Gunnhild er bakfull, kastar opp i ei søppelbøtte og må gå heim att.
Det var jo så mange som hadde høyrt det på festen, og Gunnhild hadde jo sagt det sjølv, så det kunne knapt kallast sladder. Tina rettferdiggjorde spreiinga av nyheiten for seg sjølv. Det var jo hysterisk morsomt at My little Horny hadde dukka opp i klassen hennar! Sondre i Høyanger var den første som fekk høyre det. Ettersom Tina hadde lukkast med å fange deler av Gunnhild si forestilling på snap, vart det førstehandsinformasjon. Etter å ha sendt det til Sondre, gjekk det ut til alle andre som ho syns ho kunne stole på. Ikkje kven som helst altså, det var ikkje vits i. Berre venner. Og eit par jenter ho gjerne skulle blitt betre kjent med. Det kribla i kroppen og ho fniste når ho tenkte på kor stas det var å kunne vere den som fortalte det vidare. Ååå, Gunnhild hadde dumma seg skikkeleg ut! Ho hadde prøvd å få David til å skjønne humoren i det, men han virka litt fjern. Herlighet, var han frå ein anna planet? Og kvar er Gunnhild eigentleg? Stolen hennar i klasserommet står tom. Åååå, ho MÅ berre sende ei melding til henne å seie at ho ikkje kjem over at det er ho som er Horny.
2020-02-21 15:14 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster