Lørdag 23.02.19 ( - av Vinkel)

Folka frå "The White House" jobbar med eit dokument med husreglar medan dei er heime siste helga i vinterferien.

 

Torstein var utruleg irriterande, syns Peter. Brautende og sjølvopptatt. Og når Peter prøvde å ta ansvar for felles beste på hybelhuset, så var det berre drit å få frå den kanten. «Døll», hadde Torstein kalt han. Det burde han eigentleg bedt om unnskyldning for. Peter hadde aldri sagt noko stygt til Torstein, så det var forsmedeleg at han berre måtte finne seg i å bli kalla døll. Han følte seg trakka på liksom. Hadde det vore opp til Peter, hadde Torstein vore ute av hybelhuset for lengst.

Men.... kanskje var det slik at andre oppfatta han som døll også...? Peter såg på husregeldokumentet og alpakkaen som hadde fått navnet hans på seg. "Den seriøse".

Vel, Sara hadde sagt at han ikkje var døll. Kjekt at Sara også gjekk litt i bresjen for å få på plass husreglar, så han slapp å vere aleine om å dra lasset. Å ta ansvar og vere seriøs var jo ikkje dårlege eigenskapar.

Men... Torstein tykte altså Peter var kjedeleg... Kanskje det var på tide at han fann på litt meir sprell? Ikkje noko problem for han det. Han var slett ikkje så døll som Torstein skulle ha det til. Kanskje han ikkje var så spontan, men han hadde mange artige idear. Måtte berre planlegge litt.

Peter tenkte på konfirmantleiren. Nokre av jentene hadde hatt det moro med å erte eit par av gutane. Dei hadde hatt såpe på tannbørstane deira, våte kluter i soveposane og ....mjølfelle over døra. Det var nok meint som ein type flørt. Jentene gjorde det for å fortelle gutane at dei var interessert, men den bodskapen nådde ikkje heilt fram og gutane vart sure.

Peter følte seg med eitt oppglødd og lo for seg sjølv. Mjølfelle! Det skulle han jammen prøve på Torstein. Det var ikkje direkte slemt, sant? Torsten kunne jo tolke det som han ville? Og om han ikkje klarte å ta ein spøk...vel, då var det vel han som var døll, og ikkje Peter?

 


Torsdag 21.02.19 (-av Vinkel)

Sara er heime på hybelhuset og vaskar ettersom det ikkje vart noko av å besøke Gunnhild i vinterferien.

 

Då støvsugaren byrja å lukte svidd og surt på same tid, skjønte Sara at det var best å la han stå. Ho blanda såpevatn i ei bøtte i staden og gjekk laus på vindaugskarmar, vegglister og golv. Sette på noko bra musikk til arbeidet. Her var det litt av kvart å ta fatt i! Støv var ein ting, men hybelen bar preg av lettvint opprydding etter dei siste festane, så det var både kliss på golvet, brukte snusposar og til og med glasbitar i eit hjørne. Musikken dundra og fylte henne med energi. Ho kjente seg litt sint også. Like greitt å ta det ut på vaskefilla.

Klart at Gunnhild ville ha med Luna heim; dei var jo kjærestar. Men Sara var blitt overraska likevel. Det skjedde liksom så brått, og ho hadde vore heilt klart til å reise. Ho sa til Gunnhild at det var greit, at ho kunne reise heim til Sogndal i staden. Men det var aldri eigentleg eit alternativ. Ingen venta på henne der. Ho hadde annonsert til alle at ho skulle på vinterferie og at ho ikkje kunne vere på planane til jentegjengen. Det ville vore så flaut å seie at turen var avlyst. Sjølv om det berre ville føya seg inn i historia med andre avlyste ferieplanar. Sara skrudde opp musikken litt til og skrubba ekstra hardt på nokre flekker framfor kjøleskåpet.

Heldigvis hadde ho tilgang til dansesalen i vinterferien, og der hadde ho tilbrakt nokre timar. I dansen gløymde ho alt anna, både bekymringar og sinne. Ho elska musikken - og alle dei fine sangtekstane! Nesten som dikt. Dei kunne uttrykke noko ho kjente seg att i utan å vite at ho hadde det slik før ho høyrde songen. Ein dag skulle ho bli skodespelar, men ho kunne også tenke seg å jobbe med dans. Kanskje ein kombinasjon? Ho vart alltid oppløfta når ho tenkte på dette.

Puh.. ein liten pustepause i sofaen. Sjekke telefonen. Ingen meldingar. Instagrambilder av snø, ski, syden, festar… Snap frå Andrine, Susanne.... Og ein snap frå Torstein. Sara heva augebryna. Det var den tredje denne veka. Så ulikt han, Sara skjønte ingenting. Kva var dette? Nokre tretoppar og blå himmel. Han var visst ute på tur.

Ho skrudde opp musikken igjen. Sval, Young Alien.

I'm chasin' happy, my biggest enemy is runnin' faster than I do
I'm chasin' happy, when my biggest fear is havin' somethin' to lose

Sara tok tak i lampa og song nokre strofar i "mikrofonen". Tok nokre trinn bortover gangen. På tide å vaske badet. Kva skulle ho gjort utan musikk - og dans?

 


Tysdag 19.02.19 ( - av Vinkel)

Det er vinterferie. Luna blir ufrivillig presentert for foreldra til Gunnhild og syns det er vanskeleg med slike "kjærestegreier".

 

Etter at foreldra valde å flytte tilbake til Oslo, har David budd på hybel. Sjølv om han lengta tilbake til byen i fjor haust, skjønte han at han ikkje kom til å få finne att det han flytta frå. Og Sandane kjendes meir og meir som heime. Tida var inne for å gjere det han sjølv ville, for ein gongs skuld. Så det vart hybel. «Du har forandra deg sånn!» sa foreldra. Kva dei no meinte med det.

No sit han på bussen til Leikanger. David angrar på at han har sagt ja til å besøke Tina i vinterferien. Sjølv om det berre er frå tysdag til torsdag. «Shit,shit,shit....» tenker han inni seg «Eg veit ikkje korleis ein gjer slike ting». Møte foreldra hennar! Og ein bror. Kanskje venninner? Kva merkelapp skal han presentere seg med? Ein god venn? Typen..? David har aldri drive med slike kjæreste-greier før. Han ser ut av vindauge på tre og fjell som kjem imot han og forsvinn i stor fart. Uråd å feste blikket på noko lenge nok til å få med seg detaljar. Alt går for fort.

David prøver å sjå for seg ulike situasjonar som kan oppstå. Foreldra til Tina vil sikkert like at han er høfleg og tilbyr seg å hjelpe til på kjøkkenet. Men vil dei syns det er rart om han klemmer Tina når dei er tilstades? Eller er det rarere om han ikkje gjer det? Og kor skal han sove? Hvis Tina hadde besøkt han hos foreldra hans, hadde det vore ganske flaut å sei at han ville ha henne på rommet sitt. Ånei, tenk om dei spør han kva han ynskjer - kva vil det rette svaret vere? David ser for seg det eine skrekkscenariet etter det andre: Far hennar fortel artige historiar, men David ler på feil tidspunkt. Mora har lagd favorittretten til Tina, men David er kresen og likar det ikkje. Bror hennar diggar musikk han aldri har høyrt om. Verre og verre. David legg panna mot det kjølige vindauget og let att augo. Han er veldig forelska i Tina, men ho er så anleis enn han. Så han kan aldri vere sikker på kva ho forventar. Kjem ho til å vere fornøgd med den han er - i den nye settingen? Sjansen for å dumme seg ut eller skuffe henne er formidabel.

Så snik det seg inn ein liten tanke. Ein plan. Ei mogleg løysing. Han vil overlate alt til Tina! Ho kan styre dette, sjølvsagt. Han berre viskar ut seg sjølv, følger nøye med på kva Tina syns i ein kvar samanheng og lar henne prate og bestemme. Då må det gå bra. Snart er det torsdag.

 


Sundag 17.02.19 (- av Vinkel)

Gunnhild går ut for å fise, men Luna oppdagar henne. Luna syns ho er den skjønnaste.

 

Alex tok ein pause og la seg på senga. Fiska fram ein joint frå under skrivebordet og tente den. Han ville prøve å skrive eit musikkstykke om det, men hadde hittil ikkje fått det til. Det skulle handle om å kunne vere seg sjølv, heilt naturleg og uparfymert. Ikkje noko fake. Ingen hemmelegheiter. Og oppleve å bli tolerert som den ein er. Ja, meir enn tolerert.

Om han hadde klart å uttrykke seg i musikken, ville han kanskje kome over saknet.

Jointen dingla frå munnviken, Alex sette seg halvveges opp i senga og rota rundt i nattbordskuffa. Fann det ha leita etter. Las det siste postkortet frå Jo for sikkert hundrede gang. No var det fleire veker sidan han fekk det. Kanskje det ikkje kom fleire. Det gjorde vondt å tenke på. Alex tok eit djupt drag, lente seg tilbake på senga, pusta ut og let att augo. Lot tankane vandre tilbake i tid.

«Kven tenker du at eg er, Jo?»
Hjertebank. Usikkerhet. 
«Du er den skjønnaste personen eg nokon gong har møtt»
«Skjønnaste..?»
«Ja. Tankane og ideane dine, måten du går på, smilet ditt, dei gode klemmane dine... eg likar deg så veldig, veldig godt. Du lyser opp livet mitt»
«Men eg har jo fortalt deg om det mest skamfulle. All driten. Det er ikkje noko skjønt ved det..»
Blikket i golvet. Sveitte hender. Den ekle kjensla. 
Jo som legg handa si bak nakken hans og snakkar med mjuk stemme.
«Tenk deg ei krukke av leire, Alex. Med eit lys inni. Hvis krukka er perfekt og heil, er det ingen som ser lyset. Og i alle fall ikkje om ho står i solskin heile tida»
«Kva meiner du..?»
«Ei krukke med sprekker er betre. I ei slik uperfekt krukke, med skår og manglande bitar; der blir lyset synleg. Og jo meir stummande mørkt det er rundt, jo meir strålande blir lyset for alle som er i nærleiken».
Alex ser opp og møter blikket til Jo med eit skeivt smil.
«Wow.. kom du på det der heilt av deg sjølv?»
«Nix. Henta det frå bibelen»
Latter. Venskapleg knuffing.
«Jo! Du har aldri eigne idear!»
«Treng ikkje det; for du har jo så mange!»
Knuffingen som går over i ein varm, lang klem.
Klumpen i magen som smeltar utover som ei bylgje av varme. 
«Fritt for å vere med deg resten av livet»
«Fritt for det»

 


Laurdag 16.02.19 (-av Vinkel)

Luna er med Gunnhild heim på "fjellet" i vinterferien. Foreldra til Gunnhild skal vere borte, men...

 

«Trur du Gunnhild klarar seg heime aleine i vinterferien? Kanskje det var dumt at vi reiste til Bergen?
«Ho klarar seg nok fint. Men no ser det jo ut til at vi set kursen heimover om ikkje lenge uansett»
«Ja, det vart jo ikkje heilt som planlagt, dette her…»

Dei sit på kjøkenet til Grete og Per. Grete har overnatta hos ei venninne. Per har tatt seg ein joggetur.
Bomba hadde gått av rett før dei kom i går kveld, så det kunne ikkje vore dårlegare tima.
Per har vore utru mot Grete som han har vore gift med i 17 år.

«Det var jo veldig uventa, dette her…»
«Ja, og vi kom midt oppi det heile»
Stille.
«Ho vil aldri klare å sitje med huset om ho kastar han ut»
«Men ho kan jo ikkje halde fram i forholdet berre på grunn av økonomien»
«Nei, det ville vore heilt 50-talls…»
Slurpar kaffi.
Stille.
«Vi kan ikkje bli verande her når Grete og Per har så mykje å tenke på»
«Skal vi ringe Johanne på Frekhaug og høyre om dei er heime? Kanskje det passar at vi kjem innom dei i staden?»
«Ja, kanskje vi kan bli der til i morgon, Men for å vere ærleg så føler eg meg ikkje heilt opplagt. Trur eg bryggar på noko»
«Ja, det ser eg på deg. Vent litt, så skal eg sjå om eg har paracet i veska mi».
«Takk. Eg sler oppi meir kaffi til oss».
Ser ut i lufta.
"Livet er jammen ikkje enkelt"
«Det kan jo hende dei klarar å jobbe seg gjennom det?»
«Syns ikkje Grete burde finne seg i det, eg. Det er eit alvorleg tillitsbrot»
«Ja, det er det…»
«Eller veit du om det var første gongen?»
«Veit ikkje. Men har det noko å seie?»
«Kanskje»

«Det er visst ikkje så uvanleg»
«Å vere utru?»
«Hm»

«Det må kjennast som om grunnen fell vekk under beina på ein»
«Ja. Som om ein ikkje veit kven ein er lenger»
«Vanleg betyr ikkje at det er greitt»
«Nei, det er heilt sikkert».

«Du…. Eg tenker på at…Kor glad eg er i fjellet vårt»
«Åja. Der er det godt å bu. Det er stødig som Dovre».

 


Torsdag 14.02.19 ( - av Vinkel)

Schizophora har konsert og Luna syng "Et meg" til kjæresten sin.

 

Jonas las meldinga frå Svein Erik med eit sukk: «Torsdagane er jo øvingsdagen vår!» - og surt fjes. Ja, Jonas burde sagt ifrå før; at han ikkje kunne øve med Gloppengutane i kveld. Han hadde jo visst om denne huskonserten ei stund, for å seie det slik. Søren at han skulle vere så gløymsk og dårleg på å planlegge. Mor hans maste om det heile tida ho også. Han kunne liksom høyre stemma hennar: «Jonas, ein dag gløymer du kva du heiter, du er jo så distre! Men det vel alderen!» Og så den høge latteren når ho tykte ho hadde sagt noko morsomt. Ho hadde kjøpt ein caps til han der det stod «Stengt på grunn av ombygging». Haha…. Ho kunne prøvd det sjølv; gå på vidaregåande og pugge fag - og samtidig spele i 2 band.

Svein Erik og dei andre i Gloppengutane skjønte ikkje kvifor han gadd å spele i Schizophora. For dei var det fest-country som gjaldt. Det var det forsåvidt for Jonas også. Det var Gloppengutane som var gjengen hans. Dei hadde spelt ilag sidan dei byrja på musikkskulen i 6. klasse. Læraren var frå Ørsta og far til Svein Erik kjende ein av karane i Vassendgutane. Ettersom Jonas, Svein Erik og dei andre vart betre og betre på å spele, fekk dei fleire av songane til Vassendgutane på repertoaret: Køyr meg ned te Vik, Pylse og konjakk, Ungkar med dobbelseng, Ho va so fine.. Årevis med øving ilag gav resultat. Det var stas å bli spurd om spele til dans. Til og med før dei var gamle nok til å kome inn på arrangmentet sjølv.

No var Svein Erik sur, men det gjekk nok over. Jonas var van med at både Svein Erik og Billie var litt stressa av og til; det var forståeleg. Dei ville jo berre pushe og samle banda sine og halde motivasjonen oppe. Dei var liksom typane til å ta ansvar. Bra med slike folk; at ikkje var like rotete og distre som han sjølv.

«Under ombygging»… Ja, han var vel det. Det hadde skjedd mykje med han på det personlege planet etter at han byrja på musikklinja på Firda. Han hadde blitt kjend med så mange ulike folk med andre syn på ting enn han sjølv. For ikkje å snakke om anna musikksmak. Interessant, men slitsomt. Han følte nokre gonger at han stod i spagat, med ein fot her og ein der.

Det kom til å bli kult i kveld då. Schizophora skulle spele berre ein song, men den var bra. Han hadde ikkje skjønt bæret av teksten i starten, men Luna hadde forklart at det handla om miljø og kjærleik. Ho var fin i den skinndressen forresten. Han hadde lagt meir merke til det siste tida, kor fin Luna var. Lett på foten der ho dansa og hoppa rundt på scena. Den rå og samtidig varme stemma hennar. Jonas la telefonen i lomma. Blås i Svein Erik. Det kom til å bli ein bra kveld.

 


Onsdag 13.02.19 ( - av Vinkel)

Åndenes makt

Sara ligg vaken og stirer inn i augo til Kjartan Lauritzen. Det er så vanskeleg å sove for tida. Tankane går litt hit og dit og ho byrjar å filosofere over vennskap. Ho har jo ganske mange venner. Det er til dømes jentegjengen i Sogndal med bakgrunn i det gamle fotballaget hennar. Ho ser dei ikkje så ofte, men dei er jo der. Dei tar alltid ein fest ilag når dei møtes. Andrine og Susanne er til og med gamle nok til å få kjøpt drikkevarer no, og aldri vanskelege å be. Sara tenker på den store forskjellen det er mellom gjengen i Sogndal og miljøet ho er del av på Sandane og ho får ei filosofisk rynke i panna. Ho føler seg mest heime her på Sandane eigentleg. Dramaklassen er super. Kan ikkje snakke med gjengen i Sogndal om draumen om å bli skodespelar; det ville dei ikkje forstått. Folka frå dramaklassen er sjølvsagt vennene hennar. Og så er det Alex og dei andre på hybelhuset.

Kva er det for ein lyd? Det høyres ut som om nokon går i ei trapp? Nei, det er ikkje mogleg, det er jo midt på natta.

Sara strevar med å sove. Kanskje ho skal telle venner, som å telle sauer, og sjå om det hjelper? Ho smiler til Kjartan. Føler seg heldig som har mange venner. Men Gunnhild er bestevennen hennar. Det er heilt klart. Tenk at det skulle bli slik; det kunne ingen gjette. Det berre vart slik av seg sjølv då Sara ikkje reiste til pappa i haustferien som planlagt og chilla med Gunnhild på hybelen i staden. Dei hadde hatt det så moro ilag. Så skjedde jo det med Lasse. Og då Sara oppdaga at ho var gravid, oppdaga ho samtidig noko anna: Ho var mutt aleine. Til tross for alle bekjente og venner; det var ingen ho kunne dele akkurat dette med. Så vart det Gunnhild som fekk det; den personen som ho trudde hata henne mest. «Eg er gravid». Det hadde berre ramla ut av munnen hennar fordi det vart for stort å ha inni seg, aleine. Den første tanken var at ho like godt kunne ha ropt det ut i det mørke universet. Overraskande nok hadde Gunnhild tatt imot det, lytta, lagt sitt eige til side. Gunnhild hadde ikkje stukke av, men sett seg på sengekanten til Sara. «Dette ordnar vi», hadde ho sagt. Akkurat som om det var hennar problem også. Sara blir varm og glad inni seg når ho tenker på det.

Ho blunkar til Kjartan. Han er nær, men til lite hjelp når ho faktisk treng ein klem. Då er det betre med ein ekte venn. Venner kan snakke om alt; kjærestegreier og slikt. Spørje om ting som virkar teite, gi kvarandre råd. Tulle og le av alt mogleg. Slik har ho det med Gunnhild. Sara er klar over at Gunnhild har sakna gode venner. Difor vil ho prøve å vere ein ekstra god venn for henne. Og tenk at ho skal få vere med Gunnhild heim i vinterferien! Det kjem til å bli kjekt. Sara har laga handleliste og spart pengar. Dei må jo ha litt snop og sånn.

Så høyrer ho eit rabalder! Frå kjellaren?? Ånei, tenk om nokon prøver å kome seg inn døra… Eller om det er eit spøkelse? Sara står opp. Hjertet slår veldig hardt. Godt at ho ikkje er aleine. Ho høyrer at Gunnhild også er vaken. Bestevennen hennar.

 


Laurdag 09.02.19 (- av Vinkel)

Sara og Gunnhild sit ved kjøkenbordet og snakkar om korleis det er med gutar og jenter. Alex deltek også. Ingen kan eige nokon. Luna likar ikkje labels.

 

Så det er slik det kjennes ut når ein blir elska tilbake! Ivar vaknar tidlegare enn forventa med tanke på kor seint det vart i natt. Ikkje råd å få sove lenger. Han strekker seg i senga. Fantastisk! Han merkar at han rett og slett ikkje klarar å la vere å smile. Den herlege kjensla fyller kroppen og overstyrer trøyttheit og svolt. Kven treng å sove? Kva skal ein med mat? Frida er forelska i han! Sjølv om dei aldri har møttes anna enn på skjermen, så har ho blitt forelska; ho sa det sjølv i natt. Fy søren, ho er så fin! Og smart! Ivar er blitt forelska han og. Å vere forelska er egentleg ganske vondt og slitsomt; han tenker på Sara. Men det herlege, nye, fantastiske er at Frida likar han tilbake. Det var faktisk ho som byrja først, å flørte og sånn. Og ho som sa det først. Wow! Ivar sprett ut ut av senga. Det er ein klisje, ja, men det kjennes som han kan fly. Han slenger på seg kleda og gjer seg klar for å gå ut. Han vil sjå snøkledde fjelltoppar og det mjuke, grå vinterlyset over fjorden. Store kjensler treng space. Han møter heldigvis ingen i trappa eller gangen. Den magiske kjensla blir ikkje avbroten verken av Luna sitt kritiske blikk eller Sara som.... ja.. kva skal han seie? Han ser heilt anleis på henne no enn før. Er ikkje forelska i det heile.

Den friske lufta slår imot han når han opnar døra. Ivar trekk pusten djupt og føler seg som ny. Går nedover gata. Og kjenner at han fins. Fordi han bur i hjartet til Frida.

 


Onsdag 06.02.19 (-av Vinkel)

Luna har vore lenge på skulen og skal møte Gunnhild på vegen heim fordi Gunnhild vil spørje om eit råd.

 

Luna går heimover så raskt ho kan. Kva var det som nettopp skjedde? Ho kjenner at det brenn i kjakane.
«Du er gal», hadde Gunnhild utbrote. Ja, Luna vart overraska sjølv over dei sterke kjenslene som velta opp i henne då den idioten kasta snøball og traff Gunnhild i ansiktet. Ho hadde kasta tilbake, med ei voldsom kraft. Hvis han hadde stått ved sidan av henne, ville ho slått han rett ned! Det var nesten som eit slags….beskyttarinstinkt. Instinktet overtok for fornufta. Luna hadde mista kontrollen; ho som alltid hadde kontroll!
Og galskapen hadde berre fortsett.... Ho hadde følt seg så sikker på at Gunnhild ville det same som henne då ho bøygde seg fram for å kysse henne. Hadde lest det mellom linjene i meldingane. Følt det gjennom strikkevottane, i pusten hennar. Og så tok ho feil.

Det brenn i kjakane. Av skam.

Når Luna kjem heim på hybelhuset, kjenner ho for alvor kor svolten ho er. Blodsukkeret er langt under minusstreken og forsterkar kjensla av galskap og manglande kontroll. Så ser ho Ivar gjennom dørgløtten. Der sit han i halvmørkret, lent over tastaturet, stirrande inn i skjermen. Luna skjønar ikkje sjølv kvar sinnet kjem frå: «Herregud, Ivar, går det an å vere så opphengt i dataspel som deg!» Stemma er nesten skingrande og ho snakkar altfor høgt utan å klare å hente seg inn. Ivar skvett til, tar av seg headsettet og ser forskrekka på henne. «Kva er det med deg?» Luna fortset i same toneleie: «Du er jo ein hjernedød slave! Er du klar over at desse dataspela er konstruert av den skjulte makteliten for å halde folk passive og unngå opprør mot beståande samfunnsstrukturar? Du er ein fare for demokratiet, Ivar!!»

Ivar tar til motmæle; det er ikkje første gong Luna kjem med slik kritikk. Som henta rett ut av Orwells roman «1984» om overvakingssamfunnet. Søren altså, Luna er liksom alltid slik: Lev livet, men berre gjer det på min måte!

«Eg gjer som eg vil!» ropar han. «Og sidan du er så jævla opptatt av fridom og demokrati, så kan du la vere å trykke dine meiningar på meg heile tida!» Ivar reiser seg halvveges opp frå stolen og viftar med fingeren opp i lufta «Det er nemleg… undertrykking!!»

Luna tar tak i døra hans og lukkar henne med eit smell. Skrekkslagen over å miste tøylane over seg sjølv enda ein gong på kort tid. Ho kjenner at kroppen ristar. Vil galskapen ingen ende ta denne kvelden?

 


Måndag 04.02.19 (-av Vinkel)

Peter har vore på konfirmantleir, Sara skal klippe Alex, men snakkar med Gunnhild om gule, grøne og brune bananer.

 

Peter var ganske sliten etter konfirmanthelga; det hadde blitt seine kveldar. Men det som hadde vore mest krevjande var alle spørsmåla han hadde fått. «Er du sånn personleg kristen?» «Har du vore kristen alltid?» «Kva trur du Jesus meinte med at…? Ja, det eine og det andre. Det virka som om konfirmantane trudde han var vaksen og hadde greie på alt. Presten slapp billeg unna, for alle ville berre snakke med Peter og dei andre ungdomsleiarane. Det var litt overveldande.

Peter hadde halde ei andakt for konfirmantgjengen fredagkvelden. Den handla om at bildet vi har av Gud endrar seg frå vi er barn til vi blir vaksne. Han hadde sett ut over gjengen med litt flakkande blikk og kremta usikkert før han starta. «Det er kanskje mange av dykk som har sett for seg Gud som ein snill, gammal gubbe med krøllar og langt skjegg som sit oppe i skyene». Stemma hadde vore litt ustø; det var uvant for Peter å snakke til så mange på ein gong, men han ville ta utfordringa. Kjente at han kom til å vekse på det. Han fortsatte: «Og etterkvart som de skjønar at Gud ikkje er ein gubbe i skyene; så lurer de kanskje på: Kven er Gud då? Kanskje nokre av dykk tenker at Gud rett og slett ikkje fins; når de skjønar at bildet de hadde av han som barn ikkje stemmer. Men eg vil oppmuntre dykk til å søke Gud og bli kjent med nye sider ved han. Det vil de ikkje angre på. Som barn treng vi enkle bilde, men som ungdom og vaksne kan vi forstå enda meir. Ikkje ver redde for at ting endrar seg». Han fortsatte litt til med nokre eksempel på korleis ein kunne bli kjent med Gud på nye måtar. Han var letta då han var ferdig. Eline hadde høyrt på han og sa at han hadde klart seg bra.

«Eg vil vere slik kristen som du er, Peter!» var det nokre av ungdomane som sa etterpå. Peter var blitt veldig overraska. Han var ikkje van med all denne oppmerksomheita. Det kjendes som eit litt for stort ansvar. «De må ikkje følge meg», sa han «De må følge Jesus».

På veg heim frå samlinga, tenkte Peter på det å bli vaksen og finne ut kven ein er. Før var konfirmasjonen teiknet på at ein var vaksen på alle måtar. Slik var det ikkje lenger. Det var greit for Peter; han likte i grunn ikkje så godt brå forandringar. Glidande overgangar passa han best. Men nokre opplevingar stod for han tydelegare enn andre. Å flytte på hybel til dømes. Sjølv om det å flytte på hybel ikkje kunne seiast å vere eit ritual, vart det i alle fall brå overgang til noko nytt. Peter hugsa då han flytta inn på hybelhuset og møtte Sara og Jo for første gong. Og Alex. Alt det nye, ansvaret, forventningane, klare seg sjølv, stå opp for seg sjølv. Peter hadde grua seg. Det var Alex som fekk han til å kjenne seg heime. «Klart vi skal synge bordvers i familien vår». Det lure blikket hans under virvarret med krøllar. Peter hadde kjent seg så trygg saman med han frå første stund. Fin fyr å vere ilag med når ein skulle sjå seg sjølv med andre sine auge.

Snakk om ritual... men då han kom heim, var Alex klar for å snaue seg. Krøllene skulle av! Alt! Det var visst ingen måte å få han til å ombestemme seg på. 
Då Peter høyrde klippemaskina starte opp i hendene på Sara, grøssa han litt. Ikkje berre fordi vindauga stod ope og det var kaldt. Men tenk så anleis Alex kom til å bli utan krøllane…

 


Sundag 03.02.19 (-av Vinkel)

Gunnhild og Luna kliner på fest, men heng ikkje edru.

 

Gunnhild er så fin! Luna tenker på henne heile tida. Veit nesten ikkje kvar ho skal gjere av seg. Klarar ikkje å fokusere på noko anna. Ho har vore med jenter tidlegare; det er ikkje nytt for henne. Men det endar jo alltid med.... ingenting. Dei kliner med henne i fylla, vil vere skeive for ein kveld. Og så - ingenting. Ho får vel flykte til musikkrommet igjen; det er det einaste som hjelper når rastløysa tek henne. Det er slik det pleier å vere. Musikken gir henne ein pustepause.

Det er skikkeleg kaldt når ho går mot skulen og ho hutrar i den blå kåpa si. Hendene er kalde og litt såre. Skulle hatt vottar.

Gunnhild er fin, men ikkje så enkel å forstå. «Argon fins i lufta du pustar i kvar dag». Kva skal ein svare på slikt? Luna blir stressa. Det er ho sjølv som pleier å vere den djupe og kryptiske. Den utilgjengelege. Forskjellen er at Luna gjer det for å halde andre unna og beskytte seg sjølv. Gunnhild prøver så altfor hardt å nå fram til folk rundt seg. Resultatet blir uansett avstand. Kvifor skal det vere så vanskeleg?

Luna smiler litt for seg sjølv. Gunnhild er ein av få personar ho kjenner som gir meir meining når ho er full enn når ho er edru. Med alkohol innabords senker ho skuldrene, og flaumen av ord stansar opp. Og så let ho Luna kysse henne. Varmt og mjukt. Eller hardt. Men så får Gunnhild det blikket. Det som inviterer Luna til å kome rett inn i sjela hennar og bli verande der. Det er det blikket som er anleis enn alt anna Luna har opplevd før. Og det er då ho flyktar.

 


Sundag 03.02.19 ( -av Vinkel)

Det er fest på hybelhuset.

 

Du ser meg ikkje og du veit ikkje kven eg er. Får ikkje vite det heller. Eg pleier å forsvinne i mengda. Det er ikkje meg som pratar mest og høgst. Men på fest løsnar tungebandet bittelitt. Det er både fint og litt dumt. Mange syns det er flaut å bli sitert på ting dei seier i fylla. Ein plumpar ut med så mykje tåpeleg som virkar tøft, klokt eller morosamt idet ein seier det, men som ein ikkje har lyst til å bli minna om etterpå.

Sjølv pleier eg å ende opp med å synge «Sommarfugl i vinterland». Har alltid likt den sangen, og i fylla tykkjer eg at det høyres skikkeleg bra ut når eg drar igang med den. Kunne deltatt på the voice, liksom. Kjempeteit, sjølvsagt. Men er det ikkje slik det blir på fest? Vi endrar fjes, tar av og på masker, kler oss ut - og kler oss nakne. Ingenting er så nake som å synge ein song aleine. Men heldigvis pleier det å drukne i bråket. Ikkje sikkert du la merke til det ein gong.

Eg trur grunnen til at eg likar songen er at eg kjenner meg att i han. Er ikkje flyktning, altså. Men ein slags framand. Den kjensla av å stå aleine i rom fulle av folk.

Gunnhild er stille i kveld. Ser ut som ho leitar, ventar på noko spanande. «Sommarfugl i vinterland» - Ikkje på flukt, men på leit etter sommaren. Kanskje er det berre slik det er å vere ung? Vi har ein draum om å bli fri.

Du kjem til å høyre meg igjen. Meg med songen min, haha.. Gunnhild kjem til å dumpe inn på same fest som meg, på Eid. Ho kjem til å hyle og le medan ho blir tatovert. Sovnar i eit badekar. Telefonen kjem til å ringe desperat. Og eg syng.

Gunnhild kjenner seg også som ein sommarfugl i vinterland; litt framand og frosen. Åja, det blir lenge til sommarvarmen breier seg. Slik må det berre vere. Ikkje alle idear er like gode. men vi må ha litt tid til å fucke opp. Vere sommarfuglar i vinterland, eller randoms i badekar om du vil. Du kan gjerne sitere meg på det.

 


Fredag 01.02.19 ( -av Vinkel)

Gunnhild følger etter Luna som går inn på eit øvingsrom, men kjem ut for å få luft. Gunnhild tar eit miniforedrag om at lufta inneheld oksygen, men også nitrogen og argon..

 

Luna hadde aldri vore ei enkel venninne, men no var Billie meir enn vanleg oppgitt over henne. «Dårleg luft»??!! Først kom ho altfor seint på øving, og så gjekk ho att etter berre få minutt! På grunn av «dårleg luft»?! Ååh..! Enda ei bandøving som vart forsinka og ueffektiv pga rot og sommel frå dei ein av dei andre i Schizophora.

Billie fatta av og til ikkje kvifor ho gadd å prøve. Å få desse sære folka til å funke i eit band. Det var jo ho som måtte passe på absolutt alt. Det var ikkje lett å halde dei samla. Alex holdt på å droppe ut etter brotet med Jo, men Billie hadde klart å fiske han inn att. Ho måtte lirke og lure - og smiske ein del. Alex likte å gjere seg litt kostbar. Billie sukka. Så var det Jonas. Han var einjordnær type; rå på trommer, men null og nix til felles med Luna og Alex sine høgtflygande og abstrakte idear. Og ingen av dei andre i bandet hadde same ambisjonar som henne. Om å bli skikkeleg gode. Og å bli oppdaga. Ikkje berre spele på huskonsertar, men på festivalar. Malakoff til sommaren. Billie ville strekke seg langt for å halde bandet samla og nå måla sine. Men nokre gonger kjendes det som om ho var den einaste forbindelsen mellom tre flyktige sjeler.

Luna var langtifrå enkel, det hadde Billie fått erfare mange gonger. Det var ikkje noko å gjere med, slik var var det berre. Merkelege idear og crazy innfall. Luna gjekk ikkje alltid så godt ilag med andre, i alle fall ikkje over tid. Eller som Gunnhild ville sagt det (- utan at Billie visste noko om det foreløpig): «Argon er eit stoff som fins i lufta. Argon formar ingen kjente kjemiske forbindingar med andre grunnstoff. Teoretiske utrekningar har indikert at fleire stabile forbindingar med argon skal vere mogleg, men ingen har hittil klart å framstille dei".

 


Tysdag 23.10.18 (- av Vinkel)

 

Kåre var ein grublar; det hadde han alltid vore. Han hadde god tid til å gruble. Om nokon kjente tankane hans, ville dei kanskje sagt at han burde snakke med nokon så han ikkje grubla seg inn i ein krok. Han burde snakke med nokon andre enn dei han møtte på nettet og som berre spegla dei krokete tankane hans. Men Kåre hadde ikkje andre å snakke med.
Slik hadde det vore frå han var liten.

Han stod ofte i utkanten og fulgte med på dei andre frå god avstand. Kåre var ikkje så ivrig på fotballbana. Ikkje på andre arenaer heller. Det var gjort nokre forsøk på å få han med i speidaren då han var yngre, men han ville visst ikkje fortsetje.

«No må de la Kåre få vere med på leiken!» sa lærarane ofte. «Han vil jo ikkje!» gaula ungane tilbake. Så vart det berre slik; at han ikkje ville.

Dei andre ungane var forresten dumme. Barnslege. Kåre ville faktisk ikkje vere med dei.
Så han gjekk for seg sjølv og var stille. Jentene sa han var ekkel, gutane ropte at han var svak.

Han hugsa den dagen Grete byrja å grine; det var i 4. klasse. Han sat på ein benk ute i friminuttet og hadde fått tak i ein edderkopp. Ein slik med lange bein. «Sjå her, Grete!» sa han då han såg ho kom gåande forbi. «Sjå kva eg skal gjere no». Og Grete stoppa opp, litt nyskjerrig for at Kåre faktisk snakka til henne,; til nokon. Men undringa gjekk fort over til avsky og skrekk. Kåre holdt nemleg edderkopppen i ein fot medan han sakte men sikkert nappa av han dei andre føtene; ein etter ein. «Lille Petter edderkopp klatrar ikkje meir..» sang han lågt. Grete hylte og sprang gråtande for å sladre til læraren. Kåre hadde ledd og ledd. Grete sin reaksjon var utruleg morsom. Og han fekk ein kjensle av glede og makt.
Læraren hadde snakka med han om det etterpå; at det ikkje var greit å plage små dyr. Han var meir oppgitt enn sint. «Kåre, slikt må du ikkje gjere, veit du. Det er slemt. Du er kanskje ikkje skarpaste kniven i skuffa, men dette skjønar du. Så ikkje gjer det meir, ok?» Nokre av dei andre i klassen stod i nærheiten og høyrde kva som vart sagt.

Kniven, Kniven, Kniven – etter dette kalla dei han berre Kniven. Snart visste alle det. «Ikkje skarpaste kniven i skuffa». Han hata kallenamnet sitt.

For Kåre var slett ikkje dum. Ein dumming hadde ikkje klart å hacke seg inn på nettsider, slik han gjorde. Han var smartare enn dei fleste. Falske legeerklæringar var berre starten. Han skulle nok vise dei, alle saman.

Av alle skap ein kan lengte etter å kome ut av, er utanforskap det verste. Ein må liksom berre vente på at det kjem nokon og låser opp. Gjerne med sjokolademelk og Die Antword: «I think you're freaky and I like you a lot, I think you're freaky and I like you a lot…»

 


Torsdag 18.10.18 (- av Vinkel)

Sara innrømmer for Gunnhild at ho har kyssa Lasse

Så kva skjedde eigentleg med Lasse og Sara den kvelden?

Så søt ho er! tenker han. Ei artig jente å vere med. Dessutan virkar ho så tilstades. Ho ser på han når han pratar, lyttar, er interessert. Ler av vitsane hans. Søt og snill er ho, venninna til Gunnhild. Gunnhild har lagt seg. Lasse kjenner seg litt brisen, men ikkje meir enn det.
Sara byrjar å prate meir utydeleg, ho er visst blitt full. Jenter blir jo fortare påverka av alkohol enn menn. «Nei, eg får vel stikke» Lasse smiler og sler ut med hendene som for å signalisere at kvelden er over. Dei reiser seg begge to. Sara held på å falle, han grip tak i henne. Lågmælt latter, dei må ikkje vekke Gunnhild. Ho fylgjer han ut i gangen.

Det er når dei står tett ved sida av kvarandre i den smale gangen at handa hans kjem borti låret hennar, og når ho snur seg, står dei brått enda tettare. Hendene hennar har liksom ingen annan stad å legge seg enn mot brystet til Lasse. Sara kjenner at alt byrjar å snurra rundt og ho mistar balansen. Han grip tak i henne igjen og held henne oppe. Men denne gongen er det ingen av dei som ler.
Kysset er tilfeldig. Ingen av dei hadde vel tenkt at det kom til å skje? Sant? Lassse held hovudet til Sara med begge hender og flettar fingrane inn i det blå håret hennar. Ho smakar øl og lipgloss, varmt, vått... og salt? Tårer? Lasse trekker seg tilbake. Ein skugge ligg over ansiktet til Sara, og Lasse byrjar å ane at ho har meir på lager enn tøys og latter. Det er han ikkje klar for.

Sara merkar at Lasse ikkje vil kysse meir og kjenner fleire tårer presse på. Ein augneblink er ho tilbake til haustferien i fjor: Pappa som sa ho kunne kome, og så ombestemte han seg. Sjølvforakta og spriten. Kniven og blodet.

Lasse sukkar. Og så gir han henne ein klem som varer ganske lenge medan han stryk henne på ryggen. «Ta vare på deg sjølv». Klemmen og orda frå Lasse gjer godt tross alt. Sara trekker omsorgen til seg som ein svamp på same måte som ho hadde lytta intenst til Lasse sin «tale» til Gunnhild tidlegare på kvelden.

«Eg må gå. Eg er dessverre ikkje så modig av meg», seier Lasse. Han ser ikkje på henne før han snur seg, går ut og let att døra. Kanskje tenker dei begge to på Gunnhild og kjenner seg litt skamfulle.

Sara håpar at alt ølet ho har drukke får henne til å sovne raskt. Søvn er vel den beste flukta, denne gongen også.

 


Tysdag 16.10.18 ( - av Vinkel)


Eg set meg til rette i bussetet, langt bakom dei to jentene. Det var ikkje meininga å tjuvlytte til samtalen deira i busskuret. Men det var jo ikkje til å unngå å skjøne kva det handla om. Så unge dei ser ut....

Eg og Marita var nok litt eldre den gongen ho vart gravid. Det var eit turbulent forhold, mildt sagt, og ingen av oss var klare for å ta imot eit barn. Ho var glad i å feste, hadde andre planar og ville ikkje slå seg til ro med meg. Eg sa at eg var glad for å sleppe barnebidrag. Så gjekk det eit par år. Eg kunne ikkje gløyme henne. Og livet ville det slik at det vart oss to etterkvart. Heldige meg. Fine, gode Marita. To flotte gutar har vi også fått.

Eg ser at jentene har sett seg i kvart sitt sete. Jaja, det er kjekt å ha god plass, det kan kjennast trongt å sitje for tett. VI er ikkje mange passasjerer her i dag. Får prøve å slappe av litt; det er jo eit stykke til Førde.

Den eldste guten vår var blitt 5 år då Marita snakka om det fyrste gongen. Tenk, så lenge etterpå. Tårene ville ingen ende ta då ho sa at ho kjende på sorg for det første barnet som aldri vart født. Eg visste ikkje kva eg skulle seie, eg er ein mann av få ord. Men eg holdt rundt henne og var der for henne så godt eg kunne.

Marita hadde tenkt meir og meir på det ettersom ungane våre vaks til, sa ho. Det var så trist. Ho visste at det ikkje var noko anna alternativ enn abort den gongen; vi var unge, ting var anleis, abort var til det beste. Og om vi hadde fått det første barnet, hadde vi kanskje ikkje fått dei to vi hadde no. Ho hadde sagt det til seg sjølv tusen gonger: Å angre fører ikkje noko godt med seg. Ein må stå for vala ein tar. Ho ville ikkje gjort noko anleis. Det var rett den gongen.

"Ja. Men det er lov å vere lei seg likevel". Sa eg.

Vi snakka om det berre eit par gonger til. Livet går vidare når ein får sørga ferdig.

Eg kan vel ikkje akkurat gå fram og ynskje henne alt godt; jenta med det blå håret. Eg er ein framand. Men av ein eller anna grunn kjenner eg meg uroleg over at venninna hennar ikkje sit ved sidan av henne. Livet skjer. Det er små ting og store ting. Så går åra. Store ting kan virke mindre når ein får dei på avstand. Medan ting som var små i utgangspunktet, kan vise seg å bli større ein ein hadde tenkt. Og når ein har levd ei stund lærer ein at ein får ta det ein får. Men det er lettare når ein slepp å vere aleine om det.

 


Sundag 14.10.18 ( - av Vinkel)

Sara fortel Gunnhild at ho er gravid

 

Sara føler seg rastlaus og finn ikkje roen på hybelen. Tankane går i sirkel. Ho tar på seg den gule regnjakka og går ned mot fjorden. Det er ein grå dag på fleire måtar. Skodda heng tungt både over fjorden og over tankane hennar. 
Musikk på øyra. «I have av voice, if I`m not to use it then who will?»
Sara er van med å ta avgjerder for seg sjølv. Det er ingen som brukar å stå over henne med råd og hjelpsomheit. Det er greit. 
Meir enn nokon gong er vel dette ei avgjerd ho faktisk må vere aleine om å ta. Sjølv om det er litt kaldt, set ho seg på bryggekanten.
Å lage lister brukar å fungere for Sara når ho må bestemme seg for eitt eller anna. Då kan ho tydeleg sjå fordeler og bakdeler med dei ulike vala og dra ein konklusjon på bakgrunn av det. 
Denne gongen treng ho ikkje lage liste. Ho berre veit det: Ho skal ikkje ha nokon baby. Ikkje no. Det er ikkje eit alternativ. Ho har ikkje tenkt å føkke opp livet sitt, for ho har andre planar. Så akkurat spørsmålet om ho skal ta abort er avklart.
Det er berre det at…. Vil ho klare det aleine? Gjer det vondt? Vil det bli masse blod? Sara knip augo hardt att og lagar ei grimase ved tanken... Og dessutan: Vil legen syns ho er…..dum?
Ho kjenner seg framleis rastlaus, reiser seg og går heimover igjen. Snart kjem Gunnhild tilbake. Ho bør vel fortelle om Lasse. Nei, ho orkar ikkje. Det var jo ingenting!
Det burde gå an å slette ting frå livet. Slik som internetthistorikk: «Et nytt vindu åpnes hvor du har flere alternativer å fjerne, merk av i boksen for å slette nettleserhistorikk og deretter fjernes den aktuelle perioden. Du kan velge mellom siste time, siste dag, siste måned….»
Jatakk. Sara har fleire ting å ho ynskjer å fjerne.. Ho går med harde steg, ser ned i asfalten, hendene langt nedi jakkelommane. Ååå, at ho kan vere så jævla dum!

 


Laurdag 13.10.18 (-av Vinkel)

Haustferien er over, Alex og Peter oppdagar at sofaen er borte. Spørsmål blir stilt i chatten mellom Vetsj, Trude, Porno og Normcore.

 

Namnet skjemmer ingen, seier dei. Nokre har kallenamn dei kjenner seg igjen i, andre får namn som er stikk i strid med det personen står for. Nokre gonger fortel namnet om ei fortid og står i vegen for ei framtid.

Mora til Torstein sit ved kjøkenbordet og ser tomt ut over Eidsfjorden. Ho hadde gleda seg til å ha guten sin heime heile haustferien; ikkje berre ei kort helg. Kanskje kunne dei finne tilbake til den gode stemninga dei hadde hatt før? Men det hadde vore ei utfordrande veke. Ingenting var blitt som planlagt.

Torstein hadde forandra seg mykje det siste året. «Kan du for faen slutte å kalle meg Toti!» hadde han brølt nesten før han kom inn over dørstokken førre helg. «Eg er ikkje ein liten dritunge lenger!»

Nei, det visste ho vel. Men han var jo guten hennar då.. Det kom automatisk. Akkurat som dei andre daglege, fine tinga: ruskinga i håret, ete måltid saman, gå turar på den gamle skogsstien. Men no var det akkurat som Torstein hadde laga nye reglar utan å fortelle henne om det. Ho måtte berre gjette seg til kva som gav poeng og kva som førte til tap. Det som tidlegare var fint og kjekt, var vorte feil og dumt i Torstein sine augo.

For det meste sat han på rommet sitt eller var ute med kameratar til langt på kveld. Og så virka han så sur liksom. Eller sint.

Kvifor var Torstein blitt slik? Uforståeleg. Eit par gonger hadde ho faktisk tatt til tårene.
Var det fordi han sakna far sin? Hadde det noko med skulen å gjere? Kjærestegreier? Ho hadde prøvd å snakke med han om det. På ein roleg og vaksen måte, sjølvsagt, men han hadde berre himla med augo.

Alt ho ville var jo å halde fast på slik det hadde vore før. Passe på han, gi gode råd, hjelpe han. Men i forgårs hadde ho mista tålmodet. Torstein hadde ikkje stått opp før klokka var over to, og sjølv om ho steikte egg og bacon til han, favorittfrukosten, sa han berre: «Eg stikke ut. Har du pengar til ein burgar?» Ho hadde kjent at det kokte over. Var han heime berre for å få vaska skittentøyet og mase om pengar?

«Skal vi aldri vere ilag og prate saman i denne ferien?!» hadde ho ropt. « Du har forandra deg sånn! Brukar du anabole steroider?» Då hadde han vist henne fingen og gått utan å seie eit ord.

Tilbake sit ho, skamfunn over å ha mista besinnelsen og minst like bekymra som før: Tenk om han brukar steroider..?

 


Torsdag 11.10.18 ( -av Vinkel)

Sara og Lasse får ein god tone og Gunnhild tar bilde av dei.

Tina er heime i haustferien og ligg slengt i sofaen og slappar av. Ho har nettopp oppdaga storyen til Gunnhild. Litt av eit bilde! Tenk at Sara flørta med typen til Gunnhild! Eller eksen, då. Så flaut for henne; ho som alltid skal vere så ovanpå. NO kjem det til å bli DRAMA i kvitehuset; det er opplagt. Tina skrollar vidare på telefonen før ho går tilbake og ser på bildet til Gunnhild igjen. «Bestevenninna», står det. Er dei blitt bestevenninner no; Gunnhild og Sara? Og kva gjer dei ilag i haustferien? Tina er nyskjerrig av natur og føler ho har gått glipp av noko.

Så tenker Tina på David. Han er reist til Oslo i ferien. Kva gjer han på skal tru? Skal ho sende han ei ny melding? Han er så dårleg til å svare! Tina syns han er litt treg på fleire måtar. Han burde skjøne det no; at ho er interessert og at neste utspel er hans. Så mange hint og sjansar han har fått, men så skjer det liksom ikkje noko meir. Ho sukkar. Og den gnagende kjensla av å bli oversett og lurt kjem sigande over henne. Tenk om David er med ei jente i Oslo? Ei som legg hovudet sitt i fanget hans og blunkar forførande? Kanskje han leikar med håret hennar og smiler til henne….. Og med eitt kan Tina liksom sjå det for seg. Å, så vondt det gjer! Så hensynslaust gjort mot henne; Tina, som elskar David over alt på jord – og som no står med hjartet i handa og er sårbar og aleine.

Sjølv om Tina først har kjent ei slags frydefull spenning over dramaet mellom Gunnhild og Sara, syns ho litt synd i Gunnhild også. Tina og Gunnhild deler ei felles skjebne, faktisk: Sara flørta med Gunnhild sin eks. Og kanskje nokon flørtar med Tina sin nesten-kjæreste akkurat i denne augneblinken... Den indre kampen er vond uansett. Alle har sine kampar. Stakkars Gunnhiild. Tina kjenner for å vere litt raus. Ho skriv like godt ei melding til henne: «Vi har ein ledig sofa i kollektivet vårt om du treng ein time-out frå bestevenninna di». Og masse hjerter. Send.

 


Måndag 08.10.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild og Sara ete bollar på Lauget og snakkar om dumme ting som har skjedd - og ler av det.

 

Alex er ingen kriminell. Han veit godt forskjell på rett og gale og vil i utgangspunktet halde seg på rett side av lova. Der er han og Luna litt ulike; ho blunkar ikkje sjølv når ho får Kniven til å skrive falske legeerklæringar. Men å dyrke litt marihuana til eige bruk – det ser han ikkje på som kriminelt. Så lenge han ikkje skadar andre eller tener pengar på det, kjennes det heilt greit. Litt som Kardemommeby: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil». Der er han og Luna heilt einige: Dersom ein berre lever etter prinsippa om solidaritet, anti-kapitalisme og ikkje-vald, treng ein ikkje så mange reglar og truslar om straff. Burde ikkje vore så vanskeleg. Det er imot Alex sine prinsipp å betale pengar inn i narkoindustrien eller gjere seg avhengig av ein dealer. Det kjennes derfor rett for han å dyrke sjølv. Han er dessutan enkelt for han; han er flink med planter. Sjølv om slyngplanten på rommet hans er av plast, så har han grøne fingrar.

Kvifor han byrja å røyke? Han hugsar ikkje heilt om det var ei konkret årsak. Men han har jo budd så mange plassar og møtt så mange folk gjennom livet, så tilbod og moglegheit fekk han tidleg. Og det er jo forbaska kjedeleg å berre vere flink og snill heile tida. Kanskje var det eit opprør? Som at Luna naskar i butikken og kallar det sin «protest»?

Men om ein spør kvifor han har røykt dei siste månadene, så kan han gi eit tydeleg svar: Han har ikkje hatt det bra. Han kjenner uro over om kven han er og kvar han høyrer til. Og då hjelper det litt med ei joint. Når han ikkje får sove… når kroppen stressar og han ikkje heilt veit korleis han skal halde ut … Så ja.... Han føler at kroppen reagerer positivt. Rusen får truleg i gang nokre signalstoff som dopamin eller noko sånt. Noko han manglar. Men Alex er såpass smart at han skjønar at han snart må stoppe opp og tenke seg om. Når røykinga blir ei flukt, kan den bli eit problem i staden for ei løysing. Kanskje.
Alex føler seg så aleine om dette. Kven kan han snakke med?
Det han også burde tenke på er: Kven kan han le med?
Hvis han hadde vore på Lauget i dag, og ledd saman med Sara og Gunnhild, ville han følt seg mykje betre. Fordi ein god latter med venner skremmer vekk angsten. Og gir kjensle av fellesskap og bedre sjølvtillit.
Kall det gjerne utløysing av endorfiner og opiode nevrotransmittere. For det er det det er.
Men det er også fint og godt.

 


Laurdag 06.10.18 ( -av Vinkel)

Det er haustferie og Gunnhild blir overraska då Sara kjem tilbake på hybelen; ho skulle jo reise til Bergen og besøke far sin.

 

Sara er snart heime på hybelen igjen. Ho er så sinnsjukt trøytt. Tenk, at det hadde skjedd igjen! Når ho tenker på haustferien for eitt år sidan... nesten komisk at det same kunne skje igjen. Men i fjor fekk ho i alle fall vite at det vart avlyst før ho rakk å reise.
Beina vert som bly og hovudet verker når ho tenker på korleis ho reagerte i fjord. Ikkje bra.
Skulestarten på Sandane hadde vore røff og ho følte at alle hata henne, så ho var nedfor i utgangspunktet. Haustferien hjå pappa skulle bli ei fin pause. Eit par dagar før ho skulle reise, ringte han og sa at ho ikkje kunne kome likevel. Det hadde dukka opp noko uventa.

På torsdagskvelden før haustferien tok det heilt av. Sara drakk sprit for første gong og vart veldig full. Ein idiot hadde klenga seg innpå henne, enda han hadde dame frå før. Torstein var blitt sur og kalla henne for hore og idioten for noko enda verre. Det vart ein slåsskamp til slutt. Plutseleg dukka Alex opp, som ein god fe. «Hold hatten min», sa han til Sara - og gjekk i mellom Torstein og idioten. Han redda henne. Men Sara var full og fortvila. Ho sprang heim medan tårene trilla. Av ein eller anna grunn følte ho seg som verdas verste, mest avskyelege person, alle hata henne og ho hata seg sjølv. Det var ei kjensle av å vere trykt opp i eit hjørne, og ho kom seg ikkje unna. Korleis skulle ho halde ut?

Då ho tok kniven og byrja å skjære seg i armen, var ho framleis veldig full. Det kjendes som ei lettelse. Så vart ho redd. Alt blodet som byrja å renne! Ho ville jo ikkje dø!

Alex hadde kome etter henne. Ho hugsa ikkje heilt om det var ho sjølv eller Alex som ringde legevakten, men minnet om den iskalde tonen frå ambulansesjåføren som etterkvart dukka opp, kom ho aldri til å gløyme. «Dette er det ingen som døyr av. Du får finne fram noko plaster og ta deg saman». Som eit nytt slag i ansiktet.

Kva skulle ho gjort utan Alex den natta? Han var feen som redda henne 3 gonger. Først frå bråket og slåsskampen, så frå kniven. Og medan ho fekk grine ferdig, og etterkvart sovne med hovudet i fanget hans, redda han henne frå kjensla av å vere ei jente som ingen likte.

Søvn er ein betre måte å flykte på enn å skade seg. Ho er veldig, veldig trøytt. Snart skal ho legge seg.

 


Torsdag 04.10.18 ( - av Vinkel)

David og Gunnhild skal ha coopertest i gymmen, men Gunnhild rømmer

 

Gunnhild får panikk og går frå gymtimen nesten utan å tenke seg om. Ho set kursen mot skogen og prøver å ikkje la seg merke med den høge pulsen. Coopertest! Kva er poenget med det? Klart det er enklare for lærarane å setje karakterar når dei har målbare resultat å gå ut frå. Men er det nødvendig med blodsmak i munnen og nesten kaste opp berre for å springe seg fram til eit tidspunkt? Ho kjenner seg både sint og litt redd.

Yoga er tingen. Det var det dei skulle ha drive med i gymmen, og ikkje berre som oppvarming. Gunnhild er kome fram til skogen og føler seg rolegare. Ho dreg pusten djupt og set seg på bakken med ryggen inntil eit tre. Yoga tusen gonger framfor eitt minutt med cooptertest. Pust inn, hald pusten, pust ut. Pusting kan vere krevjande nok, det.

Yoga skal vere bra for så mykje. Tenk så fint: å stå i sirkel ilag med andre, men først og fremst kjenne at ein har kontakt med seg sjølv. Indre ro og fred. Balanse. Og i den grad ein får ei ut-av-kroppen oppleving av yoga, så er det fordi ein har ynskje om det. Gunnhild lener seg bakover og ser opp i trekronene. Det er nett som trea pustar dei og. Ho ser haustsola flimre og blenkje gjennom lauvet som byrjar å gulne.

Gunnhild prøver som så ofte før; å konsentrere seg om teoretisk kunnskap når kjenslene blir for vanskelege. Korleis var det med yoga no igjen..? Durga yoga er ei greie. Gunnhild leitar i hukommelsen sin…. Hmmm… Ho har lese noko om hinduismen. Durga er den største gudinna i hinduismen. Ei vakker og mektig kvinne med mange armar, gjerne ridande på ei løve. Ho er ein krigar som beseirar demonar. Durga har si eiga høgtid, og den er faktisk no på hausten. Ifølge tradisjonen har alle kvinner ein liten del av hennar kraft i seg.

Men kvar er krafta når det kjennes ut som ein held på å døy? Når kroppen ikkje lystrar og tankane ikkje er til å stole på? Snakk om demonar.

Gunnhild ser opp i trekronene igjen. Om ho let att augo..nesten… og let sollyset og haustlauvet danne bilete saman med fantasien..- så ser ho - Sara! Gunnhild må smile og plirer enda meir med augo: Sara som kjem ridande på ein einhjørning, med blått hår, sterk og vakker og med alle armane fulle av sverd!
Det er reine Gloppengaloppen!
«Kom an, Gunnhild, ver sterk!" seier Durga-Sara. "Du har krafta i deg! Død over demonane!»

 


Onsdag 03.10.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild snakkar med norsklæraren om at ho berre fekk 4 i karakter

 

TB til ungdomsskulen:
"Gunnhild har jo alltid vore teoretisk flink, og no i 10. klasse har ho særleg hatt god utvikling i norskfaget". Læraren ser smilande på Gunnhild og far hennar på andre sida av pulten. "Det er tydeleg at du er glad i å lese bøker og at det inspirerer deg, Gunnhild".
Nikking og smiling. Far hennar ser glad ut.
"I naturfag har du gjort det godt også. På den siste prøven om nervesystemet og hormonsystemet fekk du 5+".
"Du likar naturfag?"
"Ja, eg er opptatt av miljø og sånt også, så..." Gunnhild lurte på om ho skulle fortelje at ho alt var ferdig med å lese det nye kapitlet dei holdt på med no. Ferdig lenge før dei andre. Læraren kom henne i forkjøpet med eit nytt srpørsmål:
"Men sosialt då, Gunnhild, korleis syns du det går...trivst du betre no enn du gjorde i fjor?"
Klump i magen. Ho kjenner blikka til læraren og pappa på seg. Stille. 
"Det går fint".
Ho anar at pappa og læraren ser på kvarandre. Læraren trur at Gunnhild ikkje kan høyre det forsiktige sukket, men det gjer ho.
"Dei andre jentene har det jo veldig kjekt på handballaget på fritida. Du kunne ikkje tenkt deg å prøve deg der...?"
"Nei, eg er ikkje interessert". Gunnhild svarar raskt og set punktum for vidare idedugnad rundt tema "Korleis kan Gunnhild få venner".

"Så er det jo gym. Der har du hatt litt fråver. Det var ein vond ankel..? Korleis går det med den..?".
I augnekroken legg Gunnhild merke til at pappa snur seg raskt og ser på henne. Han har sikkert eit spørjande blikk, men ho møter det ikkje.
"Betre, eg skal ikkje vere borte meir".

"Så bra...." Læraren blar i papira sine og lurer på om Gunnhild eller far hennar har nokre spørsmål. Det blir litt småprat om at 10. klasse er det siste året, det er veldig viktig å yte sitt beste, viktig for vidare val, resten av livet.

Etterpå går dei ut i bilen. Pappa ruskar Gunnhild i håret etter han har festa sikkerheitsbeltet sitt. Ser på henne med smilerynker rundt augo. "Vetlegunnhild mi. Tenk at du er så flink på skulen! Det er alltid kjekt å vere med deg på slike samtalar. Eg blir så stolt".
Gunnhild kjenner at klumpen i magen er vekke og pusten går lettare.
"Hvis du vil kan eg godt forklare deg alt om ozonlaget og drivhuseffekten medan vi køyrer heim. Det er det vi held på med i naturfagen no for tida. Vil du høyre?"
"Klart det!" Pappa startar bilen. Han har ein liten klump i magen.

 


Onsdag 03.10.18 (- av Vinkel)

Chat mellom Gunnhild og Sara. Sara er best til å spele Gloppengaloppen.

 

TB til ungdomsskulen:
"Heia, heia!! Kom igjen, Sogndal, de klarar eitt mål til!!"
Foreldra står på sidelinja og heiar av full hals. Jentelaget spelar mot Syril og det er 2-2. Så spennande!! Engasjementet er stort blant publikum. Dommaren har alt vore nøydd til å snakke til ein far som var i overkant høgrøysta. Ingen merkar den kalde trekken frå Sogndalsdalen eller at det er regn i lufta. Vil det bli uavgjort? Det er ikkje lenge igjen.... Sogndal har spela seg framover mot målet til motstandarane… Men der snur kampen og Syril er brått i angrep! Hyling og rop frå sidelinja. Vil bortelaget klare å score akkurat i det kampen går mot slutten? Men nei.... ! Forsvaret til Sogndal er til å stole på, dei avvergar angrepet, sender ballen framover... er det nokon til å ta imot..? Ja, der! Sara Årdal spring raskare enn alle, hentar ballen og tar den med seg framover. Ho har full kontroll. Sender ei fin pasning til ein medspelar, ho spring framover, bak ryggen på ein motspelar…. "Her! Eg er med!" ropar ho. Publikum kokar og foreldra til Syril-jentene bit negler og ropar oppmuntrande ord ut på bana. Men Sogndal har kontroll. Sara har kontroll. Ho smett forbi forsvaret og sender ballen med voldsom kraft forbi ein sjanselaus keeper og rett i hjørnet på nettet. JA!!! Armane over hovudet. Jentene som stormar til. Vill jubel. Dommaren som bles i fløyta. Kampen er ferdig og Sogndal vann på heimebane! Den store, gode gruppeklemmen og handshakes og fairplay, takk for kampen. Sara scora 2 av 3 mål; ho er fantastisk! Det er alle einige om. Foreldra spanderer sjokoladekake i kiosken på barna sine.
Sara tar sykkelen og ropar "Hadet!" før det blir altfor tydeleg. At ho ikkje har nokon som ventar på henne på sidelinja.

 


Tysdag 02.10.18 ( - av Vinkel)

Dramaklassen har forestilling og mange gratulerer Sara med rollen hennar etterpå.

 

David ruslar litt rundt i sentrum etter teaterframsyninga. Han hadde levd seg så sjukt inn i den siste monologen til Sara der ho snakka om tette bygdesamfunn og alle-kjenner-alle problematikken. Sjølv om han kjem frå byen, kan han godt kjenne seg att i korleis det er å bli assosiert med familien i så stor grad at ein føler seg usynleg som person: «Å, vi ser at du er i slekt med onkelen din, ja!» Det kan jo gå både på utsjånad og interesser. Langt vanskelegare blir det når han må bære med seg forventingar om kva han skal gjere, meine, velje… berre fordi han kjem frå familien Ketema. Forventingar frå familien. Men også andre sine forventningar.
Der ligg Sandane Senter, kjøpesenteret i bygda. Kanskje han skal stikke innom? Begge foreldra jobbar der. Eller nei, best han reiser heim og lagar middag.

Han hugsar frå barneskulen då ungane snakka om kva dei ville bli når dei vart store. David ville bli sjef på brannbilen. Kameraten hans hadde sagt høgt og tydeleg: «Men David, DET kan du ikkje bli! Du kan jo ikkje jobbe som SJEF når du er BRUN!» Og så var det rådgjevaren på ungdomsskulen som sa: «Er du sikker på at ei akademisk utdanning er rett for deg? Du har ikkje tenkt på at yrkesfag innan Sal og service kunne vore kjekt?»

David sparkar i noko grus som ligg i vegen. Han vil at det skal vere mogleg å velje. Velje kven ein skal vere og kven ein vil bli. Nokre gonger kjennes det veldig trongt, sjølv om alle seier at ungdom i dag er fri til å velje kva dei vil.

Snart ser han taket på det store huset dei har flytta inn i. Det byrjar å kjennast som ein heim. Det har skjedd mykje nytt i løpet av hausten. Rollane han definerte seg sjølv ut frå tidlegare er delvis vekke. No har han ny heimstad, han er blitt eldre, går på vidaregåande, nye venner… Men familien er sjølvsagt den same. Det er jo trygt då. Han hugsar på det Sara sa i framsyninga: «Dei kan sjå meg, og eg kan sjå dei». Å høyre til ein stad kjennes trygt også, ikkje berre trongt.

Kva ville forresten mor hans seie om ho visste at han held på å få seg kjærast? Eller.. det ligg an til det i alle fall. David tenker på det Tina skreiv i den siste meldinga i går kveld: «Du er den mest omtenksomme, modne, snille og ansvarsfulle guten i klassen. Og den kjekkaste». Meldinga var veldig lang, men desse setningane hadde han festa seg spesielt ved. Ingen hadde sagt noko slikt til han før.
Viss han skal tore å tru på henne, så har Tina fått auge på noko ved han som hittil har vore usynleg. Noko fint.
David låser opp døra og møter sitt eige blikk i spegelen i gangen. Han burde kanskje skrive eit svar tilbake til henne?

 


Torsdag 27.09.18 ( - av Vinkel)

Gunnhild står opp seint for å drikke juice og møter Ivar på kjøkkenet. Han er med Sara.

 

«Har du sett Ivar?» Torstein hang i døropninga inn til rommet til Luna.
«Han stakk ut for ei stund sidan, ha’kje peiling på kor», svarte Luna.
«Å».
«Var det noko?»
«Nei, tenkte berre å høyre om han ville henge. Lenge sidan. Og så pleier han jo alltid å sitte på rommet sitt».
«Ja, bak skjermen» Luna himla med augo.
«Ja...kva held du på med?»
«Skriv»
«Lekser?»
«Nei, ein ny song til schizophora»
«Å? Blir bra?»
«Mhmmm»

Torstein gjekk inn til seg sjølv igjen.
Måtte vere enkelt å vere Luna. Ho likte seg så godt i eige selskap og trengte liksom ikkje nokon andre. Ho virka fornøgd med livet sitt. Hadde kontroll og var fri og uavhengig, liksom.

Torstein trivdes ikkje så godt utan folk rundt seg. Han ville ikkje vere aleine og no sakna han dama si. Eller... dei hadde jo ikkje vore ilag direkte.
Han sakna Ivar og. Kanskje Luna hadde rett når ho kritiserte Torstein for å vere for mykje på treningssenteret og Ivar for å spele for mykje data. Dei burde vore meir ilag. Dei brukte å vere bros.
Torstein følte seg med eitt litt uroleg for Ivar. Fekk same kjensla som då mobben på ungdomsskulen låste han inn i garderobeskapet..
Kvar var det blitt av Ivar?

 


onsdag 26.09.18 ( - av Vinkel)

Husmøte om vaskerutiner, Peter og Gunnhild blir venner igjen og Sara seier ho treng ein rebound

 

Alex såg at vennene hans streva med kvar sine ting. På tomannshand med dei fekk han vite om litt av kvart. Dei følte nok at han var god til å lytte. Og at han kunne gi råd. Nokre gonger følte han seg ein slags fe. Ein slik som folk forventar skal dukke opp ved behov, men som ingen lurer på kva han driv med elles. Mest av alt kjente Alex seg makteslaus. Hvis han faktisk hadde hatt magiske evner, skulle han ha dryssa stjernestøv på både den eine og den andre slik at dei fekk orden på problema sine.
Peter skulle fått litt beroligande hokus-pokus slik at han ikkje tok seg så personleg nær av alt som skjedde rundt han. Klart det var slitsomt med Sara og Torstein som laga så mykje støy: smelling med dører, tramping i trappa, sex og skriking og bollekasting. Men om det skjedde igjen og igjen og igjen... Å kaste Torstein ut av hybelen var for drøyt. Hadde det vore opp til Alex, skulle Peter fått seg ein kjærast, så han kunne kjenne litt på livet sjølv.
Gunnhild skulle fått ein dose magi slik at ho senka skuldrene og ikkje prøvde så hardt. Ho var ei jente med utruleg mykje fint og artig inni seg, men ho måtte byrje å tru på seg sjølv og ikkje desperat søke bekrefting hjå andre. Etter at dei hadde vore på det gamle hotellet og leita etter dør til henne, følte han at han måtte vere forsiktig med kva han sa og gjorde for at ho ikkje skulle misforstå. Og samtidig vere ein venn. Ingen lett balansegang.
Så var det Sara. Ho skulle fått dei finaste tryllestjerner som fantes. Ho hadde vore der for han då han trengte henne. Etter at alt skar seg med Jo. Med latteren sin og alle rare idear. Sara var ein kunstnar som han, men visste det ikkje heilt sjølv enda. Sårbare, sterke Sara.

Alex sukka. Å strø tryllestøv på Sara ville uansett vore nyttelaust. Ingenting ser ut til å trenge gjennom skjoldet hennar. Han sakna henne.

 


Sundag 23.09.18 (- av Vinkel)

Peter og Gunnhild gjer lekser medan Torstein og Sara leikar fly.

 

Den kjensla. Av å vere barn og få lov til å snurre rundt, sveve høgt oppi lufta. Sara hugsar kjensla av kitling i magen og kor spennande det var. Samtidig trygt. Dei snille augo til pappa som kikka opp på henne. At dei lo. Sara hugsar dette, men ho tenker ikkje ofte på det. Det er kroppen som hugsar. Det er ei kjensle som har festa seg, kven veit, kanskje i cellene, i hjernen, i ryggmargen eller i hjartet.

For kva er kjærleik? Kjemiske proessar i kroppen. Kjensler er berre hormon; dopamin og oksytocin. Hvis ein kunne fått stengt av alle reseptorane for oksytocin i hjernedelen lateral septum, kunne ein praktisk talt aldri blitt forelska.

Den kjensla. Av å vere lita og gle seg til julekvelden. Til bursdag. Til sommarferien. Til pappa skulle kome. Slike minne er aldri framme i tankane til Sara. Det er historie. Sara lever i dag og framover. Og kvifor skulle ho tenke på pappa når ho er med Torstein? Det er ikkje logisk.

Nei, Sara tenker: «Kva feilar det Torstein?? Så mykje klemming og kos og snakk om kjensler!» Ho trekker seg unna. For det er lettare å forhalde seg til rett-på-sak sex, tøys og skriking når ein har bestemt seg for å ikkje bli forelska.

«Kva skjer, Sara? Har du tenkt å svare?»

«Ja, fuck you, dette gidd eg ikkje»

Ho ristar seg laus og går inn på rommet sitt, døra går att med eit smell.
Torstein ropar eitt eller anna, han har sint stemme og trampar opp trappa.

Sara legg seg på senga med andletet ned i puta, men ho grin ikkje. Ho grin ikkje over gutar liksom. Så dum Torstein er!! Hvis han berre hadde klemt henne meir i vår. Og snakka med henne om kjensler i sommar. Då ville ho blitt glad. Men no…etter at ho fekk vite om Marianne…
Du veit aldri kor tid nokon seier dei skal kome, men ikkje kjem.
Eller du håpar at dei skal bli, men så går dei.

Det heng ein plakat på veggen hennar. Ein einsam planet. Og Sara tenker ikkje over det, men ho og Torstein er som to planetar. Dei sirklar rundt i kvar si bane og nokre gonger nærmar dei seg kvarandre. Blir dregne mot kvarandre. Det er berre det at når den eine planeten er klar for å møtast, blir den andre så veldig, veldig redd for at det skal gjere vondt.

 


Laurdag 22.09.18 (- av Vinkel)

Kva kan ein drive med ein larudags formiddag? Bilde av Gunnhild med paraplyen.

 

Ei økt på treningssenteret i ro og fred. Ingen andre planar enn å gjere det han sjølv hadde lyst til i eit roleg tempo. Kanskje det var det som førte til at Torstein fekk ei ahaoppleving akkurat idag? I ein liten pause mellom roapparatet og benkpressen gjorde hjernen hans ei hittil ukjent øving; eit krumspring, eit lite skritt som kunne vise seg å bli eit kvantesprang. Nokre får openberingar frå himmelen, overbrakt av englekor. Ikkje Torstein. Men som frå ingenstader datt det kjente visdomsordet frå Spiderman inn i tanken hans: With great power comes great responsebility.

Han tenkte på krangelen med Sara torsdag kveld. Han hadde brølt « Det er ikkje mitt ansvar, ikkje skuld på meg!» Kanskje han måtte ta det opp til revurdering? Det var jo tydeleg at det han gjorde fekk konsekvensar. Marianne hadde grine i telefonen då han ringte tidlegare på dagen for å seie at han ikkje var interessert. Ho hadde misforstått. Var ikkje så rart kanskje, når han tenkte tilbake på sommarflørten. Og Sara hadde jo klikka heilt. Sjølv om ho sa at ho gir faen, så... ja... Ho var langt frå likegyldig til han. Det merka han jo seinare på kvelden for å seie det slik.

Torstein såg på seg sjølv i speglane på veggen. Han såg faen meg ut som ein gud... Og der kom det neste visdomsordet til han: «Den som er veldig sterk, må vere veldig snill». Det var sitat frå Pippi langstrømpe, ei litt mindre kul referanse enn Spidermann, men like sant.
Torstein gjekk vidare i treningsprogrammet sitt. Forundra over seg sjølv. Kjente seg litt vaksen med eitt. 
Då han gjekk heimover, var han rettare i ryggen. Om det var treningsapparat eller tankeøvingane som hadde gjort susen, var ikkje lett å seie. Men jammen skulle han vere snill med Sara i helga. Sjølv om ho hadde understreka at ho aldri vart forelska. Dei hadde noko bra. Som funka.

 


Fredag 21.09.18 ( -av Vinkel)

Gunnhild og Peter har gruppearbeid om franskoppgåve. Gunnhild prøver forgjeves å få i gang ein samtale face to face.

 

Peter tykte det var vanskeleg å vere han for tida. Det var så mykje drama på hybelhuset. Spesielt var han fortvila over greia med Gunnhild. Ubehaget var til å ta og føle på. Han berre lista seg rundt.
Men så var det i tillegg Sara og Torstein. Der var det snakk om eit meir høglydt drama. I går kveld kom Sara tidleg heim frå torsdagsfest i gule huset, rasande sint. Ho og Torstein stod i kvar sin ende av trappa og ropa til kvarandre. «Eg gir vel faen i om du ligg med ho der Marianne eller alle andre jenter på Sandane, men du kan be dei drite i å mase om det til meg når eg er på fest! Eg er ikkje eit føkkings sentralbord for jenter som har noko usnakka med deg!» Sara var raudglødande. Torstein brølte tilbake: «Det er ikkje min feil, slutt å skulde på meg!»
For eit bråk!
Peter gløtta forsiktig på døra si, men turte ikkje å seie noko. Ville ikkje risikere å hamne i skotlina. Best å vente litt. Etterkvart klarte han å kome seg på badet og pusse tennene utan å møte på verken Sara eller Gunnhild.
Han kraup under dyna og prøvde å tenke på korleis han skulle forholde seg til Gunnhild framover. Det beste var nok å vere heilt nøytral slik at ho skjønte for alvor at han ikkje var interessert. Ja, det var ein god plan. Kun snakke om lekser og alminnelege ting. Minst mogleg face to face.
Idet han holdt på å sovne, høyrde han skritt som gjekk i gangen. Ei dør som knirka. Var det Alex som sleit med å finne roen? Nei? Nokon gjekk inn på rommet til Sara. Sukk...
Peter skrudde på lampa og rota rundt i nattbordsskuffa etter øyrepluggar. Han burde snakke med onkelen sin om den dårlege lydisoleringa mellom romma. No trengde han øyrepluggane sine, elles måtte han høyre på Sara og Torstein bli venner igjen, og det orka han faktisk ikkje. Men ok. Då var vel det verste over for denne gong. Hvis no berre strategien med å vere nøytral og taus ovanfor Gunnhild funka, så var det vel lov å håpe på ro og fred igjen.