Fredag 01.02.19 ( -av Vinkel)

Gunnhild følger etter Luna som går inn på eit øvingsrom, men kjem ut for å få luft. Gunnhild tar eit miniforedrag om at lufta inneheld oksygen, men også nitrogen og argon..

 

Luna hadde aldri vore ei enkel venninne, men no var Billie meir enn vanleg oppgitt over henne. «Dårleg luft»??!! Først kom ho altfor seint på øving, og så gjekk ho att etter berre få minutt! På grunn av «dårleg luft»?! Ååh..! Enda ei bandøving som vart forsinka og ueffektiv pga rot og sommel frå dei ein av dei andre i Schizophora.

Billie fatta av og til ikkje kvifor ho gadd å prøve. Å få desse sære folka til å funke i eit band. Det var jo ho som måtte passe på absolutt alt. Det var ikkje lett å halde dei samla. Alex holdt på å droppe ut etter brotet med Jo, men Billie hadde klart å fiske han inn att. Ho måtte lirke og lure - og smiske ein del. Alex likte å gjere seg litt kostbar. Billie sukka. Så var det Jonas. Han var einjordnær type; rå på trommer, men null og nix til felles med Luna og Alex sine høgtflygande og abstrakte idear. Og ingen av dei andre i bandet hadde same ambisjonar som henne. Om å bli skikkeleg gode. Og å bli oppdaga. Ikkje berre spele på huskonsertar, men på festivalar. Malakoff til sommaren. Billie ville strekke seg langt for å halde bandet samla og nå måla sine. Men nokre gonger kjendes det som om ho var den einaste forbindelsen mellom tre flyktige sjeler.

Luna var langtifrå enkel, det hadde Billie fått erfare mange gonger. Det var ikkje noko å gjere med, slik var var det berre. Merkelege idear og crazy innfall. Luna gjekk ikkje alltid så godt ilag med andre, i alle fall ikkje over tid. Eller som Gunnhild ville sagt det (- utan at Billie visste noko om det foreløpig): «Argon er eit stoff som fins i lufta. Argon formar ingen kjente kjemiske forbindingar med andre grunnstoff. Teoretiske utrekningar har indikert at fleire stabile forbindingar med argon skal vere mogleg, men ingen har hittil klart å framstille dei".

 


Tysdag 23.10.18 (- av Vinkel)

 

Kåre var ein grublar; det hadde han alltid vore. Han hadde god tid til å gruble. Om nokon kjente tankane hans, ville dei kanskje sagt at han burde snakke med nokon så han ikkje grubla seg inn i ein krok. Han burde snakke med nokon andre enn dei han møtte på nettet og som berre spegla dei krokete tankane hans. Men Kåre hadde ikkje andre å snakke med.
Slik hadde det vore frå han var liten.

Han stod ofte i utkanten og fulgte med på dei andre frå god avstand. Kåre var ikkje så ivrig på fotballbana. Ikkje på andre arenaer heller. Det var gjort nokre forsøk på å få han med i speidaren då han var yngre, men han ville visst ikkje fortsetje.

«No må de la Kåre få vere med på leiken!» sa lærarane ofte. «Han vil jo ikkje!» gaula ungane tilbake. Så vart det berre slik; at han ikkje ville.

Dei andre ungane var forresten dumme. Barnslege. Kåre ville faktisk ikkje vere med dei.
Så han gjekk for seg sjølv og var stille. Jentene sa han var ekkel, gutane ropte at han var svak.

Han hugsa den dagen Grete byrja å grine; det var i 4. klasse. Han sat på ein benk ute i friminuttet og hadde fått tak i ein edderkopp. Ein slik med lange bein. «Sjå her, Grete!» sa han då han såg ho kom gåande forbi. «Sjå kva eg skal gjere no». Og Grete stoppa opp, litt nyskjerrig for at Kåre faktisk snakka til henne,; til nokon. Men undringa gjekk fort over til avsky og skrekk. Kåre holdt nemleg edderkopppen i ein fot medan han sakte men sikkert nappa av han dei andre føtene; ein etter ein. «Lille Petter edderkopp klatrar ikkje meir..» sang han lågt. Grete hylte og sprang gråtande for å sladre til læraren. Kåre hadde ledd og ledd. Grete sin reaksjon var utruleg morsom. Og han fekk ein kjensle av glede og makt.
Læraren hadde snakka med han om det etterpå; at det ikkje var greit å plage små dyr. Han var meir oppgitt enn sint. «Kåre, slikt må du ikkje gjere, veit du. Det er slemt. Du er kanskje ikkje skarpaste kniven i skuffa, men dette skjønar du. Så ikkje gjer det meir, ok?» Nokre av dei andre i klassen stod i nærheiten og høyrde kva som vart sagt.

Kniven, Kniven, Kniven – etter dette kalla dei han berre Kniven. Snart visste alle det. «Ikkje skarpaste kniven i skuffa». Han hata kallenamnet sitt.

For Kåre var slett ikkje dum. Ein dumming hadde ikkje klart å hacke seg inn på nettsider, slik han gjorde. Han var smartare enn dei fleste. Falske legeerklæringar var berre starten. Han skulle nok vise dei, alle saman.

Av alle skap ein kan lengte etter å kome ut av, er utanforskap det verste. Ein må liksom berre vente på at det kjem nokon og låser opp. Gjerne med sjokolademelk og Die Antword: «I think you're freaky and I like you a lot, I think you're freaky and I like you a lot…»

 


Torsdag 18.10.18 (- av Vinkel)

Sara innrømmer for Gunnhild at ho har kyssa Lasse

Så kva skjedde eigentleg med Lasse og Sara den kvelden?

Så søt ho er! tenker han. Ei artig jente å vere med. Dessutan virkar ho så tilstades. Ho ser på han når han pratar, lyttar, er interessert. Ler av vitsane hans. Søt og snill er ho, venninna til Gunnhild. Gunnhild har lagt seg. Lasse kjenner seg litt brisen, men ikkje meir enn det.
Sara byrjar å prate meir utydeleg, ho er visst blitt full. Jenter blir jo fortare påverka av alkohol enn menn. «Nei, eg får vel stikke» Lasse smiler og sler ut med hendene som for å signalisere at kvelden er over. Dei reiser seg begge to. Sara held på å falle, han grip tak i henne. Lågmælt latter, dei må ikkje vekke Gunnhild. Ho fylgjer han ut i gangen.

Det er når dei står tett ved sida av kvarandre i den smale gangen at handa hans kjem borti låret hennar, og når ho snur seg, står dei brått enda tettare. Hendene hennar har liksom ingen annan stad å legge seg enn mot brystet til Lasse. Sara kjenner at alt byrjar å snurra rundt og ho mistar balansen. Han grip tak i henne igjen og held henne oppe. Men denne gongen er det ingen av dei som ler.
Kysset er tilfeldig. Ingen av dei hadde vel tenkt at det kom til å skje? Sant? Lassse held hovudet til Sara med begge hender og flettar fingrane inn i det blå håret hennar. Ho smakar øl og lipgloss, varmt, vått... og salt? Tårer? Lasse trekker seg tilbake. Ein skugge ligg over ansiktet til Sara, og Lasse byrjar å ane at ho har meir på lager enn tøys og latter. Det er han ikkje klar for.

Sara merkar at Lasse ikkje vil kysse meir og kjenner fleire tårer presse på. Ein augneblink er ho tilbake til haustferien i fjor: Pappa som sa ho kunne kome, og så ombestemte han seg. Sjølvforakta og spriten. Kniven og blodet.

Lasse sukkar. Og så gir han henne ein klem som varer ganske lenge medan han stryk henne på ryggen. «Ta vare på deg sjølv». Klemmen og orda frå Lasse gjer godt tross alt. Sara trekker omsorgen til seg som ein svamp på same måte som ho hadde lytta intenst til Lasse sin «tale» til Gunnhild tidlegare på kvelden.

«Eg må gå. Eg er dessverre ikkje så modig av meg», seier Lasse. Han ser ikkje på henne før han snur seg, går ut og let att døra. Kanskje tenker dei begge to på Gunnhild og kjenner seg litt skamfulle.

Sara håpar at alt ølet ho har drukke får henne til å sovne raskt. Søvn er vel den beste flukta, denne gongen også.

 


Tysdag 16.10.18 ( - av Vinkel)


Eg set meg til rette i bussetet, langt bakom dei to jentene. Det var ikkje meininga å tjuvlytte til samtalen deira i busskuret. Men det var jo ikkje til å unngå å skjøne kva det handla om. Så unge dei ser ut....

Eg og Marita var nok litt eldre den gongen ho vart gravid. Det var eit turbulent forhold, mildt sagt, og ingen av oss var klare for å ta imot eit barn. Ho var glad i å feste, hadde andre planar og ville ikkje slå seg til ro med meg. Eg sa at eg var glad for å sleppe barnebidrag. Så gjekk det eit par år. Eg kunne ikkje gløyme henne. Og livet ville det slik at det vart oss to etterkvart. Heldige meg. Fine, gode Marita. To flotte gutar har vi også fått.

Eg ser at jentene har sett seg i kvart sitt sete. Jaja, det er kjekt å ha god plass, det kan kjennast trongt å sitje for tett. VI er ikkje mange passasjerer her i dag. Får prøve å slappe av litt; det er jo eit stykke til Førde.

Den eldste guten vår var blitt 5 år då Marita snakka om det fyrste gongen. Tenk, så lenge etterpå. Tårene ville ingen ende ta då ho sa at ho kjende på sorg for det første barnet som aldri vart født. Eg visste ikkje kva eg skulle seie, eg er ein mann av få ord. Men eg holdt rundt henne og var der for henne så godt eg kunne.

Marita hadde tenkt meir og meir på det ettersom ungane våre vaks til, sa ho. Det var så trist. Ho visste at det ikkje var noko anna alternativ enn abort den gongen; vi var unge, ting var anleis, abort var til det beste. Og om vi hadde fått det første barnet, hadde vi kanskje ikkje fått dei to vi hadde no. Ho hadde sagt det til seg sjølv tusen gonger: Å angre fører ikkje noko godt med seg. Ein må stå for vala ein tar. Ho ville ikkje gjort noko anleis. Det var rett den gongen.

"Ja. Men det er lov å vere lei seg likevel". Sa eg.

Vi snakka om det berre eit par gonger til. Livet går vidare når ein får sørga ferdig.

Eg kan vel ikkje akkurat gå fram og ynskje henne alt godt; jenta med det blå håret. Eg er ein framand. Men av ein eller anna grunn kjenner eg meg uroleg over at venninna hennar ikkje sit ved sidan av henne. Livet skjer. Det er små ting og store ting. Så går åra. Store ting kan virke mindre når ein får dei på avstand. Medan ting som var små i utgangspunktet, kan vise seg å bli større ein ein hadde tenkt. Og når ein har levd ei stund lærer ein at ein får ta det ein får. Men det er lettare når ein slepp å vere aleine om det.

 


Sundag 14.10.18 ( - av Vinkel)

Sara fortel Gunnhild at ho er gravid

 

Sara føler seg rastlaus og finn ikkje roen på hybelen. Tankane går i sirkel. Ho tar på seg den gule regnjakka og går ned mot fjorden. Det er ein grå dag på fleire måtar. Skodda heng tungt både over fjorden og over tankane hennar. 
Musikk på øyra. «I have av voice, if I`m not to use it then who will?»
Sara er van med å ta avgjerder for seg sjølv. Det er ingen som brukar å stå over henne med råd og hjelpsomheit. Det er greit. 
Meir enn nokon gong er vel dette ei avgjerd ho faktisk må vere aleine om å ta. Sjølv om det er litt kaldt, set ho seg på bryggekanten.
Å lage lister brukar å fungere for Sara når ho må bestemme seg for eitt eller anna. Då kan ho tydeleg sjå fordeler og bakdeler med dei ulike vala og dra ein konklusjon på bakgrunn av det. 
Denne gongen treng ho ikkje lage liste. Ho berre veit det: Ho skal ikkje ha nokon baby. Ikkje no. Det er ikkje eit alternativ. Ho har ikkje tenkt å føkke opp livet sitt, for ho har andre planar. Så akkurat spørsmålet om ho skal ta abort er avklart.
Det er berre det at…. Vil ho klare det aleine? Gjer det vondt? Vil det bli masse blod? Sara knip augo hardt att og lagar ei grimase ved tanken... Og dessutan: Vil legen syns ho er…..dum?
Ho kjenner seg framleis rastlaus, reiser seg og går heimover igjen. Snart kjem Gunnhild tilbake. Ho bør vel fortelle om Lasse. Nei, ho orkar ikkje. Det var jo ingenting!
Det burde gå an å slette ting frå livet. Slik som internetthistorikk: «Et nytt vindu åpnes hvor du har flere alternativer å fjerne, merk av i boksen for å slette nettleserhistorikk og deretter fjernes den aktuelle perioden. Du kan velge mellom siste time, siste dag, siste måned….»
Jatakk. Sara har fleire ting å ho ynskjer å fjerne.. Ho går med harde steg, ser ned i asfalten, hendene langt nedi jakkelommane. Ååå, at ho kan vere så jævla dum!

 


Laurdag 13.10.18 (-av Vinkel)

Haustferien er over, Alex og Peter oppdagar at sofaen er borte. Spørsmål blir stilt i chatten mellom Vetsj, Trude, Porno og Normcore.

 

Namnet skjemmer ingen, seier dei. Nokre har kallenamn dei kjenner seg igjen i, andre får namn som er stikk i strid med det personen står for. Nokre gonger fortel namnet om ei fortid og står i vegen for ei framtid.

Mora til Torstein sit ved kjøkenbordet og ser tomt ut over Eidsfjorden. Ho hadde gleda seg til å ha guten sin heime heile haustferien; ikkje berre ei kort helg. Kanskje kunne dei finne tilbake til den gode stemninga dei hadde hatt før? Men det hadde vore ei utfordrande veke. Ingenting var blitt som planlagt.

Torstein hadde forandra seg mykje det siste året. «Kan du for faen slutte å kalle meg Toti!» hadde han brølt nesten før han kom inn over dørstokken førre helg. «Eg er ikkje ein liten dritunge lenger!»

Nei, det visste ho vel. Men han var jo guten hennar då.. Det kom automatisk. Akkurat som dei andre daglege, fine tinga: ruskinga i håret, ete måltid saman, gå turar på den gamle skogsstien. Men no var det akkurat som Torstein hadde laga nye reglar utan å fortelle henne om det. Ho måtte berre gjette seg til kva som gav poeng og kva som førte til tap. Det som tidlegare var fint og kjekt, var vorte feil og dumt i Torstein sine augo.

For det meste sat han på rommet sitt eller var ute med kameratar til langt på kveld. Og så virka han så sur liksom. Eller sint.

Kvifor var Torstein blitt slik? Uforståeleg. Eit par gonger hadde ho faktisk tatt til tårene.
Var det fordi han sakna far sin? Hadde det noko med skulen å gjere? Kjærestegreier? Ho hadde prøvd å snakke med han om det. På ein roleg og vaksen måte, sjølvsagt, men han hadde berre himla med augo.

Alt ho ville var jo å halde fast på slik det hadde vore før. Passe på han, gi gode råd, hjelpe han. Men i forgårs hadde ho mista tålmodet. Torstein hadde ikkje stått opp før klokka var over to, og sjølv om ho steikte egg og bacon til han, favorittfrukosten, sa han berre: «Eg stikke ut. Har du pengar til ein burgar?» Ho hadde kjent at det kokte over. Var han heime berre for å få vaska skittentøyet og mase om pengar?

«Skal vi aldri vere ilag og prate saman i denne ferien?!» hadde ho ropt. « Du har forandra deg sånn! Brukar du anabole steroider?» Då hadde han vist henne fingen og gått utan å seie eit ord.

Tilbake sit ho, skamfunn over å ha mista besinnelsen og minst like bekymra som før: Tenk om han brukar steroider..?

 


Torsdag 11.10.18 ( -av Vinkel)

Sara og Lasse får ein god tone og Gunnhild tar bilde av dei.

Tina er heime i haustferien og ligg slengt i sofaen og slappar av. Ho har nettopp oppdaga storyen til Gunnhild. Litt av eit bilde! Tenk at Sara flørta med typen til Gunnhild! Eller eksen, då. Så flaut for henne; ho som alltid skal vere så ovanpå. NO kjem det til å bli DRAMA i kvitehuset; det er opplagt. Tina skrollar vidare på telefonen før ho går tilbake og ser på bildet til Gunnhild igjen. «Bestevenninna», står det. Er dei blitt bestevenninner no; Gunnhild og Sara? Og kva gjer dei ilag i haustferien? Tina er nyskjerrig av natur og føler ho har gått glipp av noko.

Så tenker Tina på David. Han er reist til Oslo i ferien. Kva gjer han på skal tru? Skal ho sende han ei ny melding? Han er så dårleg til å svare! Tina syns han er litt treg på fleire måtar. Han burde skjøne det no; at ho er interessert og at neste utspel er hans. Så mange hint og sjansar han har fått, men så skjer det liksom ikkje noko meir. Ho sukkar. Og den gnagende kjensla av å bli oversett og lurt kjem sigande over henne. Tenk om David er med ei jente i Oslo? Ei som legg hovudet sitt i fanget hans og blunkar forførande? Kanskje han leikar med håret hennar og smiler til henne….. Og med eitt kan Tina liksom sjå det for seg. Å, så vondt det gjer! Så hensynslaust gjort mot henne; Tina, som elskar David over alt på jord – og som no står med hjartet i handa og er sårbar og aleine.

Sjølv om Tina først har kjent ei slags frydefull spenning over dramaet mellom Gunnhild og Sara, syns ho litt synd i Gunnhild også. Tina og Gunnhild deler ei felles skjebne, faktisk: Sara flørta med Gunnhild sin eks. Og kanskje nokon flørtar med Tina sin nesten-kjæreste akkurat i denne augneblinken... Den indre kampen er vond uansett. Alle har sine kampar. Stakkars Gunnhiild. Tina kjenner for å vere litt raus. Ho skriv like godt ei melding til henne: «Vi har ein ledig sofa i kollektivet vårt om du treng ein time-out frå bestevenninna di». Og masse hjerter. Send.

 


Måndag 08.10.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild og Sara ete bollar på Lauget og snakkar om dumme ting som har skjedd - og ler av det.

 

Alex er ingen kriminell. Han veit godt forskjell på rett og gale og vil i utgangspunktet halde seg på rett side av lova. Der er han og Luna litt ulike; ho blunkar ikkje sjølv når ho får Kniven til å skrive falske legeerklæringar. Men å dyrke litt marihuana til eige bruk – det ser han ikkje på som kriminelt. Så lenge han ikkje skadar andre eller tener pengar på det, kjennes det heilt greit. Litt som Kardemommeby: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil». Der er han og Luna heilt einige: Dersom ein berre lever etter prinsippa om solidaritet, anti-kapitalisme og ikkje-vald, treng ein ikkje så mange reglar og truslar om straff. Burde ikkje vore så vanskeleg. Det er imot Alex sine prinsipp å betale pengar inn i narkoindustrien eller gjere seg avhengig av ein dealer. Det kjennes derfor rett for han å dyrke sjølv. Han er dessutan enkelt for han; han er flink med planter. Sjølv om slyngplanten på rommet hans er av plast, så har han grøne fingrar.

Kvifor han byrja å røyke? Han hugsar ikkje heilt om det var ei konkret årsak. Men han har jo budd så mange plassar og møtt så mange folk gjennom livet, så tilbod og moglegheit fekk han tidleg. Og det er jo forbaska kjedeleg å berre vere flink og snill heile tida. Kanskje var det eit opprør? Som at Luna naskar i butikken og kallar det sin «protest»?

Men om ein spør kvifor han har røykt dei siste månadene, så kan han gi eit tydeleg svar: Han har ikkje hatt det bra. Han kjenner uro over om kven han er og kvar han høyrer til. Og då hjelper det litt med ei joint. Når han ikkje får sove… når kroppen stressar og han ikkje heilt veit korleis han skal halde ut … Så ja.... Han føler at kroppen reagerer positivt. Rusen får truleg i gang nokre signalstoff som dopamin eller noko sånt. Noko han manglar. Men Alex er såpass smart at han skjønar at han snart må stoppe opp og tenke seg om. Når røykinga blir ei flukt, kan den bli eit problem i staden for ei løysing. Kanskje.
Alex føler seg så aleine om dette. Kven kan han snakke med?
Det han også burde tenke på er: Kven kan han le med?
Hvis han hadde vore på Lauget i dag, og ledd saman med Sara og Gunnhild, ville han følt seg mykje betre. Fordi ein god latter med venner skremmer vekk angsten. Og gir kjensle av fellesskap og bedre sjølvtillit.
Kall det gjerne utløysing av endorfiner og opiode nevrotransmittere. For det er det det er.
Men det er også fint og godt.

 


Vindauge ( -av Sara i kommentarfeltet)

(funnet i kommentarfeltet på klippet "Slam" 28.02.19)

 

Du ser meg
Men du ser ikkje meg
Ser ikkje at eg søker blikket ditt
Smilet ditt
Hjartet ditt
Tida di
At eg treng at du ser meg
At du ser at heller ingen såg meg
Ser meg

Du ser meg
Men du ser ikkje meg
Du lar blikket gli
Gjennom meg
Søker noko anna
Noko du heller vil sjå
Og eg tenker
Er det slik det er å være luft?
Er det slik det er å være vindauge?

 


Laurdag 06.10.18 ( -av Vinkel)

Det er haustferie og Gunnhild blir overraska då Sara kjem tilbake på hybelen; ho skulle jo reise til Bergen og besøke far sin.

 

Sara er snart heime på hybelen igjen. Ho er så sinnsjukt trøytt. Tenk, at det hadde skjedd igjen! Når ho tenker på haustferien for eitt år sidan... nesten komisk at det same kunne skje igjen. Men i fjor fekk ho i alle fall vite at det vart avlyst før ho rakk å reise.
Beina vert som bly og hovudet verker når ho tenker på korleis ho reagerte i fjord. Ikkje bra.
Skulestarten på Sandane hadde vore røff og ho følte at alle hata henne, så ho var nedfor i utgangspunktet. Haustferien hjå pappa skulle bli ei fin pause. Eit par dagar før ho skulle reise, ringte han og sa at ho ikkje kunne kome likevel. Det hadde dukka opp noko uventa.

På torsdagskvelden før haustferien tok det heilt av. Sara drakk sprit for første gong og vart veldig full. Ein idiot hadde klenga seg innpå henne, enda han hadde dame frå før. Torstein var blitt sur og kalla henne for hore og idioten for noko enda verre. Det vart ein slåsskamp til slutt. Plutseleg dukka Alex opp, som ein god fe. «Hold hatten min», sa han til Sara - og gjekk i mellom Torstein og idioten. Han redda henne. Men Sara var full og fortvila. Ho sprang heim medan tårene trilla. Av ein eller anna grunn følte ho seg som verdas verste, mest avskyelege person, alle hata henne og ho hata seg sjølv. Det var ei kjensle av å vere trykt opp i eit hjørne, og ho kom seg ikkje unna. Korleis skulle ho halde ut?

Då ho tok kniven og byrja å skjære seg i armen, var ho framleis veldig full. Det kjendes som ei lettelse. Så vart ho redd. Alt blodet som byrja å renne! Ho ville jo ikkje dø!

Alex hadde kome etter henne. Ho hugsa ikkje heilt om det var ho sjølv eller Alex som ringde legevakten, men minnet om den iskalde tonen frå ambulansesjåføren som etterkvart dukka opp, kom ho aldri til å gløyme. «Dette er det ingen som døyr av. Du får finne fram noko plaster og ta deg saman». Som eit nytt slag i ansiktet.

Kva skulle ho gjort utan Alex den natta? Han var feen som redda henne 3 gonger. Først frå bråket og slåsskampen, så frå kniven. Og medan ho fekk grine ferdig, og etterkvart sovne med hovudet i fanget hans, redda han henne frå kjensla av å vere ei jente som ingen likte.

Søvn er ein betre måte å flykte på enn å skade seg. Ho er veldig, veldig trøytt. Snart skal ho legge seg.

 


Torsdag 04.10.18 ( - av Vinkel)

David og Gunnhild skal ha coopertest i gymmen, men Gunnhild rømmer

 

Gunnhild får panikk og går frå gymtimen nesten utan å tenke seg om. Ho set kursen mot skogen og prøver å ikkje la seg merke med den høge pulsen. Coopertest! Kva er poenget med det? Klart det er enklare for lærarane å setje karakterar når dei har målbare resultat å gå ut frå. Men er det nødvendig med blodsmak i munnen og nesten kaste opp berre for å springe seg fram til eit tidspunkt? Ho kjenner seg både sint og litt redd.

Yoga er tingen. Det var det dei skulle ha drive med i gymmen, og ikkje berre som oppvarming. Gunnhild er kome fram til skogen og føler seg rolegare. Ho dreg pusten djupt og set seg på bakken med ryggen inntil eit tre. Yoga tusen gonger framfor eitt minutt med cooptertest. Pust inn, hald pusten, pust ut. Pusting kan vere krevjande nok, det.

Yoga skal vere bra for så mykje. Tenk så fint: å stå i sirkel ilag med andre, men først og fremst kjenne at ein har kontakt med seg sjølv. Indre ro og fred. Balanse. Og i den grad ein får ei ut-av-kroppen oppleving av yoga, så er det fordi ein har ynskje om det. Gunnhild lener seg bakover og ser opp i trekronene. Det er nett som trea pustar dei og. Ho ser haustsola flimre og blenkje gjennom lauvet som byrjar å gulne.

Gunnhild prøver som så ofte før; å konsentrere seg om teoretisk kunnskap når kjenslene blir for vanskelege. Korleis var det med yoga no igjen..? Durga yoga er ei greie. Gunnhild leitar i hukommelsen sin…. Hmmm… Ho har lese noko om hinduismen. Durga er den største gudinna i hinduismen. Ei vakker og mektig kvinne med mange armar, gjerne ridande på ei løve. Ho er ein krigar som beseirar demonar. Durga har si eiga høgtid, og den er faktisk no på hausten. Ifølge tradisjonen har alle kvinner ein liten del av hennar kraft i seg.

Men kvar er krafta når det kjennes ut som ein held på å døy? Når kroppen ikkje lystrar og tankane ikkje er til å stole på? Snakk om demonar.

Gunnhild ser opp i trekronene igjen. Om ho let att augo..nesten… og let sollyset og haustlauvet danne bilete saman med fantasien..- så ser ho - Sara! Gunnhild må smile og plirer enda meir med augo: Sara som kjem ridande på ein einhjørning, med blått hår, sterk og vakker og med alle armane fulle av sverd!
Det er reine Gloppengaloppen!
«Kom an, Gunnhild, ver sterk!" seier Durga-Sara. "Du har krafta i deg! Død over demonane!»

 


Onsdag 03.10.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild snakkar med norsklæraren om at ho berre fekk 4 i karakter

 

TB til ungdomsskulen:
"Gunnhild har jo alltid vore teoretisk flink, og no i 10. klasse har ho særleg hatt god utvikling i norskfaget". Læraren ser smilande på Gunnhild og far hennar på andre sida av pulten. "Det er tydeleg at du er glad i å lese bøker og at det inspirerer deg, Gunnhild".
Nikking og smiling. Far hennar ser glad ut.
"I naturfag har du gjort det godt også. På den siste prøven om nervesystemet og hormonsystemet fekk du 5+".
"Du likar naturfag?"
"Ja, eg er opptatt av miljø og sånt også, så..." Gunnhild lurte på om ho skulle fortelje at ho alt var ferdig med å lese det nye kapitlet dei holdt på med no. Ferdig lenge før dei andre. Læraren kom henne i forkjøpet med eit nytt srpørsmål:
"Men sosialt då, Gunnhild, korleis syns du det går...trivst du betre no enn du gjorde i fjor?"
Klump i magen. Ho kjenner blikka til læraren og pappa på seg. Stille. 
"Det går fint".
Ho anar at pappa og læraren ser på kvarandre. Læraren trur at Gunnhild ikkje kan høyre det forsiktige sukket, men det gjer ho.
"Dei andre jentene har det jo veldig kjekt på handballaget på fritida. Du kunne ikkje tenkt deg å prøve deg der...?"
"Nei, eg er ikkje interessert". Gunnhild svarar raskt og set punktum for vidare idedugnad rundt tema "Korleis kan Gunnhild få venner".

"Så er det jo gym. Der har du hatt litt fråver. Det var ein vond ankel..? Korleis går det med den..?".
I augnekroken legg Gunnhild merke til at pappa snur seg raskt og ser på henne. Han har sikkert eit spørjande blikk, men ho møter det ikkje.
"Betre, eg skal ikkje vere borte meir".

"Så bra...." Læraren blar i papira sine og lurer på om Gunnhild eller far hennar har nokre spørsmål. Det blir litt småprat om at 10. klasse er det siste året, det er veldig viktig å yte sitt beste, viktig for vidare val, resten av livet.

Etterpå går dei ut i bilen. Pappa ruskar Gunnhild i håret etter han har festa sikkerheitsbeltet sitt. Ser på henne med smilerynker rundt augo. "Vetlegunnhild mi. Tenk at du er så flink på skulen! Det er alltid kjekt å vere med deg på slike samtalar. Eg blir så stolt".
Gunnhild kjenner at klumpen i magen er vekke og pusten går lettare.
"Hvis du vil kan eg godt forklare deg alt om ozonlaget og drivhuseffekten medan vi køyrer heim. Det er det vi held på med i naturfagen no for tida. Vil du høyre?"
"Klart det!" Pappa startar bilen. Han har ein liten klump i magen.

 


Onsdag 03.10.18 (- av Vinkel)

Chat mellom Gunnhild og Sara. Sara er best til å spele Gloppengaloppen.

 

TB til ungdomsskulen:
"Heia, heia!! Kom igjen, Sogndal, de klarar eitt mål til!!"
Foreldra står på sidelinja og heiar av full hals. Jentelaget spelar mot Syril og det er 2-2. Så spennande!! Engasjementet er stort blant publikum. Dommaren har alt vore nøydd til å snakke til ein far som var i overkant høgrøysta. Ingen merkar den kalde trekken frå Sogndalsdalen eller at det er regn i lufta. Vil det bli uavgjort? Det er ikkje lenge igjen.... Sogndal har spela seg framover mot målet til motstandarane… Men der snur kampen og Syril er brått i angrep! Hyling og rop frå sidelinja. Vil bortelaget klare å score akkurat i det kampen går mot slutten? Men nei.... ! Forsvaret til Sogndal er til å stole på, dei avvergar angrepet, sender ballen framover... er det nokon til å ta imot..? Ja, der! Sara Årdal spring raskare enn alle, hentar ballen og tar den med seg framover. Ho har full kontroll. Sender ei fin pasning til ein medspelar, ho spring framover, bak ryggen på ein motspelar…. "Her! Eg er med!" ropar ho. Publikum kokar og foreldra til Syril-jentene bit negler og ropar oppmuntrande ord ut på bana. Men Sogndal har kontroll. Sara har kontroll. Ho smett forbi forsvaret og sender ballen med voldsom kraft forbi ein sjanselaus keeper og rett i hjørnet på nettet. JA!!! Armane over hovudet. Jentene som stormar til. Vill jubel. Dommaren som bles i fløyta. Kampen er ferdig og Sogndal vann på heimebane! Den store, gode gruppeklemmen og handshakes og fairplay, takk for kampen. Sara scora 2 av 3 mål; ho er fantastisk! Det er alle einige om. Foreldra spanderer sjokoladekake i kiosken på barna sine.
Sara tar sykkelen og ropar "Hadet!" før det blir altfor tydeleg. At ho ikkje har nokon som ventar på henne på sidelinja.

 


Tysdag 02.10.18 ( - av Vinkel)

Dramaklassen har forestilling og mange gratulerer Sara med rollen hennar etterpå.

 

David ruslar litt rundt i sentrum etter teaterframsyninga. Han hadde levd seg så sjukt inn i den siste monologen til Sara der ho snakka om tette bygdesamfunn og alle-kjenner-alle problematikken. Sjølv om han kjem frå byen, kan han godt kjenne seg att i korleis det er å bli assosiert med familien i så stor grad at ein føler seg usynleg som person: «Å, vi ser at du er i slekt med onkelen din, ja!» Det kan jo gå både på utsjånad og interesser. Langt vanskelegare blir det når han må bære med seg forventingar om kva han skal gjere, meine, velje… berre fordi han kjem frå familien Ketema. Forventingar frå familien. Men også andre sine forventningar.
Der ligg Sandane Senter, kjøpesenteret i bygda. Kanskje han skal stikke innom? Begge foreldra jobbar der. Eller nei, best han reiser heim og lagar middag.

Han hugsar frå barneskulen då ungane snakka om kva dei ville bli når dei vart store. David ville bli sjef på brannbilen. Kameraten hans hadde sagt høgt og tydeleg: «Men David, DET kan du ikkje bli! Du kan jo ikkje jobbe som SJEF når du er BRUN!» Og så var det rådgjevaren på ungdomsskulen som sa: «Er du sikker på at ei akademisk utdanning er rett for deg? Du har ikkje tenkt på at yrkesfag innan Sal og service kunne vore kjekt?»

David sparkar i noko grus som ligg i vegen. Han vil at det skal vere mogleg å velje. Velje kven ein skal vere og kven ein vil bli. Nokre gonger kjennes det veldig trongt, sjølv om alle seier at ungdom i dag er fri til å velje kva dei vil.

Snart ser han taket på det store huset dei har flytta inn i. Det byrjar å kjennast som ein heim. Det har skjedd mykje nytt i løpet av hausten. Rollane han definerte seg sjølv ut frå tidlegare er delvis vekke. No har han ny heimstad, han er blitt eldre, går på vidaregåande, nye venner… Men familien er sjølvsagt den same. Det er jo trygt då. Han hugsar på det Sara sa i framsyninga: «Dei kan sjå meg, og eg kan sjå dei». Å høyre til ein stad kjennes trygt også, ikkje berre trongt.

Kva ville forresten mor hans seie om ho visste at han held på å få seg kjærast? Eller.. det ligg an til det i alle fall. David tenker på det Tina skreiv i den siste meldinga i går kveld: «Du er den mest omtenksomme, modne, snille og ansvarsfulle guten i klassen. Og den kjekkaste». Meldinga var veldig lang, men desse setningane hadde han festa seg spesielt ved. Ingen hadde sagt noko slikt til han før.
Viss han skal tore å tru på henne, så har Tina fått auge på noko ved han som hittil har vore usynleg. Noko fint.
David låser opp døra og møter sitt eige blikk i spegelen i gangen. Han burde kanskje skrive eit svar tilbake til henne?

 


Torsdag 27.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild står opp seint for å drikke juice og møter Ivar på kjøkkenet. Han er med Sara.

 

«Har du sett Ivar?» Torstein hang i døropninga inn til rommet til Luna.
«Han stakk ut for ei stund sidan, ha’kje peiling på kor», svarte Luna.
«Å».
«Var det noko?»
«Nei, tenkte berre å høyre om han ville henge. Lenge sidan. Og så pleier han jo alltid å sitte på rommet sitt».
«Ja, bak skjermen» Luna himla med augo.
«Ja...kva held du på med?»
«Skriv»
«Lekser?»
«Nei, ein ny song til schizophora»
«Å? Blir bra?»
«Mhmmm»

Torstein gjekk inn til seg sjølv igjen.
Måtte vere enkelt å vere Luna. Ho likte seg så godt i eige selskap og trengte liksom ikkje nokon andre. Ho virka fornøgd med livet sitt. Hadde kontroll og var fri og uavhengig, liksom.

Torstein trivdes ikkje så godt utan folk rundt seg. Han ville ikkje vere aleine og no sakna han dama si. Eller... dei hadde jo ikkje vore ilag direkte.
Han sakna Ivar og. Kanskje Luna hadde rett når ho kritiserte Torstein for å vere for mykje på treningssenteret og Ivar for å spele for mykje data. Dei burde vore meir ilag. Dei brukte å vere bros.
Torstein følte seg med eitt litt uroleg for Ivar. Fekk same kjensla som då mobben på ungdomsskulen låste han inn i garderobeskapet..
Kvar var det blitt av Ivar?

 


onsdag 26.09.18 ( - av Vinkel)

Husmøte om vaskerutiner, Peter og Gunnhild blir venner igjen og Sara seier ho treng ein rebound

 

Alex såg at vennene hans streva med kvar sine ting. På tomannshand med dei fekk han vite om litt av kvart. Dei følte nok at han var god til å lytte. Og at han kunne gi råd. Nokre gonger følte han seg ein slags fe. Ein slik som folk forventar skal dukke opp ved behov, men som ingen lurer på kva han driv med elles. Mest av alt kjente Alex seg makteslaus. Hvis han faktisk hadde hatt magiske evner, skulle han ha dryssa stjernestøv på både den eine og den andre slik at dei fekk orden på problema sine.
Peter skulle fått litt beroligande hokus-pokus slik at han ikkje tok seg så personleg nær av alt som skjedde rundt han. Klart det var slitsomt med Sara og Torstein som laga så mykje støy: smelling med dører, tramping i trappa, sex og skriking og bollekasting. Men om det skjedde igjen og igjen og igjen... Å kaste Torstein ut av hybelen var for drøyt. Hadde det vore opp til Alex, skulle Peter fått seg ein kjærast, så han kunne kjenne litt på livet sjølv.
Gunnhild skulle fått ein dose magi slik at ho senka skuldrene og ikkje prøvde så hardt. Ho var ei jente med utruleg mykje fint og artig inni seg, men ho måtte byrje å tru på seg sjølv og ikkje desperat søke bekrefting hjå andre. Etter at dei hadde vore på det gamle hotellet og leita etter dør til henne, følte han at han måtte vere forsiktig med kva han sa og gjorde for at ho ikkje skulle misforstå. Og samtidig vere ein venn. Ingen lett balansegang.
Så var det Sara. Ho skulle fått dei finaste tryllestjerner som fantes. Ho hadde vore der for han då han trengte henne. Etter at alt skar seg med Jo. Med latteren sin og alle rare idear. Sara var ein kunstnar som han, men visste det ikkje heilt sjølv enda. Sårbare, sterke Sara.

Alex sukka. Å strø tryllestøv på Sara ville uansett vore nyttelaust. Ingenting ser ut til å trenge gjennom skjoldet hennar. Han sakna henne.

 


Sundag 23.09.18 (- av Vinkel)

Peter og Gunnhild gjer lekser medan Torstein og Sara leikar fly.

 

Den kjensla. Av å vere barn og få lov til å snurre rundt, sveve høgt oppi lufta. Sara hugsar kjensla av kitling i magen og kor spennande det var. Samtidig trygt. Dei snille augo til pappa som kikka opp på henne. At dei lo. Sara hugsar dette, men ho tenker ikkje ofte på det. Det er kroppen som hugsar. Det er ei kjensle som har festa seg, kven veit, kanskje i cellene, i hjernen, i ryggmargen eller i hjartet.

For kva er kjærleik? Kjemiske proessar i kroppen. Kjensler er berre hormon; dopamin og oksytocin. Hvis ein kunne fått stengt av alle reseptorane for oksytocin i hjernedelen lateral septum, kunne ein praktisk talt aldri blitt forelska.

Den kjensla. Av å vere lita og gle seg til julekvelden. Til bursdag. Til sommarferien. Til pappa skulle kome. Slike minne er aldri framme i tankane til Sara. Det er historie. Sara lever i dag og framover. Og kvifor skulle ho tenke på pappa når ho er med Torstein? Det er ikkje logisk.

Nei, Sara tenker: «Kva feilar det Torstein?? Så mykje klemming og kos og snakk om kjensler!» Ho trekker seg unna. For det er lettare å forhalde seg til rett-på-sak sex, tøys og skriking når ein har bestemt seg for å ikkje bli forelska.

«Kva skjer, Sara? Har du tenkt å svare?»

«Ja, fuck you, dette gidd eg ikkje»

Ho ristar seg laus og går inn på rommet sitt, døra går att med eit smell.
Torstein ropar eitt eller anna, han har sint stemme og trampar opp trappa.

Sara legg seg på senga med andletet ned i puta, men ho grin ikkje. Ho grin ikkje over gutar liksom. Så dum Torstein er!! Hvis han berre hadde klemt henne meir i vår. Og snakka med henne om kjensler i sommar. Då ville ho blitt glad. Men no…etter at ho fekk vite om Marianne…
Du veit aldri kor tid nokon seier dei skal kome, men ikkje kjem.
Eller du håpar at dei skal bli, men så går dei.

Det heng ein plakat på veggen hennar. Ein einsam planet. Og Sara tenker ikkje over det, men ho og Torstein er som to planetar. Dei sirklar rundt i kvar si bane og nokre gonger nærmar dei seg kvarandre. Blir dregne mot kvarandre. Det er berre det at når den eine planeten er klar for å møtast, blir den andre så veldig, veldig redd for at det skal gjere vondt.

 


Laurdag 22.09.18 (- av Vinkel)

Kva kan ein drive med ein larudags formiddag? Bilde av Gunnhild med paraplyen.

 

Ei økt på treningssenteret i ro og fred. Ingen andre planar enn å gjere det han sjølv hadde lyst til i eit roleg tempo. Kanskje det var det som førte til at Torstein fekk ei ahaoppleving akkurat idag? I ein liten pause mellom roapparatet og benkpressen gjorde hjernen hans ei hittil ukjent øving; eit krumspring, eit lite skritt som kunne vise seg å bli eit kvantesprang. Nokre får openberingar frå himmelen, overbrakt av englekor. Ikkje Torstein. Men som frå ingenstader datt det kjente visdomsordet frå Spiderman inn i tanken hans: With great power comes great responsebility.

Han tenkte på krangelen med Sara torsdag kveld. Han hadde brølt « Det er ikkje mitt ansvar, ikkje skuld på meg!» Kanskje han måtte ta det opp til revurdering? Det var jo tydeleg at det han gjorde fekk konsekvensar. Marianne hadde grine i telefonen då han ringte tidlegare på dagen for å seie at han ikkje var interessert. Ho hadde misforstått. Var ikkje så rart kanskje, når han tenkte tilbake på sommarflørten. Og Sara hadde jo klikka heilt. Sjølv om ho sa at ho gir faen, så... ja... Ho var langt frå likegyldig til han. Det merka han jo seinare på kvelden for å seie det slik.

Torstein såg på seg sjølv i speglane på veggen. Han såg faen meg ut som ein gud... Og der kom det neste visdomsordet til han: «Den som er veldig sterk, må vere veldig snill». Det var sitat frå Pippi langstrømpe, ei litt mindre kul referanse enn Spidermann, men like sant.
Torstein gjekk vidare i treningsprogrammet sitt. Forundra over seg sjølv. Kjente seg litt vaksen med eitt. 
Då han gjekk heimover, var han rettare i ryggen. Om det var treningsapparat eller tankeøvingane som hadde gjort susen, var ikkje lett å seie. Men jammen skulle han vere snill med Sara i helga. Sjølv om ho hadde understreka at ho aldri vart forelska. Dei hadde noko bra. Som funka.

 


Fredag 21.09.18 ( -av Vinkel)

Gunnhild og Peter har gruppearbeid om franskoppgåve. Gunnhild prøver forgjeves å få i gang ein samtale face to face.

 

Peter tykte det var vanskeleg å vere han for tida. Det var så mykje drama på hybelhuset. Spesielt var han fortvila over greia med Gunnhild. Ubehaget var til å ta og føle på. Han berre lista seg rundt.
Men så var det i tillegg Sara og Torstein. Der var det snakk om eit meir høglydt drama. I går kveld kom Sara tidleg heim frå torsdagsfest i gule huset, rasande sint. Ho og Torstein stod i kvar sin ende av trappa og ropa til kvarandre. «Eg gir vel faen i om du ligg med ho der Marianne eller alle andre jenter på Sandane, men du kan be dei drite i å mase om det til meg når eg er på fest! Eg er ikkje eit føkkings sentralbord for jenter som har noko usnakka med deg!» Sara var raudglødande. Torstein brølte tilbake: «Det er ikkje min feil, slutt å skulde på meg!»
For eit bråk!
Peter gløtta forsiktig på døra si, men turte ikkje å seie noko. Ville ikkje risikere å hamne i skotlina. Best å vente litt. Etterkvart klarte han å kome seg på badet og pusse tennene utan å møte på verken Sara eller Gunnhild.
Han kraup under dyna og prøvde å tenke på korleis han skulle forholde seg til Gunnhild framover. Det beste var nok å vere heilt nøytral slik at ho skjønte for alvor at han ikkje var interessert. Ja, det var ein god plan. Kun snakke om lekser og alminnelege ting. Minst mogleg face to face.
Idet han holdt på å sovne, høyrde han skritt som gjekk i gangen. Ei dør som knirka. Var det Alex som sleit med å finne roen? Nei? Nokon gjekk inn på rommet til Sara. Sukk...
Peter skrudde på lampa og rota rundt i nattbordsskuffa etter øyrepluggar. Han burde snakke med onkelen sin om den dårlege lydisoleringa mellom romma. No trengde han øyrepluggane sine, elles måtte han høyre på Sara og Torstein bli venner igjen, og det orka han faktisk ikkje. Men ok. Då var vel det verste over for denne gong. Hvis no berre strategien med å vere nøytral og taus ovanfor Gunnhild funka, så var det vel lov å håpe på ro og fred igjen.

 


Torsdag 20.09.18 ( -av Vinkel)

Gunnhild serverer gode nudlar og fortel Peter, som nettopp er tilbake fra treningscamp, at ho har følelsar for han

 

Eline er på joggetur i trivselsskogen, på veg mot dagsturhytta. Ho føler seg lett på foten. Det hadde vore så kjekt å vere med Peter på treningscamp siste dagane! Ho kjenner det boble og sprudle inni seg når ho tenker på klassekameraten. Han er så fiiin! Og sterk og snill og – ja, ho er kjempeforelska. Ingen grunn til å prøve å nekte på det.

Som person er Eline egentleg litt reservert og stille, og det er jo Peter og. Dei hadde møttes på KRIK tidlegare, så ho visste kven han var før dei byrja på vidaregåande. Då ho oppdaga den underfundige humoren hans ein av dei første skuledagane, smelta ho. Og smilet… Ingen er finare enn Peter når smilet når opp til augo hans.

Campen var super og det gjekk slag med slag med styrkeøvingar, tur, undervisning … det var ikkje eitt ledig sekund. Både ho og Peter elska trening. Dei spela handball då uhellet skjedde. Peter fekk eit uheldig fall og skada armen sin. Ettersom ho var i nærleiken, vart ho med han og læraren på legevakten. Det virka som Peter sette pris på det.

Om ettermiddagen hadde dei prata dei saman, berre ho og Peter. Dei sat utanfor ei av hyttene og hadde kveldssola i ansiktet. Peter var nok litt prega av smertene, for han såg sliten ut. Men det var nokre meldingar på telefon som såg ut til å bekymre han mest. Ho hadde spurt han om det var noko gale.
Han svarte med eit spørsmål: «Du har sikkert gått på søndagsskulen?»
«Ja..?»
«Då hugsar du vel den sangen som heiter «Du er du og du duger»?
Eline hadde stemt i:
«Rask som ein røyskatt, treg som ein snegl, eller midt i mellom, eller midt i mellom? Du er du og du duger…».
«Ja. Eg tenkte alltid at eg skulle gjere mitt beste for at Gud skulle vere kjempefornøgd med meg. Ikkje noko midt i mellom. Ikkje berre dugande. Men best».
«Ungar tenker jo så mykje rart», svarte ho.
«Ja. Og eg tenker ikkje lenger at Gud forventar at eg alltid gjer alt rett»

Peter såg direkte på henne og ho holdt pusten. Tenk at han var så open og personleg med henne.
«Men eg forventar det av meg sjølv. Og det går ikkje så bra akkurat no».

Det vart ikkje sagt noko meir. Peter tykte kanskje han hadde sagt for mykje alt.

For Eline vart det ei heilt spesiell stund. Ho fekk ta del i Peter sine innerste tankar! Han stolte på henne og følte seg trygg nok til å la henne kome bak maska. Eline var redd for å øydelegge magien, så ho var berre stille. Lufta mellom dei vart fylt av noko ho ikkje klarte å setje ord på og nærleiken var like tett som om dei skulle vore hud mot hud, kanskje som i eit kyss…

Eline legg inn ein spurt og pustar tungt når ho kjem fram til dagsturhytta. Ho lener seg mot veggen medan ho tøyger ut.
Det måtte jo bety noko? Korleis kan ein vite om ein gut er interessert? Det at han deler sine innerste tankar med deg er vel eit sterkare bevis for at han likar deg enn om han faktisk hadde kyssa deg?

 


Tysdag 18.09.19 ( - av Vinkel)

Roadtrip til Refviksanden

 

Alex vreid seg att og fram i senga. Han hadde rett og slett fått eit søvnproblem. Han hadde trudd det skulle gå over i løpet av sommaren, men måtte innrømme at saknet etter Jo prega han meir enn noko han hadde opplevd før. Nettene gjekk med til grubling – eller kreative prosjekt for å få tida til å gå. I dag hadde han fritimar på slutten av skuledagen. Bilen til Ivar viste seg å vere den beste plassen å kollapse i fred og ro ei stund.

Hvis han berre kunne spole tilbake tida nokre månader! Han og Jo hadde hatt det så fint. Så hadde han rota det til rett før sommarferien ved å ikkje takle at Jo ville ut og oppdage verda, reise til San Fransisco. At det gjekk an å vere så smart som han - og samtidig så ubegripeleg dum. Han skulle ha støtta Jo i staden for å oppføre seg som ein barnsleg dust. Men han var så redd for å bli aleine igjen..

Og ein følte seg aldri så aleine som saman med nokon som var saman, eller ved sidan av dei – ja, eller korleis han skulle få sagt det: Sara og Torstein kunne verkeleg det med å få andre til å føle seg invadert og ekskludert på same tid.

Men Ivar og Gunnhild! Så fin tur han hadde hatt med dei idag! Ivar gjorde sitt beste for å underhalde og vere jøglar som vanleg. Samtidig var han ein god ven det gjekk an å prate med. Alex hadde fortalt han om bildeprosjektet han planla. Det skulle handle om «Å vere» i ulike former og på ulike stader. Eller noko sånt; var ikkje heilt i boks enda. Han hadde tatt fleire råbra bilder av Ivar i løpet av turen som han kunne bruke. Hadde vore kult å få eit bilde av Gunnhild i vatnet og, men.. Alex smilte for seg sjølv. Gunnhild var ei artig jente.

Når han såg tilbake på denne dagen, var det som ein regnboge hadde lagt seg over han. Litt regn, litt solskinn. Det minna han om biletet på Gunnhild sin instagram; det med dobbel regnboge. Bra bilde. Bra dag.

Tankane spann vidare slik dei ofte gjer i seine nattetimar. Han tenkte på regnbogeflagget. Første gong det vart brukt var i 1978 i San Francisco under ein Gay and Lesbian Freedom Day Parade. Alex hadde vist Jo vegen til å oppdage seg sjølv. Og motsatt. No var det ei heil verd som skilde dei.

Regnbogeflagget. Kvar farge symboliserte eit tema. Ein farge stod for seksualitet, sjølvsagt, men vidare symboliserte dei ulike fargane livet, sunnheit, sollys, natur, kunst, harmoni og sjel. Viktige verdiar for heile verda og for kvart enkelt menneske.

For han, for Ivar og for Gunnhild.

Heile verda i heile sitt fargespekter var faktisk på Refviksanden i dag. Alex kjenner seg nøgd med denne konklusjonen. Og det føles som om det skal bli mogleg å få seg ei god natts søvn for ein gongs skuld.

 


Sundag 16.09.18 ( - av Vinkel)

Sara vaskar golvet og Gunnhild fortel at ho har kyssa Peter/klina med Jesus

 

Alex sat på bussen på veg tilbake til Sandane. Bagen var full av reine klede som tante hadde bretta fint saman. Han kunne gjort det sjølv, altså, han visste godt korleis han skulle halde orden. Han likte å ha det ryddig på rommet sitt. Då visste han kvar han hadde alle tinga sine og slapp å bruke energi på å leite i rot. På den måten kunne han fokusere betre på det som var viktig; skulearbeid og kreative greier som musikk og kunst. Rot var det verste han visste.
Men ryddetrangen strakk seg ikkje over hans eigen dørstokk. Fellesarela følte han lite ansvar for. Kjøkken og stove var i konstant kaos, særleg etter at Gunnhild flytta inn i haust. Og rydde etter andre; det gadd han ikkje. Der var Sara god å ha. Ho hadde ikkje same evne som han til å late att augo, så ho tok i eit ekstra tak rett som det var. Smular på kjøkkenbordet og gammal mat i kjøleskapet stressa henne. Og når ho sette i gang, var ho effektiv som få. Ho svingte moppen over golvet og tørka støv som ein tornado. Ommøblering skjedde stadig vekk. Og Sara var grundig. Det var alltid herleg å slenge seg i sofaen etter at ho hadde shina opp på hybelen. Kjenne roen som fylgjer med eit reint og ryddig rom.
Alex hadde bittelitt dårleg samvittighet for at dei overlot så mykje av ryddinga og vaskinga til Sara. Men han hadde det jo så travelt sjølv og var ikkje så mykje på hybelen faktisk…. Ofte gjorde han lekser på skulen eller var på musikkrommet.. Så.... Slik vart det berre. Alex rydda etter seg sjølv. Det fekk vere bra nok. Var det ikkje?
Han kjente samvittigheiten vrenge seg litt. Snille Snara. Han bestemte seg for å spandere bollar på Lauget ein dag.
Berre ho ikkje vart heilt "Trude" og byrja å mase på chatten igjen. Uh…

 


Sundag 09.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild og Alex leiar etter ei ny dør til henne i ein bygning som står til nedfalls og Gunnhild lurer på om Alex likar jenter eller gutar.

 

Uhuuu… Kven går i gangane mine og lyser i mørket? Og der… eit hyl… utan at eg har gjort noko for å skremme henne.? Å, det er ein til her, ja…. Ein som vil vere morsom. No går dei opp trappa. Kva vil dei eigentleg her?
Lenge sidan sist det kom nokon. Ikkje så folksomt her som det var på Gloppen Hotel. Eg måtte jo flytte derifrå etter oppussinga. Tenk at dei fjerna rom 301 berre fordi eg likte å skravle litt om kveldane. Jaja, no bur eg her.
Eg får lage litt kulde og banke i veggene, så forsvinn dei vel snart…. Eller vent.. kanskje det er nettopp desse eg har venta på i hundre år? Er det no eg skal få svara som gjer at eg kan kome meg vidare, gjennom "den siste døra" til den andre sida? Eg får høyre kva dei pratar om, så kanskje dette kan vise seg å bli redninga mi.
Livet mitt var ikkje dårleg, så det er ikkje derfor eg ikkje ha funne roen og svevar rundt i desse gangane. Men eg har så mange spørsmål. Spørsmål som plaga meg heilt frå eg var lita til min siste dag. Og for så vidt etter det også.
Dei som høyrde meg om kveldane på Gloppen Hotell, sa at det var ein kvinnestemme som kom ut av veggen. Ja, eg var kvinne den gongen eg levde. Eller var eg? Det er dette som er mitt store, ubesvarte spørsmål. Eg har grubla på det og anaylysert meg sjølv i alle år utan å finne svar. Så korleis var eg? Eg gifta meg aldri. Men var svært forelska i venninna mi – noko eg aldri fortalde henne, sjølvsagt. Eg var grovbygd og sterk. Om eg hadde fått velge, ville eg vore skogsarbeidar og levd eit fritt liv i villmarka. Så då var eg vel ei kvinne som likna ein mann? Eller ein mann som likna ei kvinne? Eg likte jo også å brodere og drikke te av små, fine koppar. Mange kalla meg ei ekte skravlekjerring i godt lag.. Og når nokon vart sjuke, var det alltid meg dei ynskte hjelp og omsorg frå. Kanskje var eg både kvinne og mann?
Slikt kunne ein ikkje snakke om før.
Ungdomane i dag er mykje modigare til å spørje, heldigvis. Men kven kan hjelpe meg å finne MINE svar? Var eg mann eller kvinne – eller ingen av delene!?
«Kanskje du skal finne ut kvifor du absolutt må vite det?».
Hmmm…. Kvifor eg absolutt må vite det? Har aldri tenkt på det på den måten.
Kvifor må eg vite det?
Eg var jo meg.
Det får vere bra nok.
Og hundre år med grubling får vere bra nok det og.
Du skal sjå at akkurat idag fekk eg hjelp til å finne den siste døra.


Torsdag 06.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild lener seg på Alex og blir døypt.

 

Ivar gjekk opp trappa for å finne rommet sitt. Festen var i ferd med å ta slutt. Han hadde prøvd å ha det gøy og vere underhaldande, ikkje bry seg om om Sara og Torstein som tydelegvis hadde tatt opp att tråden frå i vår. Inni seg ba han om at dei ikkje skulle kome opp i andre etasje i løpet av natta, men halde seg nede. Det var nok at han hadde sett dei, han trengde ikkje å høyre dei i tillegg.
Jakob Sande visste korleis det var, han. Å vere forelska i ei jente som ikkje vil ha deg, men ein annan. I årevis var han forelska i Haldis Moren Vasaas, skreiv brev til henne og håpa på at det skulle bli dei to. Også etter at ho var blitt saman med mannen sin, Tarjei Vesaas, var Jakob forelska i Haldis. Kanskje var det Jakob Haldis tenkte på då ho skreiv diktstrofa: «Den kjærleik som aldri vart liv, som aldri vart anna enn ein draum, kan vere den varigste».
Bortkasta tid å tenke på Sara. Han burde gjere noko for å kome over henne. Men kva.. Tomt for kiwiøl var det også no. Uansett, øl var ikkje god medisin for kjærleiksorg. Jakob Sande fekk faktisk store alkoholproblem etterkvart. Sjølv om han gifta seg med Solveig.

Uansett. Han og Gunnhild hadde hatt det kjekt på festen då han omsider fann høve til å deklamere ferdig diktet «Etter ein rangel». Det var tydeleg at ho hadde høyrt det før, for ho var med på spøken og fullførte setningar som han gløymde. La det til og med ut på instagrammen sin. Det kunne godt hende ho var ei jente som likte dikt og bøker like mykje som han. Han skjønte ikkje heilt kva som skjedde då ho vart sur og stakk. Kanskje han hadde prøvd for hardt; det der med å ha det gøy og vere underhaldande. Det var jo typisk han å starte med diktlesing, halde tale og slikt. Vart vel litt mykje for folk. På neste fest skulle han halde kjeft og heller prøve seg på dansegolvet slik som andre gjorde.

Ivar la hovudet på puta og let att augo. Det tok tid før han sovna. Det var ikkje så lett å setje ord på, men han hadde ei kjensle av både sorg og håp. Ting måtte jo endre seg. Det kunne ikkje gjere så vondt i årevis. Så kom han på eit dikt at Olav H. Hauge:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Ivar drog dyna godt rundt seg. Det ville vel bli hans tur og ein gong.


Torsdag 06.09.18 ( - av Vinkel)


Gunnhild sin bursdagsfest.

«Hei! Peter! Ta deg ei øl då!» Ivar veivar med ei flaske og er på tilbodssida. Han veit at eg ikkje vil ha. Eg må riste på hovudet og smile, han nikkar og seier det er greitt. Det er det same kvar gong; folk spør om eg vil ha drikke, eg seier neitakk. Fleire gonger i løpet av kvar fest. Som eit rituale eg må gjennom.
Og så pleier det å vere nokon som spør: «Men kan du ikkje drikke fordi om du er kristen?». Klart eg kan det. Det står i Bibelen at alt er lov, men det er ikkje alt som gagnar; altså ikkje alt som er bra. Eg treng berre å sjå meg rundt her. Der er Gunnar. Han måtte flytte i fosterheim på grunn av foreldre som drakk. Og Elise har ei søster som sit i rullestol på grunn av ein fyllekøyrar. Når eg er så heldig å kjenne Gud, og han ber meg elske min neste; kvifor skal eg då buke alkohol?
Eg er ein person som tenker nøye gjennom kva eg gjer og kvifor. Det må vere samanheng mellom dei verdiane eg står for og det eg gjer. Ettersom Ivar sette an tonen med eit dikt, kjem eg på ei linje frå Ibsen sitt stykke om presten Brand som sa «Vær ikke ett i dag, i går, og noe annet om et år. Det som du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt».
No gjekk det ikkje så bra med Brand i stykket til Ibsen, men det var det vel fleire årsaker til. Det ville ikkje gått så bra om alle var som Per Gynt heller. Vingle hit og dit og ikkje stå for noko som helst.
Altså, eg likar festar til eit visst punkt. Før folk byrjar å snakke utydeleg og bli sure eller lei seg. Festane startar alltid hyggeleg og eg kan vere einig i at det er lettare å få praten til å gå når folk har drukke litt. Det skjer noko med stemninga. Alle forventar at gode ting skal skje. Det blir på ein måte lov å gi komplimentar, vere vittig, gi ein klem. Det er akkurat som alkoholen blir eit signal om at «No skal vi ha det gøy!» Sannsynlegvis kunne det same skjedd om vi bestemte oss for å bytte ut øl med partybukser. Som at «No har vi tatt på dei rare buksene! Det er signalet for at moroa kan byrje!» 
Etterkvart pleier festane å bli sånn.... Ikkje så trivelege lenger. Folk byttar liksom fjes og eg får ikkje kontakt lenger. Då ser eg berre rotet og tenker på at det blir mykje å rydde opp i dagen etterpå. Ein ting er sikkert. Så lenge eg brukar partybukser i staden for øl, slepp eg i alle fall å bli bakfull.

 


Onsdag 05.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild og Sara bankar på i 2. etasje, møter Ivar og Luna og får kiwi-øl.

 

Torstein slappa av på senga etter ei treningsøkt. Luna kom innom rommet hans og sa med eit lurt smil: "Det skal vere fest i første etasje på torsdag, og alle er invitert". Ho blunka til han: "Og Sara nemnde deg spesielt". Han kasta ei pute på henne og flirte: "Hold kjeft. Kan ikkje stole på eit ord du seier!" Men inni seg kjente han at han vart glad. Han hadde sett eventen som Sara hadde laga på facebook. Han skulle nok kome.
Men Luna, altså... kunne ikkje stole på henne eitt sekund. Tidlegare i dag hadde ho tatt telefonen hans medan han var i dusjen, og trur du ikkje ho sendte melding til gymlæraren: "«Ettersom eg har den beste kroppen i klassen, vil eg gjerne få vist meg meir fram i gymtimane. Ok at eg demonstrerer eit par oppvarmingssett i morgon?» Crazy bitch....

Der tikka det inn ei ny melding på telefonen.. kven var det frå..? Å, søren, det var ho der igjen. Ho der...Marianne. At ho ikkje kunne forstå at han ikkje var interessert! Dei greiene i sommar var jo berre på tull, han hadde ikkje rekna med at ho skulle legge så mykje i det. Han vart heilt stressa av slikt. Kva skreiv ho no? "Kvifor spelar du så hard to get?". Nei, dette gadd han ikkje svare på.

Så Sara hadde nemnd han spesielt? Ho var litt vanskeleg å skjøne seg på, men dei hadde drive på lenger enn nokon andre han kjende. På og av sidan første skuledag. Sara var veldig..grei. Kunne til og med prate med henne, hvis det var seint på kvelden og han hadde nokre øl innabords. Våren hadde vore fin. Så kom sommarferien.
Helga før skulestart hadde han ordna DEN festen, skikkeleg kult opplegg både lørdag og søndag, men Sara hadde han nesten ikkje sett. Ho verka liksom så overlegen og uinteressert.
Å, jenter! Det var heilt umogleg å forstå seg på dei. Torstein sukka tungt, lente seg bakover og la ei pute over hovudet. Bitches be crazy....

 


Tysdag 04.09.18 ( - av Vinkel)


Alex øver på musikkrommet når Sara og Gunnhild bankar på for å spørje om det er greitt at dei har torsdagsfest.

Det var ikkje det at han var perfeksjonist, men lyden måtte sitte. Dette skulle bli det beste han hadde laga. Stemma byrja å bli hes, men det kunne vere akkurat det som skulle til for at brølet skulle bli sånn som hadde tenkt. Han gjorde eit nytt opptak. Var kome ut av tellinga. Vel, kanskje han var litt perfeksjonist, då.

Det var ikkje fordi han på død og liv skulle vere original. Det var strengt tatt umogleg i dagens samfunn. Det meste var gjort av nokon frå før. Musikken, kleda, stilen, meiningane, ideene. Men Alex lukkast med å både vere ein outsider og maxe seg sjølv i systemet. Kven andre såg ut som han, røyka, var kreativ og fekk toppkarakterar til og med i matte? Vel, kanskje litt behov for å vere original.

Det betydde jo ikkje at han følte seg betre enn andre. Andre var berre opptatt av ...andre ting. Mange likte å ha det enkelt. Musikken skulle helst kunne spelast på alle radiokanalar. Spørsmål som meininga med livet og kva er den optimale styrken på eit brøl, vart møtt med tomme blikk og usikre smil. Dei likte enkle ting som festar, streva etter likes og hadde overfladiske forhold utan meining og djupn. Smalltalk og sosiale konvensjonar. Vel, kanskje han følte seg litt betre enn andre, då..

Det var ikkje det at han var ein loner. Han var tross alt eit menneske, og ein venn. Sara, for eksempel, var heilt anleis enn han, men ei god venninne. Dei var blitt godt kjent førre skuleår. Ho var morosam og lett å vere med. Ikkje så komplisert, men ekte. Ho var jo veldig opptatt av Torstein, då. Og no var det Gunnhild. Alex kjente litt uro: Hadde han vore for open med Sara? Vart ho skuffa då ho skjønte korleis han egentleg var?
Vel, litt loner var han.

Snart sit det. Brølet.


Måndag 03.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild møter Torstein for første gong - og vaktmeistaren i gymsalen.

 

Skal eg vere ærleg, er eg litt skeptisk til dette nymotens miljøreinhaldet. Før i tida brukte me grønnsåpa og visste at det vart reint. Me som var vaktmeistarar dreiv no elles mest vedlikehald, snikring og slikt. Det var vaskedama som tok seg av moppinga.
Jaja, det er lett og fint arbeid, kan ikkje seie anna, her eg går.
Ikkje alt var betre før, det er i alle fall heilt sikkert. Det er mange som klagar over ungdomane no for tida, men det er berre tull. Dei var mykje verre før. Eg hugsar godt den tida eg måtte fikse øydelagde ting rundt skulen etter kvar helg, plukka knust glas og skåle vekk oppkast alle stader. Det var fleire som var frekke også. Det var vanlegare å høyre høglydt dritslenging og banning.
Verstingane var det eg som fekk. Ikkje så mykje spesped i dei tider. Når lærarane var leie, var det ut på gangen med dei, og så kom dei tuslande til meg. Men sjølv den verste uromakaren kunne vere god på botn, det erfarte eg ofte Eg fann som regel noko dei kunne putle med; byte lyspærer eller feie trappa. Men eg prioriterte alltid å få tid til ein prat også. Mange gonger delte eg nista mi med ein rabagast som ikkje hadde foreldre som sytte for at det var brød i boksen. Det var meiningsfullt, tykte eg, og eit par av karane har helde kontakten opp gjennom åra. Han eine ringde faktisk førre veke og fortalde at han var vorten far i vaksen alder. Fint å høyre at han hadde slege seg til ro; han fekk eit turbulent liv.
Nei, ungdomane i dag er kjekke. Trenar, lese lekser, er greie.
Der går det i døra, kven kan det...?
"...og hvis du hadde sett det hadde du vore ein pedo i tidsmaskin!"
......

"Har du sett Peter? Helgheim?"

Det er klart, noko har forandra seg med åra, og det er ikkje alt eg klara å henge med på. Data for eksempel. Sosiale medier. Tidsmaskiner og sånt. Nei, det er mykje eg ikkje veit noko om.

 


Sundag 02.09.18 ( - av Vinkel)

Sara kjem heim og finn Gunnhild på sofaen. Gunnhild har «feira» bursdagen sin aleine og Sara ber henne fortelje kva som er gale før ho klikkar.

 

Sara er kjempesliten. Det har vore ei travel helg. Ho har vore med gamle venner i Sogndal og... ja... venner og venner.... det føltes egentleg mest slitsomt. Akkurat som ho ikkje kan vere seg sjølv saman med dei lenger. Er det ekte venner når ein er nødt til å fake gjensynsglede? Ta på maske, liksom? Godt å kome tilbake på hybelen. Lurer på om Torstein er komen tilbake også?

Kva gjer Torstein på for tida, forresten? Kvifor virkar han så uinteressert? Dei har jo knapt snakka saman etter at skulen starta. Så mykje som dei var ilag i vår, og alt det fine han sa! På sin måte då. Torstein er jo ikkje den typisk romantiske kjæresten liksom, men ho var blitt så godt kjent med han og oppdaga at han var skikkeleg fin. Klart han er jo veldig fin å sjå på, men han var fin inni og. Før dei tok sommarferie hadde han fortalt så mykje om seg sjølv, kva han var redd for, triste ting han hadde opplevd og slikt. Og det gjer ein jo berre til veldig gode venner. Det er jo ikke alle ein føler det naturleg å ta av maska for. Så ho må vel bety noko for han? Han vil vel ikkje berre kutte henne ut sånn utan vidare? 
Oj, her er jo Gunnhild! Har ho vore på hybelen heile helga? Så trist ho ser ut. Like trist som då ho dukka opp med tårer i augo på workshopen til dramaklassen. No MÅ ho berre fortelje kva som plagar henne. 
"Hei! Eg heiter Sara og forlangar å snakke om dine følelsar.
- Men mine eigne er det ingen som får vite noko om".

 


Onsdag 29.08.18 ( - av Vinkel)

Lasse slår opp med Gunnhild.

 

Eg kjenner at det kriblar i heile kroppen når eg tenker på at han er blitt min. Og at han skal gjere det slutt med Gunnhild i dag på grunn av at han likar meg betre. Eg føler meg berre så... prinsesse, eller noko slikt. Han gjer liksom alt for meg. Han hentar og køyrer meg overalt og til helga skal han kjøpe øl, både til meg og Silje. Og så er han så omtenksom og seier at han skal nok passe på meg når vi er på festen, og så blunkar han. Hihi..
Men tenk at han har vore saman med Gunnhild frå A-klassen, det er jo litt rart egentleg. Men det er klart... Lasse har jo eit rykte. Han har vel ikkje vore mors beste barn. Eg har ikkje sagt noko til mamma heller, eg, enda.

Men no vil alt forandre seg. VI har allerede snakka om at han må vaske bilen. Den er jo heilt svart både inni og utanpå. Og så berre MÅ han klippe seg. Håret hans er litt.. teit. Trur det blir kjempefint om han får maskinklipp. Så ser det litt meir normalt ut, sa eg til han. "Normalt...?" sa han, men det er klart det ER mange ting han ikkje heilt har greie på. Sosiale medier og sånt. Men eg skal hjelpe han så godt eg kan.

I går var så fint. Vi sat i bilen hans og kyssa og han vart heilt oppslukt, henedene hans var overalt og han kunne nesten ikkje styre seg. Hihi… - men det må han inntil vidare. Vi sender jo bilder og sånn, men han kan ikkje få alt på ein gong. Men eg følte at vi var skikkeleg nære og eg kviskra i øyret hans at "Lasse...du kan bli ein heilt fantastisk person.."

 


Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar