Siste dagen i haustferien
Ein føler seg aldri så populær som når ein kjem inn i eit geitefjøs! Ivar trør over dørstokken, snusar inn den stramme lukta av geit og kjenner trommehinnene vibrere av breking og romstering frå geiteflokken. Den grøne dressen frå Felleskjøpet er sliten, han må få tak i ein ny neste gong han kjem heim. Men no er han klar for siste økta i fjøset før han reiser tilbake til Sandane etter vinterferien. Det var vore kjekt å få jobbe litt og gjere kjente rutineoppgaver igjen. Hovudet hans har hatt godt av å koble av frå skule og hybelliv ei vekes tid.
Når han er ferdig med stellet, tar Ivar seg litt ekstra tid med Frank Zappa. Set seg på krakken ved sidan av og ruskar geita i ragget. Ein siste prat. Zappa er blitt godt oppdatert siste veka og kjenner til alt om Frida. No kan Ivar fortelje at dei har snakka om å møtast også. På grunn av avstanden og skulen og alt det der kan det tidlegast bli i påsken. «Kva tenker du om det, Zappa?» Ei klauv kjem opp og støyter mot kneet hans. «Du heiar på meg, Zappa, det har du alltid gjort». Ivar treng berre mumle, for Zappa skjønar han uansett: «Det er vanskeleg å spå om framtida. Kanskje blir Frida jenta mi for alvor, kanskje ikkje? Kan uansett ikkje eige nokon". Ivar føler seg som verdas heldigaste gut. "Det viktigaste er at vi har det fint når vi er saman. Og det har vi». Zappa får litt ekstra snack og ein klem før Ivar seier takk for no og går.
Zappa er unik. Alltid tilstades når han treng å nokon å dele hjartet med.
2020-03-27 06:29 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster