Sara er i dansesalen og Gunnhild oppsøker henne for å få hjelp til å "danse" slamdiktet sitt.
Sara er djupt inni sona; i dans- og musikkbobla. Ein herleg stad å samle krefter og gløyme trasige ting i kvardagen. Fine tekstar ho kan kjenne seg att i eller som kan trøste og motivere henne.
Tankane går tilbake i tid, til då ho var lita. Ho og mamma kom ikkje så godt overeins, og det var mykje krangel og bråk. Mange gonger hoppa Sara ut gjennom vindauga på rommet sitt og landa i busken som stod der. Ho hadde ei venninne ikkje så langt unna som ho pleide å rømme til. Om ho reiste andre stader, vart ho som regel køyrd heim att etter kort tid, men ikkje hjå denne venninna. Det som var så ekstra fint med å kome dit, var at pappaen hennar pleide å ta seg litt ekstra tid til dei. Han kunne vere med på fotball ute i hagen, klatre i det store epletreet med dei eller ta dei med ned til fjorden for ein liten båttur. Gode stunder.
Ein anna ting som var spesielt med denne pappaen, var at han var så flink med dikt. Venninna hadde fleire bøker som han las til dei frå. Spesielt hugsar Sara eit dikt som heitte Frøet av Inger Hagerup:
Jeg ligger bare her og gror
og drikker vann og spiser jord.
Her er så varmt og mørkt og vått.
Her er så fredelig og godt.
I natt kom regnet lett på tå
og banket ganske sakte på.
Det hvisket til meg: Lille venn,
en vakker dag blir du så stor
at du kan løfte taket vekk.
Og i en bitteliten sprekk
vil hele verden åpne seg
og sola smile ned til deg.
Sara strekker seg på tå og rekker armane mot taket. Bøyger seg ned, strekker seg igjen. Snurrar rundt.
Kva var det med dette diktet som gjorde henne så trygg og glad då ho var lita? Og kvifor likar ho det så godt den dag i dag? Vanskeleg å setje ord på. Men det er ei kjensle av håp og framtidstru, ei kjensle som snart skal få næring igjen; gjennom eit nytt dikt. Eit dikt å spegle seg i.
2020-03-27 06:34 | Lovleg - andre tekster/innlegg, Vinkel-tekster