Notat - frå Gunnhild?

 

sit og skrolle på Insta
fine bilete
blide fjes
festivalar
folk på ferie
utland 
innland

eg er heime
sommarjobb
går på tur 
til fjells
badar i fjorden
legg ikkje ut bilete på Insta
snakkar heller med deg,
på kvelden
du høyrer
på meg

og når du ler,
av noko artig eg fortel eg har gjort i dag
når du seier det var leit,
om ei litt kjip oppleving eg har hatt i dag
og når du er einig (eller kanskje oppriktig ueinig) i noko eg har funne ut at eg meine

- DU  -

berre EIN person

det er så mykje meire verd, enn tusen likes på eit Insta-bilete