«Sara, har du lånt ukulela?» Gunnhild kikker ut av døra frå rommet sitt. Sara set blikket i Gunnhild. Ho veit at ukulela betyr noko veldig spesielt for Gunnhild .«Nei, då ville eg sjølsagt ha spurt først», seier ho og fortset «men det kan jo vere nokon andre, Alex kanskje ?». Gunnhild kjem ut frå rommet, og seier: «Den låg på nattbordet ved senga mi, men ho er ikkje der no».
Då høyrer dei Alex frå stua: «Er det ei ukulele dåkker leita etter, så ligg det ei her av ei eller anna årsak...». Gunnhild går inn til stua med raske skritt og grip tak i den grønne ukulela. «Ho er mi! Den som vil låna ho må spørja først!» seier ho med bestemt røyst. Så trampar ho inn på rommet sitt og lukkar døra. No skal ho jammen henge opp ukulela på veggen, så kanskje ho får vere i fred.
Ho finn fram ein stift og litt snøre, bankar stiften i veggen med ein sko, festar snøret på ukulela og skal til å henge den opp, då den nett glipp ut av hendene og fell i golvet. Gunnhild tek den opp med skjelvande hender. Heldigvis har ho ikkje vorte øydelagt. Men kva er det? Det stikk noko ut av strengholet, ser ut til å vere eit papir. Det må ha vore fast inni ukulela, ho hadde hvertfall ikkje sett det før, kanskje det hadde losna då ukulela datt ned? Gunnhild prøver å ta det ut, men det er innesperra bak strengane. Ho løysner forsiktig på ein streng. Ho må løysne to strengar før ho endeleg får ut papiret.
Ho brettar forsiktig papiret ut. Det står skrive ein tekst der. Og ho kjenner hjartet gjer et lite hopp når ho ser handskrifta. Gunnhild føler pulsen stig i det ho set seg ned på sengekanten og byrjar å lese.
«Trur du på tilfeldigheiter? Eller er det noko som styrer tilfeldigheitane? Kanskje tankane våre.....? Viss nokon i det heile finn denne teksten, er det vel i framtida, fleire år etter at eg har skrive han. Kanskje du har funne denne ukulela på ein loppemarknad eller noko? Du skal i såfall vite at denne ukulela høyrde til den finaste jenta i verda. Ho fekk han den dagen det vart slutt mellom oss. Ho er den einaste som nokon gong har sagt at ho elskar meg. Ho har opna meg opp på ein måte eg ikkje kan forklare, men vi såg ikkje kor vegen vidare skulle gå. Skulle ønskje eg hadde evner til å skjønne alle tankane hennar. Eg ville ho berre alt godt, og vi var jo så tiltrekte til kvarandre, som kraftige magnetar. Om den krafta kunne vorte brukt til energi, ville vi saman kunne løyst mange miljøproblem i verda. Men likevel var det som om vi ikkje forstod heilt kva den andre meinte. Det heile er så merkeleg, vi bruka det same språket, dei same orda, ja til og med nesten same dialekt. Men likevel var det som om vi snakka forbi kvarandre. Analyserte alt på kvar vår måte. Eg ser ho nesten kvar dag, og eg let som ingenting. Ser ut som ho har det fantastisk bra no. Ho blomstrar og skin slik berre ho kan, ofte saman med si beste venninne. Og eg vil ikkje øydelegge for ho. Ho betyr ikkje absolutt alt for meg – for det kan ingen gjere, vi kan ikkje eige kvarandre. Men i alt eg gjer så er ho der inni meg på ein måte, om du skjønner. Viss det er slik det er å elske nokon, ja då elskar eg ho då... Eg berre smiler og vil at ho skal tru at eg òg har det berre fint. Likevel har eg eit lite håp om at ein tilfeldigheit kan føra oss i lag igjen, kven veit? Du som les og lev i framtida, du veit kanskje?»
Gunnhild sit heilt stille ei lang stund etterpå. Ho tenkjer. Denne teksten var frå ei heilt dønn sår og ærleg Luna, slik ho ikkje har late nokon sjå ho. Det var så visst ikkje skreve TIL Gunnhild. Men det var definitivt skrive OM henne, berre i ei slags fortid. Så tenkjer ho at ho ikkje må tenkje så mykje. Så tenkjer ho: Nei, no er nok banana vorte heilt mørkebrun. Men kva var eigentleg dette med å tenkje på banan? Det finst jo mange fleire fruktar. Kanskje finst det faktisk ein frukt som er brun? Kva med kokosnøtter! Er kokosnøtter frukt? Jau, slik er det! tenkjer Gunnhild med eit lite rykk i kroppen. Luna er kokosnøtt, mørk og kvit, og no har skalet byrja å slå sprekkar. Forresten, det var jo ein tilfeldighet at ukulela fall i golvet og papirlappen kom til syne, var det ikkje?
2019-04-29 14:09 | 6 kommentarer | Lovleg - fanfic av Alie