Lasse ringer til Gunnhild og ber henne snakke med mor si. Ho har kjefta på han for at han har sendt henne porno, sier han.
Det hadde no alltid vore noko med den Kvam-familien, heilt sidan dei kom flyttande frå Reed. Så høglydte, liksom. Gjorde så mykje utav seg når dei var blant folk. Budde oppi fjellsida utanfor allfarveg. Så avsides at dei kunne ha myrda nokon utan at det vart oppdaga. Nei, det kom visst feil ut... meiner jo ikkje at folk er potensielle mordarar berre fordi dei er litt utanfor.
Ikkje noko imot tilflyttarar, sjølvsagt; til Høyanger har det alltid kome folk frå andre stader. Som industribygd er vi vande med at alle slags typar kjem flyttande for å jobbe for kortare eller lengre tid. Ikkje alle har ei lang historie med god slekt å vise til.
Det er ikkje det at dei ikkje blir inkludert. Dei er venner på facebook, faktisk. Ho får ikkje så mange likes på ting ho legg ut, då.....Er no ganske uinteressante innlegg ofte. Slik er det; nokon skjønar ikkje heilt kva det går i.
Ho tok kaka i dag, då, på Coopen. Guten hadde fått ei skikkeleg overhøvling, det var umogleg å ikkje få med seg ettersom ho stod bak hylla i nærleiken av kjøtdisken. Porno var det snakk om. Ja, det var visst dotter til ho Kvam som hadde rota seg borti noko. Var det ikkje likt seg. Tilflyttar han også, høyrdes det ut som.
2020-02-21 15:27 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster