rette vedkommende :-))

 

Spoken Word from Torstein

Eg elskar deg, Sara
men orda for slikt er`kje gitt meg
Kan du ikkje sjå det?

Eg ropar taust
spelar traust
tårene mine site ikkje laust

Alt eg vil er å nå deg

Du er blitt blå
Så kvar vil du gå?
Eg kan ikkje sjå det

- langt mindre forstå det
men viser du veg
vil eg gå der

Ja, eg trenar og festar
eg er den eg er
Kan du ikkje sjå meg?

- Så sterk, at ville hestar
eller skuggen du ber
held meg ikkje ifrå deg

Eg kjenner meg halve
Når du er so kalde

Ikkje noko er legendarisk utan deg

Sorry, not sorry
lat oss legge det bak
Du er ikkje svak,
men treng å kvile
bakom smilet

Så lat meg vere sterk for deg
bruke kreftene mine for deg
så ber eg sofaen oppi åsen kor tid som helst
for deg

Eg nektar å seie farvel
Gir deg mi sterke hand
Trur eg kan knyte band
Kan du?