Sundag 10.03.19 ( -av Vinkel)

På tysdag skal Luna og Schizophora overraske Gunnhild med songen dei har laga til slamdiktet hennar.

 

Det er laurdagskveld, eller rettare sagt natt til søndag. Luna og Billie skravlar og timane går fort. Orda kjem lettare jo meir mørket smyg seg rundt dei og dei tenner stearinlys. Dei varmar seg på heite te-koppar. Luna bestemmer seg for å lette hjertet for Billie. Sjølv om ho er redd for å seie for mykje, fortel ho Billie såpass: At Gunnhild røpa noko om Sara som ho ikkje skulle seie vidare, og som Luna trudde Torstein visste frå før og så... ja... hadde ho forsnakka seg. Men då Gunnhild konfronterte henne med det, hadde ho nekta.
"Du må jo berre seie det som det er då, Luna, at du forsnakka deg til Torstein ved ein feil".
"Nei, det kan eg ikkje...Ho er så glad i Sara og det blir berre tull. Dessutan lova Torstein å ikkje seie at det var meg som sa det, så ingen treng å få vite om det".
"Men det er det einaste rette å gjere, Gunnhild må få vite korleis det heng saman". Billie høyres overbevisande ut.
"Det går ikkje... Du veit jo ikkje kva det handlar om, Billie!".
"Nei, og eg vil ikkje vite meir heller, det er ikkje min business. Men eg veit kva som er rett å gjere uansett".
Stillheit. Billie lagar seg enda ein kopp med bringebær-te og kroar seg med beina oppi senga. Ho rører i koppen og ser bort på Luna med eit skrått blikk.
"Du er ikkje akkurat ein kjæreste-type, Luna"
Luna himlar med augo og ler. "Herregud, Billie! Du veit eg ikkje fordra labels. Kvifor skulle eg vere opptatt av å vere ein bestemt kjærestetype?"
"Å vere kjærestar er å vere ærlege og kunne stole på kvarandre. Trust me, I know. Eg hadde ikkje kunna vore saman med Michael sidan ungdomsskulen dersom vi ikkje hadde vore ærlege og stolt på kvarandre".
"Gunnhild er ikkje som Michael"
"Altså eg anar ikkje, Luna; men eg føler ikkje eg er blitt kjent med Gunnhild eigentleg. Ho prøver jo stort sett å likne på deg".
Stillheit. Luna tar ein stor slurk med te og ser på eit punkt på veggen bak Billie.
"Det kjem til å ordne seg". Luna høyres bestemt ut. Ho har ein plan. "På tysdag skal Gunnhild få høyre songen sin, så blir ho med på konserten - og så ordnar alt seg".
"Luna, du tar for lett på det! Du MÅ seie det til Gunnhild. Elles seier eg det"
"Det kan du ikkje!" Luna blir forskrekka.
"Jo, eg gjer det. Du kjenner meg, eg er ikkje redd for å vere ærleg. Det er faktisk for ditt beste også. Du blir så lei deg når det ikkje funkar med Gunnhild".

Billie har det med å ta ansvar. Nokre vil kanskje kalle det å blande seg inn, men ho føler sjølv at ho hadde eit oppriktig ønske om å hjelpe til. Eller i alle fall bidra til at sanninga kjem fram; enten den gjer godt eller vondt. Ho likar å oppmuntre folk og vise dei dei gode eigenskapane deira. Men hvis nokon til dømes er irriterande, tykkjer Billie det er greitt dei får vite om det så dei kan skjerpe seg. Uredd og ærleg er ord Billie likar å beskrive seg sjølv med. Ho er ikkje redd for autoritetar og dessutan er ho avslappa i forhold til kva andre måtte meine om henne. Ja, ho har hatt nytte av terapi, men det er også personlegdomen hennar.

"Så kva blir det til, Luna?"
"Eg skal snakke med Gunnhild i morgon formiddag. Eg lovar".

Billie er nøgd. Ein bitteliten bismak snik seg likevel inn i koppen med bringebær-te: Ho veit at ho må feie for si eiga dør også. Det er noko Billie bør snakke med Michael om også. Snart. Hvis ho skal vere ærleg.