Sara viser Gunnhild rundt og dei helser på David og Tina (som fortel om little Horny)
David tenker at om han hadde vore 18 kunne dei ikkje gjort det. Flytta han frå Oslo. Då skulle det aldri skjedd. Men det skjedde, og alt gjekk så fort. Førre veke var han i kjent terreng, no er han heilt lost. Alt rundt han er framand. Og så ope. Ingen gater med høge, trygge vegger. Han er som ei flaggermus i mørket som oppdagar at ekkolokaliseringa ikkje funkar lenger. Dei smarte, høyfrekvente signala som tidlegare gjorde det mogleg å navigere presis, både både i byen og i gjengen, fører no berre til den eine krasjlandinga etter den andre. Ingenting gir gjenklang. Signala hans ser ut til å berre forsvinne ut i endelaus himmel, fjord og fjellheim. Kjappe replikkar fell til jorda utan at nokon ler. Og andre ler utan at han skjønar kva som var morsomt.
Det er foreldra hans si skuld at han har mista alt. Han kunne vel budd hjå onkelen i Oslo? Heller ei lita blokkleilighet enn eit hus der du ikkje kan sjå til naboen. Og kva skulle dei eigentleg med det store huset? Ukjent ekko frå tomme vegger, flyttelasset berre delvis pakka opp. Ingenting å halde seg fast i. Lene seg på. Lost in space; det er det han er.
2020-02-21 15:10 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster