Nøtteskapet

Lovleg - Fanfics - Dikt - Andre tekster

Tina ( - av Alie)

 

David var på fest. Eller korona-samling som Torstein kalla det. Tina ville ikkje vere med, så ho var heime. Ikkje det at ho var redd for å få smitte, det var ingen ho kjende som hadde vore sjuk i denne merkelege tida, så akkurat det tok ho med stor ro. Nei, det var noko anna som plaga Tina etter at dei kom attende til Sandane. Etter tida med isolering og heimestudie. Ho hadde kanskje kjent på det tidlegare også, men då dei var heime kvar for seg ble det ekstra tydeleg. Einsemda. Ho kjente seg så einsam i sine eigne tankar. Ingen i klassen hennar hadde tatt kontakt med ho - utanom David, då, sjølvsagt. Det vi seie, ho hadde jo kontakt med dei fleste både når dei gjorde gruppearbeid på nett, eller hadde obilgatoriske Teams-samlinger. Og ho fekk jo svar når ho sendte meldingar, ho følte seg ikkje avvist på noko som helst måte. Men ho merkte at det alltid var ho som tok initiativet. Og dette hadde ho begynt å tenkje en del på og det plaga ho berre meir og meir.

No, når dei endeleg kunne samlast igjen, var det ingen som hadde spurt ho direkte om å komme på fest, for dei andre hadde det sikkert ingenting å seie om ho kom eller ikkje. David ville sjølvsagt ha ho med, men det blei liksom ikkje det samme. Ho følte seg rett og slett oversett. Tenk om Gunnhild, Sigrid eller kanskje Oda kunne spurt ho, eller helst masa på ho om å bli med på fest. Men det skjedde ikkje, så ho hadde altså berre bestemt seg for å vere heime, kanskje nokon ville spørre etter ho på festen?

Ho sendte fleire meldingar til David denne kvelden. "Er dikka mange der? Er det noko drama, eller anna bråk?" "Gunnhild er vel der... er Luna der også?" "Korleis er det med Gunnhild, er ho dritings?" "Kva med Sara og Torstein, kranglar dei noko?"  "Kven er du mest med?" "Er det nokon som spør etter meg?" Som vanleg sendte David berre korte svar tilbake, men han svara i det minste: "Joda, alt fint her". "Men skulle ønske at du var her".

Tina smilte litt, før dei tunge tankane tok over igjen. Åh, sukka ho, kvifor er eg er ein så kjedeleg person! Skulle ønske eg kunne vore litt meir spennande, som Luna for eksempel. Om ein såg gjennom billeta på Luna sin insta blei ein liksom berre meir nysgjerrig på ho. Tina hadde ikkje lagt ut noko på insta på lenge, ho bruka det mest for å følgje med på andre. Ho kunne sitte lenge å sjå på andre sine stories og billeter, kunne drøyme seg litt bort, tenke seg til korleis dei andre hadde det, korleis dei kjende seg, korleis ting hang saman .
Og det hende vel ho tok litt feil. Eit billete seier som kjent meir enn tusen ord, men med Tina sine tankar og tolkninger kunne det seie enno meire. Sjølv var ho tydelegvis uinteressant for alle andre. Ho plapra jo berre i veg om seg sjølv i tide og utide, så alle visste jo omtrent alt om Tina. Men ein ting visste dei ikkje, og ho ville vel ikkje dei skulle vite det heller. Ho kjente seg ofte åleine. Åleine, sjølv om ho satt midt i klassen. Åleine sjølv om ho rekna seg som venn med alle, men det berre verka så overfladisk. Å kor ho skulle ønske ho hadde ei ordentlig nær venninne. Eit ekte vennskap. Slik som Luna og Billie hadde. Og Gunnhild og Sara. Nokon å prate med, om alt og ingenting. Om slike ting ho ikkje ville bry David med. På starten av det første skuleåret på Firda hadde Tina gått all in for å være venn med dei fleste. Det hadde kanskje blitt i meste laget. Og ho øydela truleg mykje då alle skjøna at det var ho som hadde fortalt vidare historia om Gunnhild og my little horny... Ingen ville vel ha noko fortruleg prat med ho etter det . To år på Firda var snart omme, og Tina kjente på at ho hadde ho fått eit slags stempel i klassen: Venn med alle, men ingen si bestevenninne liksom. Og er ein venn med alle, så er det vel ingen som vil komme skikkeleg nære, for dei er kanskje redd ein skal seie ting til alle då.. sidan ein er venn med alle.


Tina merkte at ho ofte kunne bli litt for intens og innpåsliten. Ho kunne innimellom bli veldig lei av seg sjølv, av og til tenkte ho: "Hadde eg troffe nokon som meg sjøl, hadde eg aldri vorte venn med ho". Mens andre gonger kunne ho tenke heilt motsatt, at ho skulle ønske ho var to, at ho hadde ei heilt lik tvillingsøster for eksempel. Ei som kunne sitte å lytte, og forstå nestan uten at dei trong å sei så mykje.

Tina såg ikkje på seg sjøl som beskjeden akkurat. Ho kunne godt sjå folk i augo. Lenge. Ho tok ofte initiativ. Ganske skuleflink var ho og, men noko stor lidenskap eller en spesifikk interesse for noko, det mangla ho. Sånn sett var ho temmelg kjedeleg. Ho skulle ønske ho hadde ein lidenskap som kunne gjere ho litt meire interessant, noko andre kunne beundre. Som for eksempel diktinga til Gunnhild. Gunnhild hadde jo siste året blitt ein Firda-kjendis, etter å ha skrive og framført fleire av dikta sine. Og det virka som alle lika det. I oppveksten hadde Tina trøysta seg med gode tilbakemeldingar frå lærerane på forskjellige inneleveringer og oppgåver, ho vaks litt på slikt. Men når ho tenkte tilbake så kunne ho eigentleg ikkje hugse å ha fått noko kompliment direkte til seg sjølv om den ho var, liksom. Berre ros og gode ord for ting ho jobba med og utførte . Ho kunne sjeldan hugse å ha høyrt at ho var søt for eksempel, eller hadde fine øuge, eller fint hår eller noko slikt. Noko skjønnhet var ho absolutt ikkje, det hadde ho konkludert med for lenge sidan. Tenk om ho kunne bytte fjes på ein måte, endre måten å vere på. Då ville ho ha vore litt meir spennande slik som Luna, og perfekt som Sara og morsom som Gunnhild. Og direkte som Billie, eller akkurat det var ho kanskje? Tina sa jo ofte direkte det ho meinte til andre, ho ga ofte gode kompliement til vennene sine, for at hvertfall dei skulle vite at dei var fine folk. Og det gav som oftast god stemning og ho trudde dei likte ho bedre av den grunn også. Det dei andre ikkje ante var at Tina sultet etter fine kommentarer tilbake.

David var flink å gi ho kompliment, da, men ho kunne nesten ikkje tru på dei, for ho hadde vel sjølv hinta og spurt han mykje om slike ting, om kva han syns om henne, kva han likte med ho og sånt. Kanskje han ikkje eingang meinte det han sa? Kanskje det ikkje kom ifrå hjartet hans, han berre sa det fordi han trudde ho ville høyre det? Men Gud, så utruleg glad ho var i David. Gode, snille David som var blitt så godt kjent med ho på godt og vondt... Utan David så ville... Nei, det torde ho ikkje tenkje på... så redd ho var for at han skulle forlate ho. Ho følte berre at ho heile tida måtte vite kor ho hadde han....

Tina kom plutseleg på noko, kva var det Gunnhild hadde sagt på ei av dikt-opplesning... noko om å redde seg sjølv... jo : "Det er fint å like nokon, men dei kan ikkje redde deg, det må du gjere sjølv". Sånn var det kanskje....


~ Takk ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Spegelen" (11.04)

 

En lang riwatsj er med veis ende
Min kjærlighet vil jeg til dere sende
Plutselig er slutten her, ut av det blå
Se på alt det nydelig vi har klart å oppnå

I nesten ett år har vi fulgt nøye med
Vi har drømt oss bort til et helt annet sted
Karakterene er så utrolig komplekse
Som seere har vi latt oss magisk forhekse

Dette er en hyllest til alle dere
Som har gjort Lovleg-serien til noe mere
Små og store ord fra alle og enhver
Har til sammen gjort våre øyeblikk kjær

Med poesi og klang
Takker jeg for denne gang
Vi ses igjen siden
En vakker dag i framtiden

 


Fredag 05.04.19 (-av Vinkel)

Sara legg ut eit opptak av Alex som poserer i chaten Its a Trapp. Sorry, not sorry :)

 

Luna sat på rommet sitt og følte seg ganske sikker. Ho hadde endeleg bestemt seg for å seie det: «Sorry» til Ivar. Det var ikkje ofte ho tok det ordet i bruk, men ho hadde tenkt mykje på det siste tida. Ho ville snakke med Ivar og beklage oppførselen sin. Ho innsåg at ho hadde vore altfor kritisk og snakka nedsetjande både om dataspeling og andre ting som han gjorde. Det var ikkje det at dei ikkje var på talefot; ting gjekk greitt i kvardagen. Men likevel låg det noko under overflata, og Luna var klar over at det var ho som måtte seie det: Sorry.
Ho skulle jammen banke på døra hans med det same.
Luna visste at ho ikkje ville vurdert å seie unnskyld for noko som helst for nokre månader sidan, men ho hadde endra seg. Det var Gunnhild som hadde vist henne vegen. Å innrømme feil og vise seg sårbar var skummelt, men Luna kjente seg klar for det. Ho ville ikkje gøyme seg bak eit image av å vere kul og uavhengig lenger. Ho følte at ho ville bli meir... open. Gunnhild hadde opna henne.
Luna nærma seg døra til Ivar, men stoppa seg sjølv idet ho skulle til å banke på. Hadde Ivar besøk? Nei, det høyrdes ut som FaceTime. Hyggeleg småprating og latter. Ei jentestemme som sa noko om busstider og Ivar som svarte at han skulle stå klar med bilen når ho kom. Luna fekk ikkje med seg alt, men det var noko med «gleda meg til påsken» og «kan bli til laurdag hvis det er ok». «Klart det».
Luna gjekk tilbake til rommet sitt, la seg på senga og stirra opp i taket. Til og med Ivar, altså. Kva var det alle andre hadde skjønt som ikkje ho fekk til? Dette med å vere ilag med andre og få det til å funke. Enkelt og greit, liksom.
Luna undra seg.
Det måtte vel gå an for henne også å kome dit?
Men korleis?
Ho ville snakke med Ivar og seie sorry så snart ho såg han neste gong. Av ein eller anna grunn kjentes det som eit viktig skritt på vegen.

 


"Kven trur du at du er?" oppgåve norsk (- fra Gunnhilds notater)

«Kven trur du at du er?»  oppgåve norsk.

Ein kan komme med ei rekke begreip om ein skal definere seg sjølv slik denne oppgåva ber om. Ein kan seie noko om utsjånad, sosial status eller stjerneteikn. Ein kan leggje vekk på legning, kjønn eller kva heim ein har vokse opp i. Vi blir alltid bedt om å definere oss sjølve. Kven er eg eigentleg? I det siste har eg tenkt at eg aldri heilt får vite det. Ja eg kan henge delar av min personlegdom opp på knaggar på lik linje med alle andre. Og kvar av del vil vere riktig og kvar del vil fortelje noko, og ingen av delane vil eg skamme meg over. Men ingen vil klare å seie alt heller. Eg er ei rar, fargerik, pinleg, poetisk, skeiv jente frå bygda som seier feil til heile tida og av og til er valdsamt egoistisk og av og til er verdas snillaste. Eg får nokon til å smile og le og nokon til å gøyme hovudet i hendene og be meg vere stille. Eg brukte så lang tid på å tenke at eg burde vere stille og behagelig, vanleg, nokon alle kunne sjå på og tenke «der har du meg». Men no begynner eg sakte å forstå at alle treng ikkje heilt forstå meg og eg treng ikkje vere berre ein ting. Eg kan vere mange forskjellige ting på same tid og det som verkeleg gjer meg til meg, er det som skjer når eg møter andre folk. Eg har brukt så mykje tid på å tenke korleis eg er, og om det er bra eller dårleg. Men eg finnest jo ikkje i eit rom åleine med ein spegel.

Akkurat no ligg hovudet til min bestevenn og kvilar på skuldra mi.
Vi er på veg heim til påskeferie.
Ho siklar litt og.
Eg prøvar å sitte heilt i ro så ho kan sove.

Då eg møtte ho tenkte eg aldri at vi kom til å bli venner. Eg tenkte ho var ei populær jente som passa inn og brydde seg om klede og sminke og selfies. Og det var ikkje sånn at eg plutseleg fann ut at alt det var feil. At det var ei einaste stod misforståing. Nei det var faktisk riktig, men det var berre så mykje anna der også. Eit heilt univers eigentleg.
Når eg møtte ex-kjærasten min trudde eg at ho alltid visste kva ho ville og skulle og tenkte om alt mogleg. Og det var på ein måte sant og på ein måte ikkje. Eg skjønte at då ho virka sikrast, var da ho var mest usikker. Da ho beit tenna saman og insisterte på at verda skulle vere sånn som ho såg den var det fordi ho var redd. Og no som det er over, iallfall for no, tenker eg at eg har lært og vokst så mykje på grunn av ho. At det vonde ikkje sletta det gode men at eg lærte så mykje av å bli elska og at det var verdt det. For no er eg ein litt anna, og ho er litt anna medan vi fortsatt er oss sjølve. Sjølv om det gjer vondt gledar eg meg til å sjå ho etter ferien fordi eg kjenner eg faktisk ser ho no, og omvendt. Eg veit ikkje. Alle eg har møtt sidan eg flytta heimanfrå har vore akkurat den dei var ved første augekast og likevel så mykje meir. Og eg tenker at heile poenget med alt, om det skulle ha vore eit, var vel å skjønne at ingen heilt veit, og at ein skal vere raus med kvarandre, og ærlige og snille. At ein skal prøve å finne dei som er annleis enn seg sjølv, ikkje dei som er heilt like. Dei som er rare på sin måte. Alle er jo raringar. Eg veit ikkje kva som vil skje framover og kven eg vil ende opp med å vere. Nokre gonger ser eg for meg at eg har ledningar frå hjartet mitt ut mot mange andre hjarter som eg aldri ser. At det er som kraftliner som går over fjell og gjennom dalar. At dei ender ein stad der dei varmar nokon som eg kanskje aldri kjem til å møte. Eller slår på ljoset. Eller kanskje gir dei støyt så dei får vondt. Men at det i det minste er ei slags kopling der. Ikkje berre med dei eg er saman med kvar dag, men at lina går ut til stader eg aldri har vore. Kanskje er dei der for å dra meg i den retninga ein dag. At eg ein dag kjem til å få høyre historiene deira, kva dei tenker er riktig og galt, kva dei kjenner, kva som betyr noko for dei, kva som provoserer dei. Og eg veit ikkje kven eg heilt kjem til å ende opp med å vere om eit år, eller to eller ti. Men eg tenker at eg berre vil prøve å vere noko for nokon. At eg kanskje kan hjelpe nokon. Og at det er den viktigaste knaggen eg kan henge personlegdomen min på. At den eg mest av alt trur at eg er, er ein venn.

 


~ Nok er nok ~ (- av Ingrid)

Til klippet "Ustemt" (10.04)

 

Gunnhild har grublet og tenkt veldig lenge
I det siste har hun latt seg selv fortrenge
Nå er det stopp
Hun gjør et galopp
For tiden vil vise hva hun senere vil trenge

Luna hun snakker åpent og ærlig
Hun er håpefull, varm og utrolig kjærlig
Brått det snur
Hun var helt på bærtur
Til forsvar hun gikk, det var uunnværlig

Som sol og måne er de ganske ulike
Sammen ble lys og mørke likevel fargerike
Men nå er det nok
Ikke som man antok
Ukulelen viser at de alltid vil hverandre like

 


~ Ikke på samme sted ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Luft" (09.04)

 

Når blikk møter blikk
siger kjærlighetens panikk

Redd for å miste,
men også for å få
Så nærme men samtidig
så langt unna

Det skjærer i hjerte
Full av smerte

Det blir for mye
av alt,
og for lite
av luft

 


~ Det som betyr noe ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Ciao" (04.04)

 

Å flytte ut og hjemmefra
kan bli dårlig eller kjempebra
Man møter mange man ikke kjenner
og de kan bli til verdens beste venner

Når ord ikke strekker til
må man vise med handlinger hva man vil
Blottlegge de innerste følelser
kjenn på de varmeste lettelser

I motgang må man ikke gi opp opp
selv om livet ikke er på topp
Når som helst kan det snu
særlig om venner er valgt med omhu

Om man føler seg veldig alene
er det ekstra fint å gjenforene
Ingen er ferdig
fordi man er sine venner verdig

Til de nære må du huske og si
hvor enormt mye du er glad i de
For familie og venner må man ta vare på
livet står ikke stille, det er nå

 


~ Deler av hybelhuset ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Suprise" (03.04)

 

Alex han er en underlig kar
mange kan synes han er ganske rar
Hvor er han nå?
Må han virkelig gå?
Holdingen tilsier at han ikke er flytteklar

Torstein kan fremstå som nokså vill
i sin tale er han heller ikke særlig mild
Han tar med øl
vil ikke være døll
Men innerst inne er han veldig snill

En ydmyk Luna prøver å få kontakt
hennes stemme den høres så utrolig vagt
Er hun i tvil
gir et slags smil
Kan deres kjærlighet vokse i all sin prakt

Gunnhild er opptatt og fokuset snudd
har hun glemt av hennes kjærlighetsbrudd
Framtid ble til minner
nå står hun og skinner
Tiden er over for hennes vådeskudd

Oppmerksomme Sara legger merke til alt
hun kan se at det store slaget har falt
Bestevennen er tilbake
sammen er de make
«Redd Alex» og alt kan bli som normalt

 


~ Blesten ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Ein til overs" (26.03)

 

Gunnhild kom hjem til en solsikke
Heldig som hun var fikk hun kiwiøl å drikke
Gode samtaler med hennes venner
I tillegg fikk hun mange varme klemmer

Ivar han sa: Gunnhild du er tøff
Dessverre var solsikken en megastor bløff
Blind av kjærlighet tenkte du som folk flest
men å sovne av i senga ble til en stor blest

 


~ Ørna ~ (-av Ingrid)

Til klippet "Kamp" (24.03)

 

På kamp skal de dra, men nå er de sene
Tålmodig har de ventet helt til hun ble med
For ørna har flydd
Gunnhild så litt til brydd
For en lang uke det har vært helt alene

 


Skapa en gratis hemsida du också!
Cybersite.se skapar du hemsidan snabbt och enkelt med färdiga designmallar