Siloen min - av Vinkel

 

 

                          

Siloen min
er ikkje bedre enn siloen din.
Han er som andre siloar:
Ein diger tank, hard og solid,
eigna for lagring av produkt i bulk,
store mengder, usortert.
Siloen min er nett slik som din:
Flytande og kaotiske kjensler
vert haldne på plass
av rammer vi tileignar oss
når vi speglar oss i kvarandre.
Påfyll skjer frå toppen,
men uttaket skjer i botnen.
Der tyt det ut,
framleis usortert,
ukontrollert,
lagra over lang tid,
ofte syrleg.

 


1 kommentarer

Navn: Mie
Tidpunkt: 2021-11-20 15:18
🙌

 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S     

Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar