Ørna landa - av Vinkel

      

 

 

Ørna landa.
Armstrong sette foten på månen si overflate.
Ingen visste om det var fast grunn,
eller om han ville synke gjennom.
Spenninga...
Men så ljoma det lågmælt frå Stillhetens hav.
Eit stort skritt for menneskeheten!

Ørna har floge.
Månen forsvinn bakom skyene.
Eg saknar henne!
Med henne har eg gått dei lengste skritta eg har tatt
i heile mitt liv.
No synk eg.
Vil eg kjenne fast grunn under føtene igjen?

 

 


 
 
:) ;) :D :( :O :P :| :S