Torsdag 28.03.19 (-av Vinkel)

Alex har annonsert at han skal flytte til Bern. Sara, Gunnhild og Peter avtalar at dei må snakkast for å prøve å hindre dette.

 

Peter hadde lova å kome heim til foreldra ein tur i kveld. Det skulle no gå bra. Du skal ære far din og mor di, stod det i bibelen. Dette var eit bod som Peter hadde streva med, men som han hadde funne ei løysing på: Han kunne ha respekt for dei som personar, men samtidig ha lov til å vere uenig med og til og med sint på dei. Hovedstrategien dei to siste åra hadde vore å halde avstand og lage seg sitt eige liv. 
Det var bror til mor hans, onkel Gabriel, som hadde råda han til å flytte på hybel allerede i 10. klasse: «Det blir bra for deg, Peter, så får dei andre styre på med sitt. Du kjem til å greie deg fint».

Onkel Gabriel hadde liksom alltid sett han og hatt trua på han. Der foreldra stilte umoglege krav, sa onkel Gabriel at det var godt nok. Når foreldra sine konfliktar overdøyvde alt, tilbydde onkel Gabriel stillheit og ein kopp kakao. Onkel visste nok at hybellivet kunne ha sine utfordringar, men stolte på Peter sjølv om han var ung. 
Peter var jo heime av og til, sjølvsagt. Og foreldra hadde sine gode sider. På ein måte følte han litt ansvar for dei også. «Hvis foreldra mine skulle flytte til Sveits...» tenkte Peter for seg sjølv, «...korleis ville det vore?». 
Han tykte at tanken på at Alex skulle flytte var verre. Men Alex hadde eit anna forhold til foreldra sine enn det Peter hadde. Han måtte jo gjere det som var best for han sjølv. Alex kunne ikkje gå imot sine eigne ynskje berre for å please Peter, Gunnhild og Sara. Kanskje det var best for han å berre fare?
Men det kjentes veldig tomt og rart å tenke på det... at Alex skulle flytte. Plutseleg kjente Peter seg uroleg. Kanskje var det ikkje det at Alex sakna foreldra sine eller syns det ville bli kult å bu i Bern. Kanskje var det noko her på Sandane, - kanskje på hybelhuset- , som han ville flytte frå? Peter svelga tungt. Og ein liten tanke om at ikkje hadde tatt nok ansvar byrja surre rundt i hovudet hans.

 


 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S