Sara legg ut eit opptak av Alex som poserer i chaten Its a Trapp. Sorry, not sorry :)
Luna sat på rommet sitt og følte seg ganske sikker. Ho hadde endeleg bestemt seg for å seie det: «Sorry» til Ivar. Det var ikkje ofte ho tok det ordet i bruk, men ho hadde tenkt mykje på det siste tida. Ho ville snakke med Ivar og beklage oppførselen sin. Ho innsåg at ho hadde vore altfor kritisk og snakka nedsetjande både om dataspeling og andre ting som han gjorde. Det var ikkje det at dei ikkje var på talefot; ting gjekk greitt i kvardagen. Men likevel låg det noko under overflata, og Luna var klar over at det var ho som måtte seie det: Sorry.
Ho skulle jammen banke på døra hans med det same.
Luna visste at ho ikkje ville vurdert å seie unnskyld for noko som helst for nokre månader sidan, men ho hadde endra seg. Det var Gunnhild som hadde vist henne vegen. Å innrømme feil og vise seg sårbar var skummelt, men Luna kjente seg klar for det. Ho ville ikkje gøyme seg bak eit image av å vere kul og uavhengig lenger. Ho følte at ho ville bli meir... open. Gunnhild hadde opna henne.
Luna nærma seg døra til Ivar, men stoppa seg sjølv idet ho skulle til å banke på. Hadde Ivar besøk? Nei, det høyrdes ut som FaceTime. Hyggeleg småprating og latter. Ei jentestemme som sa noko om busstider og Ivar som svarte at han skulle stå klar med bilen når ho kom. Luna fekk ikkje med seg alt, men det var noko med «gleda meg til påsken» og «kan bli til laurdag hvis det er ok». «Klart det».
Luna gjekk tilbake til rommet sitt, la seg på senga og stirra opp i taket. Til og med Ivar, altså. Kva var det alle andre hadde skjønt som ikkje ho fekk til? Dette med å vere ilag med andre og få det til å funke. Enkelt og greit, liksom.
Luna undra seg.
Det måtte vel gå an for henne også å kome dit?
Men korleis?
Ho ville snakke med Ivar og seie sorry så snart ho såg han neste gong. Av ein eller anna grunn kjentes det som eit viktig skritt på vegen.
2020-04-10 20:54 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster